Villheks – Eldprøva
-
Aktivitetar
1.
Korleis meiner du ei villheks ser ut? Lag ei teikning. Gje villheksa eit namn og fargelegg. Heng opp teikningane i klasserommet.
2.
Les utdraget. I utdraget er det Clara som er forteljaren. Skriv historia der ein av dei andre fortel, til dømes engelen, den svarte katta, Oscar eller trailersjåføren. Korleis opplever dei hendinga? Kva legg dei merke til, kva legg dei ikkje merke til?
3.
Gruppearbeid. Lag eit rollespel basert på utdraget i teksten. Gå saman, lag kostyme og framfør rollespelet for dei andre i klassa. Eller kanskje for foreldra?
-
Bonus
Om forfattaren:
Lene Kaaberbøl (f. 1960) starta karrieren sin som forfattar i ein alder av 15 år. Sidan den gong har ho skrive ei rekkje bøker, og ho er i dag forfattar på heiltid. Kaaberbøl har tidlegare skrive serien om Skammarens barn, og ho har blant anna motteke Disney-prisen for W.I.T.C.H-serien.Eldprøva er første bok i serien Villheks. Sjå fleire bøker i serien her.
Her kan du lese ei bokmelding av Villheks av unge bokbloggarar.
Villheks skal bli film og kjem hausten 2018.
-
Boktips
Galderstjerna av Asbjørn Rydland. Boka fekk Uprisen i år for beste ungdomsbok.
Landet under isen av Lars Mæhle vann også Uprisen, men i 2010.
Aina Basso har skrive ei sakprosabok om hekser. Les meir her.
Om noko skulle skje av Ragnar Hovland.
Bobla av Siri Pettersen.
Vindeltorn av Tone Almhjell.Skammarens dotter blei til film i 2015. Under kan du sjå traileren til filmen:
I Danmark er det laga teater av boka: