Praktisk informasjon
Her finn du praktisk informasjon om Noregs einaste nynorske leselystaksjon: Tid for ti.
Her finn du praktisk informasjon om Noregs einaste nynorske leselystaksjon: Tid for ti.

Påmelding:
Vil du melde deg på Tid for ti 2027? Påmeldinga startar i slutten av august 2026. Antologiane blir sende ut i byrjinga av januar 2027. Om du vil ha ei påminning på e-post, gi beskjed til petra@stiftelsenlese.no.
Nettressursar:
Her på nettsida til Tid for ti finn du alle tekstutdraga, lydfiler og undervisningsopplegg frå januar til og med juni 2027. Klikk på den boka du vil jobbe med, så finn du alt du treng. Til kvart undervisningsopplegg er det laga ein powerpoint som du kan laste ned som pdf. Om du vil ha sjølve powerpointen tilsendt, kan du kontakte prosjektleiar. Eit eige oppstartsopplegg blir tilgjengeleg i desember 2026. I tillegg finn du undervisningsopplegg fra tidlegare aksjonar i arkivet.
Skrivekonkurranse:
Kvart år har vi ein skrivekonkurranse i samarbeid med Framtida junior. Konkurransen blir tilgjengeleg i november 2026 og fristen for å delta er i mars 2027.
Plakat:
Aksjonen har ein eigen plakat som blir tilsendt saman med antologiane. Om de ønskjer fleire plakatar enn ein per bokpakke, kan de kontakte prosjektleiar, eller laste ned og skrive ut sjølve.
Bokstriper:
Om de ønskjer å lage ei utstilling i klasserommet eller på skulebiblioteket med dei ti utvalde bøkene, kan de bruke bokstripene våre til å pynte bøkene med. Her ser de eit eksempel på korleis dei blir sjåande ut:

Lærarseminar:
Tidleg i januar blir det gjennomført ein digital kurstime for alle lærarar som er med på aksjonen. Vi gjennomgår undervisningsopplegg og svarar på spørsmål. Opptaket kjem til å vere tilgjengeleg fram til sommaren.
Lansering:
Mot slutten av januar blir det lansering av Tid for ti 2027. Arrangementet blir strøyma frå Vinjesenteret i Telemark. Meir informasjon om tidspunkt og innhald kjem i løpet av hausten.
Spørsmål:
Ta kontakt med petra@stiftelsenlese.no viss du lurar på noko.
Tid for ti 2027 får støtte av Utdanningsdirektoratet, Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa og Det Norske Samlaget.