Oppstart Tid for ti

Då er det tomt for fysiske antologiar til Tid for ti 2026. Men alt klassen din treng for å delta er tilgjengeleg her på tidforti.no. Berre gi beskjed om de vil delta digitalt!
Årets aksjon blei lansert 21. januar på Vinjesenteret i Telemark! Ein samtale med forfattar Helene Guåker blei strøyma til alle påmelde klassar, medan elevar frå Rauland barne- og ungdomsskule var så heldige at dei kunne stille spørsmål frå salen.
Vi har laga eit oppstartsopplegg til årets aksjon og har gjennomført eit kort lite lærarkurs 19. januar. Opptaket er tilgjengeleg fram til sommaren.
Om skulebiblioteket eller klassen vil lage ei utstilling av bøkene: Skriv ut og bruk bokstripene under.
-
Undervisingsopplegg - Oppstart
Trykk deg gjennom presentasjonen over! Dette er eit undervisingsopplegg frå Nynorsksenteret som kan introdusere klassen til Tid for ti. Bruk gjerne utdraget og opplegget knytt til Barnas verdshistorie i forkant eller etterkant.
I undervisingsopplegget skal elevane førestille seg at dei reiser tilbake i tid, og velje ein historisk periode dei er nysgjerrige på. Dei skal blant anna undersøke korleis det kunne vere å vere barn eller ungdom i perioden. Elevane arbeider individuelt med å samle fakta og finne illustrasjonar, lydar og gjenstandar som kjenneteiknar epoken, og presenterer funna for resten av klassa.
Målet er at oppstartsoppgåva skal vekkje nysgjerrigheit og motivere elevane for det vidare arbeidet med historiske tekstar og eiga skriving, gjerne knytt til skrivekonkurranseoppgåva om tidsreiser.
-
Bokstriper til utstilling

Her kan de laste ned bokstriper som de kan bruke rundt dei ti utvalde bøkene – i ei utstilling i klasserommet eller på skulebiblioteket.
