Rafarta
Handlinga i denne romanen går føre seg rundt år 870. Rafarta er ei irsk tenåringsjente som har blitt tatt til fange av eit norsk vikingskip. Vikingane har tatt ho med til Noreg for å selje ho som træl, men ho har klart å rømme skipet. Ho gøymer seg i ei hole i skogen og stel mat frå gardane rundt. Då ho blir oppdaga av hunden Ulv og guten Tor, er ho redd ho må tilbake til skipet, men guten røper ikkje at dei har funne ho. Rafarta held fram med å gøyme seg i hola.
-
Utdrag
4. kapittel
Det lette vestlege vinddraget ber med seg røyster. Djupe mannsrøyster. Ho fer opp.
Har guten likevel røpa henne?
I eit sprang er ho ute av hola og på veg opp mot toppen av åsen.
Røystene kjem nærare, og snart ser ho tre menn komma gåande på stien nede ved vatnet.
Ho legg seg flat i lyngen. Det er gamle kjenningar frå skipet til Bjørn Raudskjegg.
– Dette er nyttelaust, stønnar ein svær busse av ein mann som heiter Njål. Han pustar tungt. – Me går attende til skipet. Dei to andre samtykkjer.
Rafarta må draga på fliren. Dette er mannfolk med svære musklar i armar og bein. Dei er roarar og sverdsvingarar som ikkje er skapte for å ferdast i skog og mark der musklane vert ei tung bør å drassa på.
– Bjørn vert ikkje glad over å sjå oss komma tomhendte tilbake, mumlar den yngste av mennene.
– Det kan du ha rett i, svarar Njål. Men har du nokon gong sett den mannen glad?
Dei ler høgt og støyande av kommentaren.
– Kva skal han eigentleg med den jentungen? spør ein mørklugga mann dei kallar Hubal, og som alltid har med seg eit teppe som han kneler på kvar gong han skal be til guden sin.
– Tja, svarar Njål. – Ho er ei vakker jente, og han har berre to koner frå før – så kven veit …
Hubal ler rått.
Rafarta får frysningar nedover ryggen.
Tilbake i hola skjer ho opp skinke og har på den siste havreleivninga. Tankane kryssar havet til Irland.
Ho ser for seg faren. Folk kallar han for Patrick-stonga, det visste ho, og grunnen til det er at han ragar eit hovud høgare enn dei fleste menn, og så er han tynn som ei skipsmast.
Ho kjende han eigentleg ikkje så godt. Ofte var han borte i fleire veker medan han utførte oldermannsplikta si, som han sa.
Mora styrde garden heime med god hjelp av trælar og huskarar, og ho såg helst at dottera sat ved handteinen og snurra trådar rundt handteinsnella.
Men Rafarta ville heller vera nede i skipsnaustet hos bestefar Austmann. Der såg ho skip veksa fram, frå legging av kjøl og kjølsvin, til skjering av hud og spant. Og der fekk ho sjølv prøva seg med øksa.
– Du har eit handlag mannfolk flest kan misunna deg for, sa bestefar Austmann, ein gong ho stod og finhogg på øvre del av ein skipsstamn, etter mønster som han hadde streka opp for henne.
Det var ein stolt augneblink å tenkja tilbake på.
Medan ho svelgjer ned den siste biten av havreleivninga, smiler ho for seg sjølv, trass i den vanskelege situasjonen ho er i.
Rafarta har ikkje ro i seg til å sitja lenge stille i hola. Ho må ut i terrenget, alltid med øksa i handa. Gå på måfå. Utforska staden. Ho går opp åskammen, ned skråninga til vatnet og følgjer dyrefaret inn i eit nytt skogholt.
Brått får ho auga på eit lite hus, ikkje stort større enn ei gamme, som ligg klistra opp til ein bergnabb. Grøn mose veks oppover veggane og blandar seg med fargen av brun alge som tyt ut av lange sprekker i tømmeret.
Rafarta skjuler seg bak ei stor trestamme. Bur det nokon her, tru? Best å vera forsiktig. Men stod det tomt, slo den tanken henne at då kunne ho henta det vesle ho hadde i ulvehola og flytta inn hit.
