Du kan skrive ein faktatekst, eit lesarinnlegg eller ei fantasihistorie – alle sjangrar er velkomne!

Du kan velja mellom to tema:

1. SOSIALE MEDIUM:

Skriv om f.eks.

  • Kva meiner du om sosiale medium? Korleis påverkar sosiale medium livet til barn?
  • Kva tenkjer du om forslaget om aldersgrense på 15 år for å bruka sosiale medium?

 

2. TIDSMASKINA:

Skriv ein tekst eller lag ein teikneserie om å reisa i tidsmaskin tilbake i tid.

  • Kva tid i historia ville du reist tilbake til?
  • Korleis trur du det hadde vore å leva på denne tida?
  • Kva tid i historia trur du det hadde vore best å vera barn?

Du kan la deg inspirera av tekstane i Tid for ti. Her finn du utdrag om begge tema, og mange ulike måtar å fortelja på.

FRIST

10. mars 2026

KRAV

  • Teksten må vera mellom 100 og 400 ord.
  • Teksten må vera på nynorsk for å bli med i trekkinga av premiar. (Om ikkje alt er rett, så går det fint. Me hjelper til med rettskrivinga på dei tekstane som blir publiserte.)
  • Skrivekonkurransen er open for alle mellom 7 og 13 år.


VINN FINE PREMIAR

Dei beste bidraga blir publiserte i Framtida Junior. Me plukkar òg ut fleire bidrag som får t-skjorte og papiravisa Framtida junior i posten eller bokpakke frå Stiftelsen LESE. Den beste klassen med flest gode tekstar og teikneseriar får 2000 kroner i premie.

INNSENDING

Send teksten kopiert inn i ein e-post til framtidajunior@gmail.com og petra@stiftelsenlese.no. Det går òg an for læraren å senda alle tekstar frå klassen samla.

Skriv «Skrivekonkurranse 2026» i emnefeltet. Hugs namnet ditt og kva slags skule du går på.

 

Framtida junior og Tid for ti samarbeider om konkurransen.