Hopp til innhold

Rekordmange tekstar

Kvart år arrangerer Tid for ti og Framtida junior ein skrivekonkurranse. No er vinnarane kåra!

I år kunne elevane velje mellom to oppgåver – anten kunne dei skrive om sosiale media eller dei kunne skrive ein tekst om å reise tilbake i tid. Vi fekk inn rekordmange fine og spennande bidrag: Nesten 900 elevar har skrive tekstar og laga teikneseriar!

Klasse 8A ved Tynset ungdomsskole vann klassepremien på totusen kroner. «Det var gøy, overraskande og ikkje forventa», sa Elizabeth Røe når Framtida Junior intervjua ho og dei andre i klassen. Klassekamerat Lukas Ryen Solvang er kåra til ein av dei individuelle vinnarane. Teksten hans og dei andre vinnartekstane blir publiserte på Framtida Junior utover våren.

Dei andre vinnarane er:

Younis Abdel Monim Elsir Hussein, 8D ved Giske ungdomsskole
Oliver, 7. trinn ved Ogna skule
Maya Yousef, 7. trinn ved Hjelmeland skule
Eiril, 7. trinn ved Askvoll skule
Ole Syver, 7B ved Midtbygda og Harpefoss skule
Lise og Mia, 7. trinn ved Fiskå skule
Tom Christoffer, 6. trinn ved Tuddal Montessoriskule
Ronja, 7B ved Haga skole
Dariia, 6 trinn ved Lesja skule

I tillegg til at tekstane deira blir publiserte får vinnarane anten tilsendt ei bokpakke frå Stiftelsen LESE eller t-skjorte og abonnement på Framtida Junior.