Ikkje teikn til folk. Ho går nærare huset. Eit treslag held døra på plass.
Ho smyg seg bort til eine husveggen og legg øyret heilt inntil. Alt ho høyrer av lydar, kjem frå fuglar ute i skogen.
Ho vippar opp slaget og går inn i huset. Medan augo vender seg til det dunkle lyset, snappar ho etter pusten og må halda tilbake eit skrik.
På eine veggen er det nagla opp eit innskrumpa menneskehovud, og i ein tråd festa til den avskorne halsen heng det ei utstoppa flaggermus med vengjene i flygestilling.
Midt på golvet står ein stol med halvsirkelforma rygg og utskorne armar som endar i drakehovud.
Ein svær jernkrok, nokre lange tiurfjører og ein beltestein ligg utover eit lågt bord, der det også står to leirkrukker.
Rafarta legg merke til den stramme eimen i rommet, som ei blandingslukt av gjæra mjød og mjølk, like før ho har vorten skikkeleg sur. Blåmjølk, kallar dei det heime i Dublin.
Ho står og stirar på ein stor, svart edderkopp som firer seg ned frå taket i eigenspunnen trå, og legg med det same ikkje merke til ein skugge som kjem lydlaust glidane fram i sola utanføre huset, før han veks seg innover dørstokken. Rafarta grip hardare rundt øksa, medan hjarta slår med hammarslag i brystet.
Ei isvartkledd, sterkt sminka kvinne kjem fram i døropninga.
– Berre åta luktar sterkt nok, fell til og med reven i dyregrava, skrattar ho.
Kvinna går heilt bort til Rafarta og stripar henne lett nedover kinnet med lange fingernegler.
– Så slik ser rømlingen ut. Vakker jente, spør du meg. Ho ler høgt, ja vrinskar mest som ein hest. – To kvalrosstenner, det er alt for lite. Eg veit kva eg vil ha, og Bjørn Raudskjegg vil gi meg det eg forlangar. Ver du sikker!
Eg må komma meg forbi henne og ut døra, tenkjer Rafarta, men armane er kraftlause og heng ned som to rotne stokkar. Dama må ha lese tankane hennar, for ho spør roleg om ho har lagt merke til hovudet på veggen.
Rafarta nikkar.
– Den jenta prøvde å rømma frå meg, men du ser korleis flukta enda for henne …
Ho gjer nokre skjererørsler mot eigen hals.
– Ser du forresten den bjørnefellen som ligg i kroken der borte på golvet?
Dama peikar, og Rafarta ser ein brun fell som ligg i ein bylt, saman med nokre mindre skinn.
– Fellen vil passa på deg medan eg tek meg ein tur om bord i skipet til Bjørn Raudskjegg, for dei ligg enno ute ved Eldøyane, ser du, endå det er godt seglevêr.
Den dama må vera splitter pine gal, tenkjer Rafarta. Meiner ho verkeleg at bjørnefellen skal halda vakt over henne …
– Sjå meg inn i augo, seier dama, og ho gjer som ho får beskjed om. – Flink jente! No kan du sjå attende på bjørnefellen.
Rafarta stirar skrekkslagen bort på fellen, som reiser seg opp på to, brølar og kjem vaggande mot henne.
– Farvel, så lenge, seier dama og går ut døra. Bjørnen stiller seg opp i døropninga.
Tida … Ho er ikkje lenger i stand til å tenkja tid. Det er som om tida har stoppa opp eller forsvunne inn i dei gule augo til bjørnen.
Då høyrer ho bjeffing utanfor huset. Kan det vera Ulv og Tor som kjem? Ho høyrer at Tor ropar på Ulva, og ho vaknar på ein måte opp av transe.
– Pass deg for bjørnen, ropar ho åtvarande.
Men straks står Tor i døropninga, og ho ser frå han og bort på bjørnefellen som ligg bylta saman med dei andre skinna borte i det eine hjørnet av rommet.
