Undervisingsopplegg
Her får du ei generell lærarrettleiing til undervisingsopplegga i Tid for ti. Opplegg til dei einskilde bøkene i Tid for ti 2026 er under arbeid og blir tilgjengelege i januar. Opplegg til tidlegare bøker finn du i arkivet.
Her får du ei generell lærarrettleiing til undervisingsopplegga i Tid for ti. Opplegg til dei einskilde bøkene i Tid for ti 2026 er under arbeid og blir tilgjengelege i januar. Opplegg til tidlegare bøker finn du i arkivet.

Alle utdraga i antologien Tid for ti får si eiga bokside. Dei blir tilgjengelege her på nettsida frå og med januar 2026. På kvar bokside kan du finne:
Lærarrettleiinga her, og dei einskilde undervisingsopplegga, er meint som ein inspirasjon i arbeidet med å gje elevane gode leseopplevingar.
Utdraga er valde ut med tanke på å stimulere leselysta til elevane og samstundes vise fram ei breidde i tema, karakterar, struktur, skrivemåtar etc. Det er ikkje sikkert at alle elevane likar alle tekstane, men målet er at alle skal finne noko dei likar og som gjev dei lyst til å lese meir.
Utdraga kan delast ut med ei oppmoding om å lese utdraga på eiga hand, men du som lærar kan også leggje til rette for at elevane skal få gode leseopplevingar. Du kan gje dei høve til å lese og diskutere tekstane i Tid for ti i klasserommet, formulere leseopplevingane sine og seie kva dei meiner om utdraga. Erfaringane våre syner at slike samtalar kan ha ein positiv verknad på motivasjonen til elevane og engasjementet deira for lesing, og vidare for lesekompetansen deira.
Denne lærarrettleiinga legg opp til ei personleg tilnærming til dei litterære tekstane, til kritisk lesing og til litterære samtalar i små og store grupper.
Kvar bok har sitt eige undervisingsopplegg som du finn saman med utdraga. Den generelle didaktiske ramma rundt opplegga er prosessorientert lesing, ein god og fleksibel metode for ei variert leseopplæring. Ved å dele opp lesinga i fasar, bidreg prosessorientert lesing til at leseprosessen vert synleg for elevane, og dei får sjå og erfare konkrete døme på korleis meininga oppstår undervegs i lesinga. Målet er at teksten vert opna for elevane, og at dei aktivt kan bidra med utgangspunkt i eigne opplevingar og erfaringar. Samstundes får du som lærar moglegheita til å fungere som modell, til dømes i dei delane av lesinga der du meiner at elevane treng støtte.
Den prosessorienterte lesinga kan kombinerast med mange ulike opplegg og aktivitetar, og dei konkrete og spesifikke opplegga er tenkt som eit tilfang av moglege aktivitetar.
Utdrag og oppgåver har som mål å stimulere til leselyst, gje rom for utveksling av tankar, synspunkt og meiningar, og bidra til refleksjon over den litterære erfaringa. Derfor legg undervisingsopplegga vekt på at elevane får etablere ei personleg tilnærming til tekstane. Listar med igangsetjarar, logg og samtalar i par og mindre grupper er døme på aktivitetar som har til formål å byggje vidare på den personlege leseopplevinga til elevane. Slik vert dei meir merksame på sin eigen litterære smak og er godt førebudde på å formulere og grunngje lesinga si i ein litterær samtale. Dersom dei i tillegg opplever å bli høyrde og tekne på alvor i samtalen, har det ein positiv verknad på engasjementet for lesing.
Kva forventar elevane av utdraget?
Be elevane snakke om bilete og tittel på omslaget, og om kva dei forventar av utdraget dei skal lese. Bruk litt tid på å snakke om sjangeren som høyrer til utdraget (fantasy, drama, spenning, grøss eller liknande), og om dei temaa som utdraga tek for seg. Viss du vurderer at utdraget er ei utfordring for elevane, kan det vere ein fordel å vere meir konkret og gje eit kort handlingsreferat før lesinga. Sei noko om personane, ta opp vanskelege formuleringar eller omgrep, dramatiser delar av teksten eller liknande.
Elevane kan få i oppdrag å lese eller høyre utdrag på nettsida. Som alternativ kan læraren setje av tid til lesing i timane, spele av lydfiler i klasserommet eller lese teksten høgt for elevane. Undervegs kan elevane markere i teksten, notere på linjene etter utdraget eller i ei loggbok. Ein annan idé er å stoppe opp undervegs for å snakke om kva som skjer og kva elevane trur vil skje vidare. Slike stopp kan bidra til at elevane vert meir engasjerte og meir merksame på sjølve lesinga som prosess, og vil samstundes kunne hjelpe elevane med ord eller avsnitt som er vanskelege å forstå.
