Hopp til innhold

Eg er V-vida

Eg er V-vida - Tone E. Solheim

Vida stammar. Det verste er at V, den første bokstaven i hennar eige namn, er den tyngste bokstaven å seie. Besteveninna Siri har nett flytta til Bergen, og Vida kjenner seg ikkje trygg på skulen utan ho. Den einaste ho stolar på, er Eirik, læraren deira. Første dag i niande byrjar Viktor i klassen. Han haltar og kan ikkje strekke ut den eine armen heilt, men han bryr seg ikkje om at folk stirer. Kanskje ho kan lære noko av han?

 

  • Til læraren

    Utdraget frå Eg er V-vida av Tone E. Solheim opnar for å sette seg i ein annan sin situasjon. Forteljinga om Vida rommar fleire viktige innsikter som me trur elevane kan sjå. Vida, som stammar, er nærast stemmelaus i den scena som utspelar seg, men det betyr ikkje at ho manglar ord. Kontrasten mellom dei fine skildringane frå førstepersonsforteljaren og dei mislukka forsøka på å ytre seg illustrerer ein situasjon som mange kan kjenne seg att i. Alle har ei erfaring med å mangle språk i situasjonar der ein har mykje ein skulle sagt, anten det er i møte med ein vaksendiskurs, eit framandspråk, som minoritetsspråkleg eller som følgje av talevanskar.

    Statped at utarbeidd ein undervisingsfilm om stamming som du anten kan vise til elevane eller nytte som førebuing for din eigen del. Det kan uansett vere greitt å vere budd på spørsmål om stamming: Er det arveleg, er det ein psykisk sjukdom, er stamming noko som skjer fysisk med kroppen? Kan nokon få stamming som følgje av mobbing?

    I utdraget finn me og nokre passive tilskodarar til mobbing. Denne rolla kan ein godt gjere elevane merksame på. Miriam kjem til å spele ei meir sentral rolle seinare i romanen. Kva tenkjer elevane om den passive reaksjonen hennar?

    Utdraget viser kvardagen til ei jente som ikkje blir høyrt, og som sjeldan tek ordet. I samband med dette utdraget kan det vere aktuelt å nemne aksjonen under verdsdagen for psykisk helse i fjor, som handla om å sette av åtte minutt til å ringe nokon ein bryr seg om.

  • Undervisningsopplegg

    Presentajson Eg er V-Vida (.pptx)

    Før lesing:

    Vida, som er hovudpersonen i denne boka, skriv dagbok.
    – Har du dagbok?
    – Er snap stories og reels det same som ei dagbok?
    – Kva skriv ein i dagboka, og kvifor gjer ein det? Kven skriv ein til?

    Vida stammar. Kva veit du eigentleg om stamming? Kva lurer du på om stamming?

    Under lesing:

    I teksten møter du mange språklege bilete. Legg merke til setningar som du ikkje skal forstå bokstaveleg, men som betyr noko anna.

    Etter lesing:

    1. Søk og finn ut kva namna Viktor og Vida Korleis passar namna til det som skjer i forteljinga?

    2. I dagboka skriv Vida: «Men eg er ikkje hovudkarakteren i nokon manga. Eg er ikkje hovudkarakteren i noko som helst». Kva trur du ho meiner med dette?

    3. I utdraget er det mange språklege bilete. Forklar kva du trur forfattaren meiner med:
    «å svelgje dei stygge orda sine» (s. 27)
    «nokre usle konsonantar på ei snor» (s. 27)
    «får steinrøysa i magen min til å buldre» (s. 28)
    «dei syrlege tungene» (s. 30)
    «Namnet er surgras i munnen min» (s. 30)
    «det heng ei svart sky over hovudet mitt som regnar ekstra berre på meg» (s. 32)
    «det er som om skrømtet hennar følgjer etter meg» (s. 33)

    4. I kapittelet du har lese, er der nokre personar som er ganske passive. Kva tenkjer du om Jana, Aleksandra og Miriam i dette kapittelet? Trur du dei er akkurat som Aurora?

    5. Som lesar får me lese både tankane til Vida og det ho faktisk seier.
    – Korleis er skilnaden mellom det Vida tenkjer, og det Vida seier?
    – Har du opplevd å mangle språk til å seie det du verkeleg tenkjer? Korleis er det?
    – Kan du tenke deg andre som kan kjenne seg att i situasjonen til Vida?

  • Aktivitetar

    Skriv til Vida

    No skal du vere Siri, bestevennen til Vida. Etter denne dagen treng Vida nokre trøystande ord. Skriv ein tekst til Vida der du seier noko om det som har hendt, og kan trøyste henne. Har du nokon gode råd til Vida?

    NB! Du skal ikkje snakke stygt om Ole Kristian, Aurora og dei andre i forteljinga.

    Lag manga!

    Vida likar manga. Lag teikneserie av situasjonen der Ole Kristian prøver å erte Viktor (frå nedst side 26 til stjerne side 28).

    Du kan anten nytte teikneseriemalane du finn på denne sida, eller arbeide digitalt i eit program som skulen har tilgang til (til dømes Creaza, Canva, Book Creator, eller ved å bruke malen «Manga-tegneserieskaper» i Powerpoint). Teikneserien skal vere på berre ei A4-side.

    Du treng ikkje få med alt som skjer og vert sagt i utdraget. Sjå om du kan bruke bakgrunnsfargar på ein måte som får fram stemninga i det som skjer. Hugs å veksle mellom ulike utsnitt og perspektiv.

  • Bonus

  • Boktips