Ulv kjem hoppande inn og er yr av gjensynsglede. Ho bøyer seg ned og klør han under øyret.
– Bjørnen, seier ho. – Bjørnen som den svartkledde dama kommanderte til å stå og halda vakt i døropninga … Eg er heilt forvirra!
Tor går og set seg i stolen. – Det var nok ingen bjørn. Berre ein bjørnefell som Torbjørg arva etter broren, som var ein berserk.
– Heiter den svartkledde dama Torbjørg?
– Ja.
– Kven er ho, eigentleg?
– Torbjørg er spådame og trollkjerring. Det er dei som trur at ho har magiske krefter og at ho kan kasta gand på folk eller på husdyr.
– Kasta gand på? Kva tyder det?
– At ho kan føra ulukke over dei som ikkje føyer seg etter henne.
– Trur du at ho er i stand til det? spør Rafarta, enno skjelven etter det ho nyss har opplevd.
Tor svarar at ei trollkjerring som kan få folk til å sjå syner, må ha noko magisk ved seg. Far hans trur ikkje at ho kan kasta trolldom på folk, men om ho så kunne og kasta ulukke over nokon i slekta, så ville han senda ein træl av garde for å gjera det av med henne. Det hadde han fortalt Torbjørg, og ho visste at han ikkje fór med tomme truslar.
Dei går ut av huset. Tor tek fram ein beltestein. – Me lagar bål av stova hennar, seier han.
– Hæ? Fyr på huset? Men kvifor? spør Rafarta, forskrekka.
– Hemn, svarar Tor.
– Hemn for kva? undrast Rafarta.
Tor høgg kvistar av nokre greiner og legg dei på golvet, like innanfor døra, medan Rafarta held tilbake Ulv, som gjerne vil vera med på pinnesankinga.
– Kvar trur du ho hadde tenkt seg då ho forlét huset? seier han.
– Ut i skipet til Bjørn Raudskjegg, svarar ho.
Han får fyr på kvistane.
– Nettopp. Og ho kjem til å gjera seg fin i målet når ho fortel han at ho kan oppfylla det gjævaste ønske hans, om dei berre kan bli samde om den rette prisen.
Han blæs på flisene så det flammar gult opp over eine veggen, og han må veifta røyken bort frå ansiktet.
– Difor set me fyr på heile ruklet.
Tor ber henne hogga til eit par greiner, som dei skal bruka til å sløkkja gneistar som kjem på avvegar.
Dei hoppar og dansar medan dei daskar med kvar si grein.
– Eit bål til ære for Ulva, ropar Tor, og er mest i ekstase.
Og slik held dei på, til alt som er att av den skrøpelege stova, er ein glødande oskedunge.
5. kapittel
Det mørknar i skogen. Ho breier over seg saueskinnet og seier fram ei bøn til Jomfru Maria om å få tilgjeving fordi ho var med på å brenna ned huset til denne trollkvinna. Og så kviskrar ho fram ei ny bøn for alle dei andre syndene ho må ha pådrege seg i løpet av dagen, men som ho i farten ikkje kan komma på, før ho legg hovudet ned på den store fellen og sovnar.
Ho vaknar brått av steg ute i natta og av ei mumlande kvinnerøyst. Orda er ikkje til å få tak i.
Ei skuggerørsle vert framkalla av ein stigande måne som kastar eit bleikt lys inn mellom trestammene.
Det er henne. Ho ser det no. Torbjørg vert ståande med eine foten på stamma til eit rotvelta tre medan ho hevar ein knyttneve mot himmelen. I andre handa ber ho ein lang kniv med eit skarpt knivblad som blenkjer i månelyset.
Rafarta akar seg så langt inn i hola som det er mogleg å komma, medan hjarta hamrar så hardt i brystet at ho er redd for at den trollkunnige kvinna skal høyra det.
Torbjørg kjem nærare berghelleren. Ho lèt to fingrar gli lett over knivbladet medan ho ropar:
– Odin, om du lèt meg slå kloa i jenta, så skal eg dikta ei dråpa til deg, for så å ofra jenta på bålet, alt til di ære.
