Årets konkurranse er over.

Klassevinnar blei 8A ved Tynset skole.

Dei individuelle vinnarane var:

Younis Abdel Monim Elsir Hussein, 8D ved Giske ungdomsskole
Oliver Qvalbein, 7. trinn ved Ogna skule
Maya Yousef, 7. trinn ved Hjelmeland skule
Eiril Hansen, 7. trinn ved Askvoll skule
Ole Syver Haverstadløkken Moen, 7B ved Midtbygda og Harpefoss skule
Lise og Mia Strand, 7. trinn ved Fiskå skule
Tom Christoffer Groven Nykås, 6. trinn ved Tuddal Montessoriskule
Ronja Snørteland Morris, 7B ved Haga skole
Dariia Dombrovska, 6 trinn ved Lesja skule
Lukas Ryen Solvang, 8A ved Tynset skole

Vinnartekstane blir publiserte på Framtida Junior.

 

Konkurranseteksten såg slik ut:

Du kan skrive ein faktatekst, eit lesarinnlegg eller ei fantasihistorie – alle sjangrar er velkomne!

Du kan velja mellom to tema:

1. SOSIALE MEDIUM:

Skriv om f.eks.

  • Kva meiner du om sosiale medium? Korleis påverkar sosiale medium livet til barn?
  • Kva tenkjer du om forslaget om aldersgrense på 15 år for å bruka sosiale medium?

 

2. TIDSMASKINA:

Skriv ein tekst eller lag ein teikneserie om å reisa i tidsmaskin tilbake i tid.

  • Kva tid i historia ville du reist tilbake til?
  • Korleis trur du det hadde vore å leva på denne tida?
  • Kva tid i historia trur du det hadde vore best å vera barn?

 

Du kan la deg inspirera av tekstane i Tid for ti. I antologien finn du utdrag om begge tema, og mange ulike måtar å fortelja på.

FRIST

10. mars 2026

Last gjerne ned denne plakaten og heng opp i klasserommet eller på skulebiblioteket.

KRAV

  • Teksten må vera mellom 100 og 400 ord.
  • Teksten må vera på nynorsk for å bli med i trekkinga av premiar. (Om ikkje alt er rett, så går det fint. Me hjelper til med rettskrivinga på dei tekstane som blir publiserte.)
  • Skrivekonkurransen er open for alle mellom 7 og 13 år.


VINN FINE PREMIAR

Dei beste bidraga blir publiserte i Framtida Junior. Me plukkar òg ut fleire bidrag som får t-skjorte og papiravisa Framtida junior i posten eller bokpakke frå Stiftelsen LESE. Den beste klassen med flest gode tekstar og teikneseriar får 2000 kroner i premie.

INNSENDING

Send teksten kopiert inn i ein e-post til framtidajunior@gmail.com og petra@stiftelsenlese.no. Det går òg an for læraren å senda alle tekstar frå klassen samla.

Skriv «Skrivekonkurranse 2026» i emnefeltet. Hugs namnet ditt og kva slags skule du går på.

 

Framtida junior og Tid for ti samarbeider om konkurransen.