Hopp til innhold

Jernvilje

Det er jernalder i Noreg. Vilje har budd saman med mor si i ei steinhole oppe i heia, langt unna bygdefolket i Eikidal. No er mor hans død, og Vilje må klare seg sjølv. Mora bad han alltid om å gøyme seg om eikidølane kom forbi. Ho meinte at dei ville røve han og gjere han til tenar på storgarden Hove. Etter å ha jakta og drepe ein ulv trassar Vilje åtvaringane og dreg ned i bygda for første gong.

 

  • Til læraren

    Boka Jernvilje av Terje Torkildsen er ei fiktiv forteljing sett til ein historisk periode og ein geografisk stad. I forteljinga møter du Vilje som er oppvaksen i ein steinheller med ei einsleg mor. Det utdraget de skal lese, er Vilje sitt første møte med samfunnet nede i dalen. Forfattaren har fletta inn mange historiske straumdrag, og noko av arbeidet med denne teksten vil vere tverrfagleg. Her kan ein repetere eller tematisere jernalderen i Noreg, norrøn tru, innføringa av kristendom, pestsjukdom og meir til.

    Romanen har eit rikt språk med ei rekkje omgrep som truleg kan vere ukjende for elevane. Difor bør ein arbeide grundig med omgrep før ein går i gang med å lese utdraget. Dette kan vere eit godt høve til å øve på søk i ordbok og leksikon. Me har laga ein mal til ordliste som elevane kan nytte som eit samarbeidsdokument. Å setje elevane til å leite etter ord dei ikkje forstår, kan fort føre til at elevane løftar fram ord som vi i utgangspunktet ikkje tenkte på som eit ukjent omgrep! Om de ikkje har tid til ei ordjakt før de les utdraget, har vi laga ei kort ordliste som elevane kan støtte seg til.

    Undervegs i lesinga kan det vere greitt å gjere lesestopp. Til dømes kan ein gjere ei kort oppsummering og oppklaring av handlinga etter kapittel 5, 7 og 8. Be elevane samle opp spørsmål til desse stoppestadane.

  • Undervisningsopplegg

    Presentasjon Jernvilje (pdf)

    Før lesing:

    Boka heiter Jernvilje. Kva betyr det?

    Titlane på kapitla i boka er skrivne med runeskrift. Alle titlane er talord. Greier du å tyde runeteikna? Kva for kapittel skal du lese?

    Handlinga i boka går føre seg for 1500 år sidan, i det som vert kalla jernalderen. Det her er nokre hundre år før vikingtida byrja. Det kan vere greitt å vite litt om jernalderen før de les. No skal de dele alt de veit de om jernalderen frå før. Korleis såg Noreg ut på denne tida?

    – Kvifor heiter det eigentleg jernalderen?
    – Korleis såg hus, båtar og klede ut?
    – Var Noreg eit land?
    – Kva slags gudar trudde ein på?

    Jernvilje møter du mange ord som vi ikkje brukar til vanleg i dag. Difor skal de gå på ordjakt! Del teksten mellom dykk i mindre delar, og arbeid i grupper. Bruk ordbøkene.no til å finne forklaring på kva ordet betyr, og skriv dette inn i ei felles ordliste. Hugs å skrive ei forklaring som du sjølv forstår. Nokre ord treng du Store norske leksikon for å finne forklaring på.

    Under lesing:

    Vi tek nokre stopp i lesinga og oppsummerer. Då skal vi fortelje om det som har hendt, og det vi lurer på, og vi seier litt om det som kanskje kan skje vidare i forteljinga.

    Etter lesing:

    1. Vilje har aldri vore inne i eit hus tidlegare, og mykje er nytt for han. Det er mange uskrivne reglar han ikkje forstår. Kan du finne eksempel på dette?

    2. Vilje og hovdingsonen Jarl liknar på kvarandre, men er det likevel mange ulikskapar. Kva får du vite om Jarl i dette utdraget. Korleis er han samanlikna med Vilje?

    3. Vilje har eit fødselsmerkje som liknar på ein jerv, på brystet. Søk opp litt informasjon om jerven. På kva måte liknar Vilje på ein jerv?

    4. Mot slutten av utdraget må Vilje ta eit val: Anten må han fortelje sanninga om kven han er, eller så må han gi seg ut for å vere Jarl og håpe at ingen avslører han. Kva ville du gjort, og kvifor?

    5. Bruk dei runeteikna du har tydd i overskriftene, til å skrive:

    – RISSE
    – ÅRE
    – FARE
    – MUSIKK

    6. Søk etter ei oversikt over runeteikn på internett, og bruk ho til å skrive namnet ditt.

    7. Nokre av teikna liknar på våre bokstavar. Kvifor er det slik, trur du?

  • Aktivitetar

    Skriv eit heltedikt

    Skaldar var diktarar som ofte skreiv heltedikt for å hylle store krigarar og kongar. Tenk deg at du er skald på storgarden Hove, og overtydd om at Vilje faktisk er hovdingsonen Jarl som har kome tilbake frå Valhall etter eit dramatisk slag mot fienden Ormvakr digre. Skriv eit heltedikt som hyllar den modige Jarl!

    Lag ei lokal skildring frå jernalderen

    Handlinga i boka Jernvilje går føre seg i nærleiken av Sira i Agder fylke. Forfattaren har funne inspirasjon frå jernalderhistoria, og stadnamn som Hove, Eik og Steinberg kan ein sjå att i boka. No skal du gjere det same med heimstaden din.

    a) Snakk litt saman og finn ut kva de veit om livet på heimstaden din i jernalderen. Var dette eit sentrum? Har ein funne storgardar i området? Korleis kom ein seg til og frå denne staden i jernalderen?

    b) Sjå for deg korleis eit liv kunne sett ut på heimstaden din i jernalderen. Dikt opp ein person som bur i dette området, og fortel:
    – Kva lever denne personen av?
    – Kor mange andre bur på den same staden?
    – Kven er hovding i dette området, og kvar bur hovdingen?
    – Finst det fiendar i området?

  • Bonus

  • Boktips