Ho snur ryggen til hola, og står så nære at Rafarta kunne ha retta ut ei hand og teke bort på føtene hennar.
Så, med eitt, begynner ho å gå.
Stega fjernar seg til lyden av dei vert oppslukt av nattestilla.
Ordforklåringar
Naust. Eit enkelt hus for oppbevaring av båtar, fiskereiskap og anna utstyr for bruk på sjøen. Naustet skrår ofte ned mot sjøen/vatnet, og har i regelen nokre meters avstand ned til flomålet. I vikingtida vart skipa bygd i langnaust, på same måte som skipa vert til i denne boka.
Handtein. Handteinen kan me kalla oldemora til spinnerokken. Den består av ein kort pinne av tre (ein tein) og eit lite spinnehjul midt på, eller i enden av teinen. Handteinen heng i fibertrådane og vert sett i rotasjon med fingrane, slik at fibrane vert spunne til garn. Dette er den eldste reiskapen for å spinna tråd som me kjenner til, men handteinen vert nytta den dag i dag, både av husflidsentusiastar her til lands, og som ein «fattigmannsrokk» kringom i verda.
Kjøl/kjølsvin. Kjølen går utanbords, og er den delen av båten som stikk djupast ned i sjøen. Truleg var det irske skipsbyggjarar som fann på å gjera kjølen større, slik at skipet låg meir stabilt i sjøen, noko som igjen gjorde at dei kunne gå med større seglføring og få større fart på båten. Dette var ikkje minst viktig for dei krigførande skipa.
Bestefar til vår Rafarta, Austmann, var ein vidkjend skipsbyggjar, som er henta ut av den verkelege historia. Han var av nordisk opphav, men det er usikkert om han ætta frå Noreg eller Sverige.
Kjølsvinet er, i ein trebåt, innanbordskjølen som heng saman med hud og spant.Beltestein. Beltesteinen, ein oval stein, oftast av harde bergartar som kvarts eller flint, er stamfaren til lighteren. Namnet kjem av at steinen vert boren i beltet. Dette var, frå eldre jarnalder og fram til og med vikingtida, det ein hadde å hjelpa seg med som fyrtøy. I jarnalderen vart i regelen to kvartssteinar gnidd mot kvarandre til gneistar tende på tørt gras eller tynt trevyrkje (spon). I vikingtida vart det helst nytta flintstein i kombinasjon med herda jarn (stål).
Å ganda. Av norrønt gandr. Å ganda tyder i dag å kasta vonde krefter over nokon, og har gått inn i ein samisk tradisjon. Eigentleg er ordet eit lån frå norrønt, der det kunne ha ulike funksjonar, som til dømes å vera ei sjel eller ei ånd som kunne sendast ut for å nedkjempa fiendeånder.
Gandr tyder eigentleg stav, og det norrøne ordet, Gandreid, tyder hekseritt gjennom lufta, og som me veit, i folketrua er hekser ekspertar på å ri på akkurat stavar.Dråpa. Dråpa er eit skaldekvad, og det er rekna for å vera det mest kompliserte og krevjande av alle versemål, med strenge krav til tal på stavingar, indre rim og med stev som omkved.
-
Lydfil
-
Til læraren
Rafarta er ein spanande roman som gjev elevane innblikk i vikingtid, samfunnsstrukturar, tru og konfliktar. Utdraget gjev elevane gode høve til å arbeide med lesestrategiar, personskildringar, kjønnsroller og livssyn. Teksten eignar seg særleg godt dersom klassen arbeider med vikingtid i samfunnsfag eller med norrøn mytologi og tidleg kristendom i KRLE.
Romanen inneheld mange ord og uttrykk som elevane ikkje nødvendigvis kjenner til. Nokre av elevane kan miste motivasjonen om dei møter mange framande ord utan støtte. Det er difor viktig at du som lærer tek deg god tid til førlesingsaktivitetane og vekkjer forkunnskapane til elevane. Elevane treng å lære lesestrategiar, som å streke under vanskelege ord, skrive nøkkelord og lage eigne spørsmål til teksten. Slike strategiar gjer teksten meir tilgjengeleg for elevane.
