Vulkanen vaknar. Overleve 1
-
Undervisningsopplegg
FØR:
Samtalespørsmål.
1. Sjå på framsida til boka. Kva element legg du merke til? Kva legg dokker merke til med bruken av fargar? Kva trur du denne boka kan handle om?
2. Kva type bok trur du det er?
UNDER:
1. Les prologen høgt saman. Sjå saman på eit kart, og finn ut kvar stadane som blir nemnde, ligg.
2. Sjå på framsida ein gong til. Får dokker nå meir inntrykk av kva boka kan handle om?
3. Les vidare, og strek under det som fortel at hendingane går føre seg i ei framtid.
ETTER:
Elevane kan arbeide med spørsmåla to og to, eller det kan vere felles klassesamtale.
1. Kven er forteljarane? Kva får vi vite om desse to personane?
2. Lag eit Venn-diagram (sjå døme nedanfor) og samanlikn hovudpersonane.

3. Kvifor er Eira så sint?
4. Kva slags oppdrag skal Eira og Jamal vere med på?
5. Kva er annleis med Noreg og reglane her i denne framtida samanlikna med nå?
6. Teikn og forklar kva du trur desse tinga er: mediebibliotek, hologramprojektor, satnettet.
Skriveoppgåver:
1. Korleis tenker du deg at det er i Noreg når du er 30 år? Skriv ein tekst.
2. Embret seier: «Du veit at du har deg sjølv å takke for dette. Det du gjorde, var utilgiveleg. Vi har oppdradd deg betre enn dette». Skriv ein kort tekst om kva du trur Eira har gjort.
-
Aktivitetar
1. Finn opp ein ny ting du trur kan vere nyttig i framtida. Korleis verkar han? Dokker kan både teikne og skrive.
2. Kva trur dokker at Nasjonspartiet meiner om ulike saker? Lag ei stikkordliste med fem viktige saker. Lag også eit slagord for partiet.
3. Eira og Jamal skal på forskingstokt for å studere fisk. Finn eit bilete av ein fisk, og skriv ein faktatekst om den fisken du har valt. Tekst og bilete kan bli ein liten plakat som dokker henger opp i klasserommet.
4. Gå i ut i naturen og sjå om dokker kan finne plast eller anna søppel. Gå saman i grupper og lag ein skulptur av det dokker har funne. Finn på namn, og lag ei lita historie om figuren.
5. Finn ut kva ei istid er, og korleis det var i Noreg då det var istid her. Lag gjerne teikningar eller måleri som høver til.
-
Bonus
-
Boktips