Hopp til innhold

TEIKNE OG SKRIVE

Her er fleire teikne- og skriveoppgåver til boka «Alien i klassen». Oppgåvene kan gjeres individuelt eller i læringspar.

Oppgåve 1: Den usynlege superkrafta mi

Teikn deg sjølv med ei superkraft! Du kan til dømes velje å vere supersterk, gigastor, bli usynleg, kunne snakke med dyr eller ha ei kraft som gjer alle folk glade.

På teikninga kan du skrive ei eller to setningar som forklarer kva superkrafta er og korleis ho hjelper andre.

 

Oppgåve 2: Teikn ein alien-venn frå ein annan planet

På teikninga kan du skrive ei eller to setningar: Kva heiter vennen? Kva liker han å gjere?

 

Oppgåve 3: Følelsar: Teikn krusedullar

Teikn først ein sint krusedull. Deretter ein glad. Kva er skilnaden?

 

Oppgave 4: Kva ville du sagt til Ulrik?

Snakk om korleis Ulrik kjenner seg i boka, og be elevane skrive ei kort setning eller to: Kva ville du sagt til Ulrik for å få han til å kjenne seg betre?

Viss barna les setninga høgt i klassen, kan de kanskje samle dei og lage ein «trøstebok» til Ulrik?