Praktisk informasjon

Påmelding:
Har du ikkje meldt deg på Tid for ti 2026? Då er det for seint å skaffe fysiske antologiar, men framleis mogleg å delta digitalt. Send ein e-post til petra@stiftelsenlese.no for informasjon. Treng du fysiske antologiar må du vente til neste skuleår og Tid for ti 2027. Påmeldinga startar i slutten av august 2026. Antologiane blir sende ut i byrjinga av januar 2027.
Nettressursar:
Her på nettsida finn du alle tekstutdraga, lydfiler og undervisningsopplegg frå januar til og med juni 2026. Til kvart undervisningsopplegg er det også laga ein powerpoint som du kan vise direkte frå nettsida. Trykk på den boka du er interessert i, så finn du alt du treng. I tillegg finn du undervisningsopplegg til tidlegare aksjonar i arkivet. Eit eige oppstartsopplegg har vi også laga.
Skrivekonkurranse:
Kvart år har vi ein skrivekonkurranse i samarbeid med Framtida junior. Fristen for å delta er 10. mars.
Plakat:
Aksjonen har ein eigen plakat som blir tilsendt saman med antologiane. Om de ønskjer fleire plakatar enn ein per skule, kan de kontakte prosjektleiar, eller laste ned og skrive ut sjølve.
Bokstriper:
Om de ønskjer å lage ei utstilling i klasserommet eller skulebiblioteket med dei ti utvalde bøkene, kan de bruke desse bokstripene til å pynte bøkene med. Her ser de eit eksempel på korleis dei blir sjåande ut:

Lærarseminar:
19. januar kl 15 hadde vi ein digital kurstime for alle lærarar som er med på aksjonen. Vi gjennomgikk undervisningsopplegg og svara på spørsmål. Opptaket vil vere tilgjengeleg fram til sommaren.
Lansering:
21. januar kl 11 strøyma vi lanseringa av Tid for ti 2026 frå Vinjesenteret i Telemark. Forfattar Helene Guåker las sitt utdrag og snakka litt med oss om boka si. Strøyminga varar i ein halv time og er tilgjengeleg i ei veke, slik at lærarane framleis kan nytte opptaket i klassen.
Spørsmål:
Ta kontakt med petra@stiftelsenlese.no viss du lurar på noko.
Tid for ti 2026 har fått støtte av Utdanningsdirektoratet, Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa og Det Norske Samlaget.