Praktisk informasjon

Påmelding:
Har du ikkje meldt deg på Tid for ti 2026? Då må du vente til neste skuleår og Tid for ti 2027. Påmeldinga startar i slutten av august. Antologiane blir sende ut i byrjinga av januar.
Nettressursar:
Her på nettsida finn du alle tekstutdraga, lydfiler og undervisningsopplegg frå januar til og med juni 2026. Til kvart undervisningsopplegg er det laga ein powerpoint som vil vere tilgjengeleg via Canva. I tillegg finn du undervisningsopplegg til tidlegare aksjonar i arkivet. Eit eige oppstartsopplegg har vi også laga.
Skrivekonkurranse:
Kvart år har vi ein skrivekonkurranse i samarbeid med Framtida junior. Informasjon om skrivekonkurransen finn du her. Vi håper at så mange som mogleg nyttar sjansen til å skrive nynorsk og delta i konkurransen.
Plakat:
Aksjonen har ein eigen plakat som blir tilsendt saman med antologiane. Om de ønskjer fleire plakatar enn ein per skule, kan de kontakte prosjektleiar.
Bokstriper:
Om de ønskjer å lage ei utstilling i klasserommet eller skulebiblioteket med dei ti utvalde bøkene, kan de bruke desse bokstripene til å pynte bøkene med. Her ser de eit eksempel på korleis dei blir sjåande ut:

Lærarseminar:
19. januar kl 15 tilbyr vi ein digital kurstime til alle lærarar som er med på aksjonen. Vi vil gjennomgå undervisningsopplegg og svare på spørsmål. Lenke kjem på e-post til alle påmelde første veka i januar.
Lansering:
21. januar kl 11 kjem vi til å strøyme lanseringa av Tid for ti 2026 frå Vinjesenteret i Telemark. Forfattar Helene Guåker vil lese sitt utdrag og snakka litt med oss om boka si. Strøyminga vil vare ein halv time og vil vere tilgjengeleg i ei veke, slik at lærarane kan velje om dei vil vere med direkte eller nytte opptaket i klassen.
Spørsmål:
Ta kontakt med petra@stiftelsenlese.no viss du lurar på noko.
Tid for ti 2026 har fått støtte av Utdanningsdirektoratet, Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa og Det Norske Samlaget.