Hopp til innhold

Kode 6

Kode 6

Kasper bur i det vesle fiskeværet Vågen der alle kjenner alle. Han er den einaste i sjuandeklasse som ikkje har ein besteven. Denne hausten håpar Kasper at han også skal få nokon å henge med, for Stian har nett flytta inn i Blåhuset. Men det er noko mystisk med den nye guten. Han har hemmeleg nummer, pratar lite, og på bagen hans står det Bastian Jensen. Kasper kan ikkje gi opp av den grunn. Han viser Stian rundt på heimstaden, tar han med heim på besøk, og no har han invitert seg sjølv til Blåhuset.

 

  • Til læraren

    Spenningsforteljingar ber ofte element av mysterium i seg. Lesaren får små hint, men ikkje nok til å avsløre kva som har skjedd. Situasjonar og hendingar som er løyndomsfulle, kan vere ein rik grobotn for fantasi og sjølvskapte teoriar. Gjennom å arbeide med undervisingsopplegget til spenningsromanen Kode 6 får elevane innsyn i eit lite mysterium som dei får utforske og utvikle eigne teoriar kring. Undervisingsopplegget tek sikte på å gjere elevane nysgjerrige på historia som blir fortald, samstundes som dei får øve seg på å bruke litterære grep for å skrive eigne spenningsforteljingar.

    For at opplegget skal vere enkelt for deg å ta i bruk i klasserommet, har vi samla alle oppgåvene i ein presentasjon som du kan ha på lystavla framme i klasserommet. Oppgåvene kan du redigere og tilpasse etter behov.

  • Undervisningsopplegg

    Presentasjon Kode-6 (pdf)

    Før lesing:

    Vi føregrip kva boka handlar om
    Før vi les ei bok, kan det vere lurt å samtale litt om framsida til boka. Det kan også vere lurt å lese baksida av boka eller eit samandrag av handlinga. Når vi gjer dette, koplar vi oss på teksten. Vi gjer oss nokre tankar om kva vi skal lese om. Då kan det bli både enklare og kjekkare å lese forteljinga og forstå det vi les.

    Sjå på framsida

    – Kva type forteljing trur de dette er?
    – Kva trur de denne boka handlar om?
    – Kvar i Noreg trur de handlinga skjer?
    – Kven trur de er hovudpersonen i boka?
    – Kvifor trur de personen er pikselert?
    – Kven trur de personen med finlandshette er?

    Sjå på tittelen

    – Tittelen er Kode 6 – Ingen må vite kven du er.
    – Kva trur de «Kode 6» står for?
    – Bruk Internett og finn ut kva «Kode 6» betyr.
    – Kva trur de boka handlar om no?

    Samandrag av handlinga så langt

    Kasper bur i det vesle fiskeværet Vågen der alle kjenner alle. Han er den einaste i sjuandeklasse som ikkje har ein besteven. Denne hausten håpar Kaspar at han også skal få nokon å henge med, for Stian har nett flytta inn i Blåhuset.

    Men det er noko mystisk med den nye guten. Han har hemmeleg nummer, pratar lite, og på bagen hans står det Bastian Jensen. Kasper kan ikkje gi opp av den grunn. Han viser Stian rundt på heimstaden, tar han med heim på besøk, og no har han invitert seg sjølv til Blåhuset.

    Under lesing

    Les utdraget høgt i klassa.

    Kva har eit nøkkelhol, ei dørklinke og ein GPS med det som skjer i romanutdraget å gjere?

    Etter lesing:

    1) Korleis heng dei tre gjenstandane saman med hendingane i romanutdraget? Set dykk saman i små grupper og snakk saman om kva slags situasjon dei ulike gjenstandane viser til i romanen.

    2) Kva trur de Stian og mora skjuler? Kvifor trur de dette?

    3) Kva slags rolle speler Henriksen i saka, trur de?

  • Aktivitetar

    Skrive fram spenning

    Forteljinga er ei spenningsforteljing.

    I ei spenningsforteljing skaper forfattaren spenning på mange måtar. Ein av desse måtane er å skildre omgivnader, lydar, lukter og folk slik at kjensla av spenning aukar for oss som les.

    Skildre omgivnader

    I ei spenningsforteljing vil forfattaren ofte skape spenning gjennom korleis han skildrar omgivnader med alle sansar. Dei vi ser, luktar, høyrer og kjenner, kan skape spenning.

    – Korleis er Blåhuset skildra?
    – Svar på oppgåvene på arbeidsarket.
    – Kan du karakterisere huset med eitt ord?

    Fyll ut arbeidsark «Blåhuset»

    Skildre personar

    I ei spenningsforteljing vil forfattaren også skape spenning gjennom korleis han skildrar personar.

    – Korleis ser dei ut? Korleis går dei? Korleis snakkar dei?
    – Korleis er mor til Stian skildra?
    – Kan du karakterisere mor til Stian med eitt ord?

    Fyll ut arbeidsarket «Mor til Stian»

    Vis, ikkje fortel

    I teksten finn vi mange døme på at forfattaren viser, meir enn han fortel, kva som skjer. Teksten blir som ein film, vi kan leve oss inn i kva karakterane i boka ser, luktar, høyrer og kjenner. I ei spenningsforteljing kan dette auke spenninga. Når ein skal få elevar til å skrive tekstar med denne forteljeteknikken, seier ein ofte «vis, ikkje fortel».

    Finn de døme i teksten på at forfattaren gjer dette?

    Vi har leita fram nokre situasjonar i teksten der forfattaren brukar denne forteljeteknikken. Korleis viser teksten desse situasjonane?

    Fyll ut arbeidsarket «Vis, ikkje fortel»

    Kva skjer vidare?

    Du skal no tenkje ut kva som kan skje vidare i forteljinga. Du skal tenkje ut kva for nokre grep du må ta for å gjere forteljinga spennande vidare. Vi har laga nokre arbeidsark som kan hjelpe deg med korleis du kan gjere forteljinga spennande.

    Fyll ut arbeidsarka «Skape spenning» og «Kva sansar hovudpersonen som akuar kjensla av angst?»

    Skriv vidare på forteljinga

    Bruk dei utfylte arbeidsarka som hjelp til å skrive vidare på forteljinga. Les forteljingane høgt for kvarandre i klasserommet.

  • Bonus

  • Boktips