Oppleving og meining
Etter at elevane har lese, skal dei jobbe med å formulere opplevinga si. Bruk gjerne rekkjefølgja tenk-par-del for å auke tryggleiken og munnleg deltaking, eller sit i par eller i grupper og be elevane notere kva dei synest om utdraga: Kva synest dei var det beste ved utdraga? Kva likte dei ikkje? Be dei skrive kvifor dei likte eller ikkje likte utdraga, og be dei om å lese grunngjevinga høgt for dei andre elevane. Då vert leseopplevingane styrkte og elevane meir førebudde på klassesamtalen.
Diskusjon
Diskuter utdraga i klassen ved å ta utgangspunkt i dei personlege leseopplevingane til elevane. Her må ramma vere hyggeleg og elevane få framføre opplevinga, meininga og grunngjevinga si. Det vil bety noko for kvar enkelt. Opne og autentiske spørsmål – spørsmål der svaret ikkje er gjeve på førehand – gjer det enklare for elevane å engasjere seg i litteraturen. Til slutt kan dei sjå om dei kjem fram til ei felles vurdering eller ikkje.
A. «Kva slags bøker likar elevane?»
Individuelt arbeid
Be elevane tenkje over kva slags bøker dei likar. Kvifor likar dei desse bøkene?
Det er viktig at elevane er så ærlege og presise som dei klarar når dei grunngjev vala sine.
Oppgåva kan konkretiserast på følgjande måte:
Be elevane lage kvar si liste over bøker dei likar. Det kan vere nye eller gamle, romanar, forteljingar, teikneseriar etc. Har dei ein favoritt?
Be elevane velje den eller dei bøkene dei likar aller best og grunngje eller forklara – til dømes skriftleg – kvifor det er nettopp den eller desse bøkene. Kva er det som gjer at dei har likt desse bøkene? Kor viktig er handlinga? Er bøkene spennande? Morosame? Gripande? Overraskande? Truverdige? Er det fordi dei inneheld personar elevane blir glade i, beundrar fordi dei er annleis, kule etc.? Er bøkene skrivne på ein god måte? Har dei ein god slutt? Noko anna? Er det noko som er skrive av same forfattar? Noko i same sjanger?
Du kan også be elevane skrive ned eit par bøker dei ikkje har likt. Korleis er desse bøkene? Kva er det som gjer at dei ikkje har likt desse bøkene?
Elevane kan samstundes tenkje tilbake på bøker dei har likt tidlegare. Korleis var desse bøkene, og kvifor likte dei desse bøkene? Har smaken deira endra seg?
B. Samtale i heil klasse om litterær kvalitet
Klassesamtale
Be elevane dele favorittane sine med klassen. Skriv titlane på tavla. Er det bøker som blir nemnde mange gonger, er det nokon som berre få elevar har oppdaga?
Snakk deretter om kva elevane synest kjenneteiknar gode bøker dei har lese. Kva er det viktigaste for at ein skal lese og like ei bok? Kva slags rolle spelar forfattaren, sjangeren, emne/tema, personane, handlinga, måten boka er skriven på?
På bakgrunn av samtalane kan elevane sjå om dei kan å bli einige om 5–10 punkt som kjenneteiknar ei god bok for aldersgruppa deira. Er det andre kriterium no enn då dei var yngre? Korleis tenkjer dei seg at kriteria er annleis for ungdomsskuleelevar? Lærar og elevar noterer 5–10 punkt til seinare bruk.
I læreplanen i norsk står det: «Norskfaget skal gi elevene litterære opplevelser og mulighet til å uttrykke seg kreativt og skapende.» Elevane må derfor få «lese tekster for å oppleve, bli engasjert, undre seg, lære og få innsikt i andre menneskers tanker og livsbetingelser».
Litteraturen speler ei nøkkelrolle, og læreplanen tydeleggjer at elevane må få møte tekstar på både bokmål og nynorsk allereie dei første åra på barneskulen. Til dømes syner kompetansemåla at alle elevar skal lytte til og samtale om tekstar på nynorsk frå og med 1. og 2. trinn, lese nynorske tekster på 3. og 4. og eksperimentere med skriving på sidemål dei tre siste åra på barneskulen.
Elevar med nynorsk som sidemål har fordel av å møte den nynorske målforma tidleg, medan elevar med nynorsk som hovudmål vert mindre eksponerte for eige skriftspråk utanfor skulen og har derfor nytte av å lese gode barne- og ungdomsbøker på nynorsk.
Uansett hovudmål må ein lese mykje på nynorsk for å bli ein god nynorsklesar – og då treng ein gode leseopplevingar som kan stimulere leselysten! Med Tid for ti ønskjer vi å gje eit slikt tilbod. Vi meiner at unge lesarar må få gode leseopplevingar – på bokmål og nynorsk – for å utvikle engasjement for lesing.
Samstundes dekkjer oppgåvene kompetansemåla i den nye læreplanen i norsk.
Her er aktuelle kompetansemål etter 7. trinn:
Her er aktuelle kompetansemål etter 10. trinn:
Lukke til med det viktige arbeidet de gjer for å spreie leselyst og engasjement for lesing blant elevane!
Helsing Stiftelsen LESE
Tips til vidare lesing: