Hopp til innhold

Oppstart Tid for ti

 

Då er antologien til Tid for ti 2026 på veg til ei postkasse nær deg. Alt av ressursar er lagt ut her på heimesida.

Årets aksjon blir lansert 21. januar kl. 11.00 på Vinjesenteret i Telemark! Ein samtale med forfattar Helene Guåker blir strøyma til alle påmelde klassar, medan elevar frå Rauland barne- og ungdomsskule er så heldige at dei kan stille spørsmål frå salen.

Vi har laga eit oppstartsopplegg til årets aksjon og vi vil gjennomføre eit kort lite lærarkurs 19. januar kl. 15. Meld dykk på ved å sende ein e-post til petra@stiftelsenlese.no.

Om skulebiblioteket eller klassa vil lage ei utstilling av bøkene: Skriv ut og bruk bokstripene under.

  • Undervisingsopplegg - Oppstart

    Trykk deg gjennom presentasjonen over! Dette er eit undervisingsopplegg frå Nynorsksenteret som kan introdusere klassen til Tid for ti. Bruk gjerne utdraget og opplegget knytt til Barnas verdshistorie i forkant eller etterkant.

    I undervisingsopplegget skal elevane førestille seg at dei reiser tilbake i tid, og velje ein historisk periode dei er nysgjerrige på. Dei skal blant anna undersøke korleis det kunne vere å vere barn eller ungdom i perioden. Elevane arbeider individuelt med å samle fakta og finne illustrasjonar, lydar og gjenstandar som kjenneteiknar epoken, og presenterer funna for resten av klassa.

    Målet er at oppstartsoppgåva skal vekkje nysgjerrigheit og motivere elevane for det vidare arbeidet med historiske tekstar og eiga skriving, gjerne knytt til skrivekonkurranseoppgåva om tidsreiser.

  • Bokstriper til utstilling

    Her kan de laste ned bokstriper som de kan bruke rundt dei ti utvalde bøkene  – i ei utstilling i klasserommet eller på skulebiblioteket.