Undervisningsopplegget er laga av Nynorsksenteret.
-
Undervisingsopplegg
Før lesing
– Sjå på bokomslaget og tittelen. Kva trur du boka handlar om?
– Kva assosiasjonar får du til vikingar og vikingtid?
– Finn ut meir om vikingane og kva som skjer i Noreg frå omkring 870 til 1030.
– Kven er Rafarta? Kva for utfordringar trur du ho møter?
– På omslaget står det «ROMAN». Kva kjenneteiknar denne sjangeren?
– I utdraget møter du fleire ord frå ei anna tid. Under finn du ei liste med nokre av desse. Søk opp dei du er usikker på, og skriv ei forklaring.ein træl
ein huskar
gamme
havreleivning
å rage
oldermannsplikt
ein handtein
ei dråpe
å gå på måfå
ein berserk
ein beltestein– Lag ei setning der du bruker eit eller fleire ord.
– Kvifor trur du forfattaren bruker slike ord?
– Kva seier det om tida og miljøet i boka?Undervegs i lesinga
– Lytt til læraren medan hen les utdraget høgt. Marker ord du ikkje forstår.
– Les teksten sjølv. Skriv ned spørsmål som dukkar opp. Bruk spørjeorda kven, kva, kvar, korleis.
– Noter ned nøkkelord frå handlinga.Etter lesing
– Gå gjennom orda du streka under. Finn betydninga av orda, og skriv ned korleis dei blir brukte i teksten.
– Lag ei oversikt over personane du møter i utdraget. Skriv om kven dei er, korleis dei blir skildra, og kva rolle dei har i livet til Rafarta. Teikn ei enkel skisse av kvar person slik du ser dei for deg.
– Kva får du vite om kjønnsroller i vikingtida? Kva gjorde kvinner? Kva gjorde menn? Korleis bryt Rafarta med nokre av desse forventningane?
– Øksa betyr mykje for Rafarta. Kvifor?
– Kva får du vite om Rafarta gjennom tilbakeblikka?
– Forklar ordtaket: «Berre åta luktar sterkt nok, fell til og med reven i dyregrava». Korleis passar ordtaket inn i handlinga?
– I utdraget møter du tre ulike livssyn: Habal som alltid kneler på teppet når han ber, trollkjerringa Torbjørg som kallar på guden Odin, og Rafarta som ber til Jomfru Maria. Kva for livssyn kjem til uttrykk?
– Dråpe er ei form norrøn dikting. Finn ut meir om denne typen dikt.
– Lag ei liste med dei viktigaste hendingane frå utdraget.Kreativ gruppeoppgåve
Teikn livet til Rafarta.
Gå saman to og to og lag ein teikn-livet-mitt video, det som på YouTube blir kalla for draw-my-life. Ta utgangspunkt i utdraget frå Rafarta.
Dokker vel sjølve om dokker vil fortelje i første- eller tredjeperson.
Framgangsmåte:
– Start med å planleggje kva dokker vil ha med.
– Tenk over korleis dokker vil vise kjenslene til Rafarta.
– Lag ei dreiebok med 6–8 ruter før dokker byrjar å teikne.
– Bruk A3-ark eller ei tavle til enkle strekteikningar.
– Set mobilen på eit stativ eller noko stødig. Kameraet skal stå i ro og peike på arket eller tavla.
– Gjer opptak og forsøk å teikne heile historia i eitt opptak. Ikkje snakk medan dokker teiknar.
– Når teikninga er ferdig, skrur dokker opp tempoet på videoen.
– Legg på lyd som set stemninga, og forklar kort kva som skjer.Vis videoen for klassen.
Kreativ skriveoppgåve
Ta utgangspunkt i utdraget og skriv det om til ei forteljing som kunne ha skjedd i dag. Tor er ungdom i dagens Noreg, Rafarta er ny i klassen … Teksten skal vere på om lag 500 ord.
-
Bonus
-
Boktips