ROMVESENMASKE
OPPGAVE: Lag ei romvesenmaske
SLIK GJER DU:
Bruk gjerne farga papp og klipp ut ei hovudform til maska. Sjå gjerne på bileta i boka! De kan òg bruke kvite papptallerkenar som de klipper i to på midten.
Klipp hull til augo og små hull ved øyra. Pynt maskene med det de har som utklipp, pipe-reinskarar, knappar eller sugerøyr.
Viss de har elastisk tråd, kan de feste maskene rundt hovudet.
DU TRENG:
- farga papp (evt. papptallerkenar)
- farga papir i fleire farger eller silkepapir
- ev. pynt som knappar, sugerøyr og pipe-reinskarar
- maling og teiknesaker
- elastisk tråd eller strikk
- saks og lim
ALTERNATIV OPPGÅVE: Lag din eigen alien-venn
Lag ein figur av pipe-reinskarar, modellkitt, knappar, små tøy-filler eller liknande.
Finn på eit namn, gi han eigenskapar og ei lita bakgrunnshistorie: Kva kan han, og kva liker han å gjere?Kva slags planet kjem alien-venen din frå?