Svarte-Mathilda
-
A. FØR:
1. Kva får dykk til å grøsse?
a) Gruppearbeid.
Sjangerlogoen til utdraget frå Svarte-Mathilda viser grøss.
Del inn elevane i grupper og la dei diskutere:
1. Kva forventar de når de høyrer ordet grøss?
2. Kva får dykk til å grøsse? (Har de døme på skumle bøker, filmar, ting, personar, stader, lydar, tankar eller skremmande ting de har opplevd osv.) Og kvifor?
3. Finst det forskjellige slags grøss? Forklar.
4. Oppsamling i heil klasse
b) Klassesamtale
Be gruppene fortelje kva dei har kome fram til.
Del inn dei forskjellige slaga av grøss i grupper ut frå svara til elevane.
1) den eventyrlege skrekkforteljinga
2) forteljingar om det ukjende – den psykologiske skrekken
3) psykopatforteljingar
Prøv til slutt å avgjere kva slags grøss Svarte-Mathilda kan vere ut frå framsida og ingressen.
B. UNDERVEGS:
Be elevane dele inn i avsnitt og markere:
– Avsnitt som er spennande eller skumle
– Setningar og formuleringar dei liker/ikkje liker
C. ETTER:
1. Skriv eit samandrag
Individuelt arbeid.
Elevane skriv eit samandrag av utdraget på bakgrunn av notata deira.
2. Jamføre samandrag
Gruppesamtale.
Be elevane gå i grupper på 2-3 elevar og samanlikne samandraga dei har skrive. Dei kan til dømes snakke om følgjande:
– Er samandraga like eller er det forskjellar? Fortel.
– Prøv å forklare dei forskjellane som finst i samandraga.
– Kva har de ikkje teke med?
– Er de einige om kva for avsnitt som er mest spennande?
– Er de einige om kva for avsnitt som er minst spennande?
– Kva for setningar/formuleringar har de valt å framheve?
Dei kan òg snakke om kva dei synest er bra og/eller dårleg med teksten, og kva dei eventuelt synest kunne vore betre.
3. Diskusjon i heil klasse
Klassesamtale
Snakk om teksten med utgangspunkt i leseopplevingane til elevane. Still opne og autentiske spørsmål og oppfølgingsspørsmål som bygger vidare på svara til elevane.
I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande spørsmål inngå i samtalen:
– Hadde de tort å flytte inn i eit hus som har stått tomt i 20 år?
– Korleis hadde de reagert om de hadde vore Elisabeth?
– Synest de at utdraget er skummelt? Kvifor/kvifor ikkje?
– Kva er det eventuelt ved utdraget som gjer at de grøssar?
– Kva synest de om Elisabeth?
– Det blir nemnt at Elisabeth har vore utsett for ei traumatisk oppleving. Kva slags oppleving trur de at det kan vere snakk om?
– Korleis vil de forklare det som skjer? Trur de at Elisabeth innbiller seg det som skjer, eller trur de at det faktisk hender i fortellinga?
– Kva trur de at mora til Elisabeth tenker om det som skjer?
– Kva trur de skjer vidare?
Avslutt gjerne diskusjonen med ein meta-samtale: vend tilbake til sjangerperspektivet frå førlese-samtalen og snakk om kva slags grøss de trur Svarte-Mathilda er. Diskuter også i kva grad utdraget levde opp til de forventingane de hadde før lesinga. Trur de at fleire av desse forventingane vert møtte seinare i boka?
4. Avstemming i heil klasse
Klassesamtale
Utdraget vert diskutert i klassa med tanke på å nå fram til ei felles vurdering:
– Synest de at utdraget er et godt eksempel på grøssar-sjangeren?
– Liker de teksten? Kvifor/kvifor ikkje?
Det er viktig at synspunkta vert grunngitte.
Når avstemminga er over, vert resultatet ført inn på Klassesida.
