Praktisk informasjon

Tid for ti er ein nynorsk leselystaksjon for 7. og 8. trinn. Hjartet i aksjonen er ein fysisk antologi med ti utdrag frå ny nynorsk litteratur retta mot målgruppa. Aksjonen varar frå januar til juni kvart år.
Påmelding:
Påmelding opnar i august og stenger i november. Send ein e-post til petra@stiftelsenlese.no om du ønsker ei påminning. Antologiane blir sende ut i byrjinga av januar 2027.
Nettressursar:
Her på nettsida finn du alle tekstutdraga og lydfiler frå januar til og med juni, saman med undervisningsopplegg og andre ressursar. Klikk på den boka du er interessert i, så finn du alt du treng.
Til kvart undervisningsopplegg er det laga ein presentasjon som du kan bruke direkte i klasserommet. Eit eige oppstartsopplegg blei laga i 2026, og vi kjem til å lage eit tilsvarande i 2027.
Undervisningsopplegg og ressursar blir liggande også etter at aksjonen er over. Du kan få oversikt over alle dei elleve åra i arkivet.
Skrivekonkurranse:
Kvart år har vi ein skrivekonkurranse i samarbeid med Framtida junior. Fristen for å delta er i mars kvart år.
Plakat:
Aksjonen har ein eigen plakat som blir tilsendt saman med antologiane. Om de ønskjer fleire plakatar enn ein per skule, kan de kontakte prosjektleiar, eller laste ned og skrive ut sjølve.
Bokstriper:
Om de ønskjer å lage ei utstilling i klasserommet eller skulebiblioteket med dei ti utvalde bøkene, kan de bruke bokstripene våre til å pynte bøkene med. Her ser de eit eksempel på korleis dei blir sjåande ut:

Lærarseminar:
I starten av januar har vi ein digital kurstime for alle lærarar som er med på aksjonen. Vi gjennomgår undervisningsopplegg og svarar på spørsmål. Opptaket vil vere tilgjengeleg heile prosjektperioden.
Lansering:
I slutten av januar har vi ei lansering av Tid for ti, strøyma frå Vinjesenteret i Telemark. Strøyminga er berre tilgjengeleg i ei veke.
Spørsmål:
Ta kontakt med petra@stiftelsenlese.no viss du lurar på noko.
Tid for ti er støtta økonomisk av Utdanningsdirektoratet og Det Norske Samlaget. Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, Nynorsk kultursentrum og Framtida Junior er faste samarbeidspartnarar.