5. Aktivitetar:
A. Teikn ditt eige spegelbilete eller sit to og to saman og teikn spegelbileta til kvarandre.
B. Gå saman to og to. Lag ein plakat med ein presentasjon av ei grøssarforteljing. Lag illustrasjonar og fortel kvifor forteljinga er bra/dårleg. Presenter plakaten for klassa.
C. Lag ein teikneserie som viser ei grøssarforteljing. Dersom du ikkje finn på ein grøssar sjølv, kan du ta utgangspunkt i utdraget om Elisabeth.
-
1.
Teikn ditt eige spegelbilete eller sit to og to saman og teikn spegelbileta til kvarandre.
2.
Gå saman to og to, lag ein plakat med ein presentasjon av ei grøssarforteljing. Lag illustrasjonar og fortel kvifor forteljinga er bra/dårleg. Presenter plakaten for klassa.
3.
Kven heimsøker leilegheita til Elisabeth? Skriv historia om gjenferdet, gje det eit namn og fortel kvifor det heimsøker leilegheita. Er det noko spesielt det vil?
-
Om forfattaren:
Tor Arve Røssland (f. 1971) skriv bøker for barn og ungdom, og er kanskje mest kjent for grøssarserien Svarte-Mathilda. Første bok frå 2010 vart nominert til Uprisen. Svarte-Mathilda II kom i 2012 og Svarte-Mathilda III i 2013, også den nominert til Uprisen. Røssland vaks opp på Husnes i Kvinnherad, og er no busett på Halhjem i Os, Hordaland. Han er utdanna ved Universitetet i Trondheim, med faga filmvitskap hovudfag, litteraturvitskap mellomfag og mediepedagogikk. (Frå Samlaget)Røssland har skrive mange grøssarforteljingar. Han skriv bøker på bokmål og nynorsk, men synest skrekk og gru funkar best på nynorsk. Her forklarar han kvifor (frå Nynorske barnebøker på Facebook).
«Skrekk er best på nynorsk. Ingenting er så skummelt som ein hesleg demon som kviskrar iskalde ord i nakken din. Bokmål blir liksom litt for snilt, litt for sakleg, bokmål går ikkje heilt under huda slik nynorsken kan gjere. Nynorsken klorer seg fast og set tennene i kjøtet ditt og bit – hardt og lenge. Den grip om sjela di på ein ein heilt annan måte enn bokmål. Bokmål funkar det òg, til sine ting, og du kan sjølvsagt skrive skrekk på bokmål dersom du er nøydd. Men skal du verkeleg skremme livskiten ut av nokon, og det har eg gjort, så funkar det aller best på nynorsk. Og ikkje tru at dette berre gjeld lesarar i nynorskdisktrikta, nei, dette gjeld absolutt alle landsdeler. Eg har reist mykje på skuleturnear, og til og med midt i tjukkaste riksmålsland har eg møtt elevar som har lese bøkene mine, og som har latt seg skremme.
Ein observasjon eg har gjort meg er: Dei merka ikkje at det var på nynorsk, fordi det var så spennande, og skummelt!
Tre av mine nynorskgrøssarar har vore nominerte til Uprisen – ungdommens eigen litteraturpris. Her er det ungdommane sjølv som styrer, og dei lar seg ikkje kjøpe til å like noko. Dei omtalte bøkene og skraut av dei nettopp fordi dei likte det dei las! Dette tek eg til meg. Barn og unge er ikkje fordomsfulle mot nynorsk med mindre nokon lærer dei å vere det.
Min jobb er å skrive bøker for barn og ungdom. Eg skriv både bokmål og nynorsk. Eg er ikkje fordomsfull. Men når eg skal skremme lesaren er det ingenting anna enn nynorsk som funkar.»
Svarte-Mathilda har si eiga youtube-kanal, Facebookside og heimeside. Meir om Svarte-Mathilda her.
-
Likar du grøssare, bør du også lese Svartedalen av Atle Hansen. På bokslukerprisen kan du lese kva elevar på 6. trinn synest om den boka.