Stella står i det
Mor til Stella er for sjuk til å jobbe, og familien har dårleg råd. Bestevenninna Rania er den einaste som veit korleis Stella har det. Stella vil ikkje at dei andre i klassen skal vite noko. Ho tel med skrekk ned dagane til bursdagen sin, for mor hennar har invitert alle til fest. Korleis skal det gå bra? Verst er det å skjule pengeproblema for Sofie og Ida, dei spør og grev. Sist var det joggeskoa som ikkje var nye og fine nok, men no har mor til Stella skaffa ho nye sko, og Stella gler seg til vise dei fram i gymmen.
-
Utdrag
Avsløringa
(10 DAGAR ATT)Til onsdagsgymmen har eg dei nye joggeskoa i bagen.
Dei ligg der liksom og dunkar, som to hjarte. Eg har nytt gymtøy også. Eller, ikkje nytt, da, men nytt for meg! Eg passar på å finna ein plass ikkje så altfor langt frå Ida og Sofie så dei skal sjå kva eg har med meg. Rania tek som vanleg på seg gymtøyet utan å seia noko. Ho har fortalt meg at namnet hennar betyr «ein som betraktar». Det vil seia ein som følgjer med utan å gjera noko. Ho fekk namnet fyrst da ho var eit halvt år eller noko, for foreldra ville bli kjent med ho fyrst. Det passar heilt sjukt bra. Stella betyr stjerne.
Eg veit ikkje om det passar så bra, for eg føler meg vanlegvis ikkje som noka stjerne. Men i dag kjenner eg meg i alle fall litt skinande, i dei fine skoa og kleda.
Eg er kalla opp etter ei dame i Canada. Ikkje tanta mi som bur der, men ei anna dame, som levde for leeeeenge sidan. Ho var ei sånn som ville at damer og jenter skulle få bestemme over sin eigen kropp. Det er veldig rart å tenkje på at det var sånn før i tida, men mamma har sagt at eg ikkje treng å tenkje så mykje på det før eg får mensen. Da skal ho fortelja alt. Eg er usikker på kva alt er, men det er sikkert ein heil del, kjenner eg mamma rett.
Eg skvett av høg latter og ser opp. Det er Sofie og Ida som står og ler og ser bort på meg, samtidig som dei ser på kvarandre og hevar augebryna.
– Kva skjer? spør eg.
– Så fine joggesko du har, seier Sofie, og dei begynner å le enda meir.
– Takk, seier eg, – eg hugsa endeleg å ta dei med. Sjukt gløymsk, eg hugsar aldri å ta med gymsko, akkurat som med hårfønar, ikkje sant, Rania? Eg må jo alltid låne din på vinteren, seier eg.
Rania nikkar.
Sofie og Ida sluttar å le, som om nokon klipper latteren av med saks.
– Du lyg, seier Ida.
Eg ser på Rania. Ho ser på meg med rynka panne og ristar svakt på hovudet, sånn som ho pleier.
– Det gjer eg vel ikkje, seier eg.
Det har blitt heilt stille i garderoben. Alle følgjer med på det som skjer.
– Eh jo, seier Sofie. – Mor di var jo og henta dei skoa der heime hos oss i går, det er skoa eg brukte i fjor.
Eg blir så brennheit i kinna at eg mest får lyst til å grine. Eg trudde mamma hadde vore på andre sida av byen sånn som ho pleier, ikkje i villastrøket rett oppi bakken her.
– Og eg veit at ho ikkje jobbar med tal, Stella, så du kan slutte å lyge om det med ein gong. De har vel ikkje eingong råd til hårfønar, det er derfor du alltid låner av Rania eller har heilt kort hår.
Nå blir halsen min så tett at eg ikkje får trekt pusten. Korleis kan ho veta det?
Eg spring på do, smeller att døra og låser ho.
– Kva jobbar mora med, da? høyrer eg Ida spørja.
– Ho jobbar ikkje i det heile! seier Sofie og ler. Ingen andre seier noko.
Ingen andre ler.
Rania står sikkert med ryggen til og kler på seg gymtøyet utan at nokon legg merke til ho.
Eg skal ikkje vera med på nokon gymtime, det er heilt sikkert. Og bursdagsfesten er avlyst!
Eg opnar ikkje døra før eg høyrer at dei ramlar opp trappa til gymsalen. Rania står der og ser på meg.
– Ikkje bry deg om dei, seier ho. – Eller, drit i dei som om dei var ein do, som pappa pleier å seia.
– Men nå veit jo alle at mamma ikkje jobbar, og at eg berre går med ting som andre har gått med før meg!
Stemma mi får ein knekk når eg seier det. Ein sånn knekk som ei løvetann får viss ein klemmer på stilken. Da er ho øydelagt for alltid. Ho kan aldri reise hovudet att.
– Eg gjer også det. Pappa har aldri kjøpt ein einaste sko eller ei einaste jakke til meg, seier Rania og stryk meg over håret. Ho begynner å dele det inn i tre delar for å flette det, som ho ofte gjer viss eg er lei meg.
– Men du får jo klede frå kusinene dine, og ingen av dei går på skulen her. Dessutan er tanta di sjukt rik, så du får jo berre dei finaste kleda. Du er ikkje …
Det svimlar for meg idet eg skjøner kva eg er på veg til å seia, og eg må stø meg til veggen.
– Du er ikkje fattig! seier eg.
Eg seier ordet fattig som om det er noko av det verste eg har smakt.
– Men det speler inga rolle, seier Rania. – Du er den same inni!
– Det speler ei rolle for meg, seier eg og vrir meg unna midt i flettinga. Eg dreg med meg bagen og jakka og spring ut.
Eg tek definitivt tilbake det eg sa om at eg ikkje har noko imot å gå med det andre har gått med før meg. EG HAR NOKO IMOT DET!!
Inne på eit mørkt rom
Heile vegen heim tenkjer eg på alt eg skal seia til mamma. Korleis kunne du ta imot klede frå Sofie og dei? Eg kan ikkje gå med noko av det! INGENTING! Skjøner du ikkje kva slags TAPAR alle tenkjer at eg er? MAMMA! Kvifor kan du ikkje vera litt normal? Berre bli frisk og jobbe?
Eg skal seia at det er heilt uaktuelt å feire bursdagen min, at vi må finna på ei unnskyldning alle trur på. Kanskje ikkje Canada-tur, men for eksempel Sverige, og så bur vi i kjellarbua eller noko heile helga, sånn at ingen ser oss.
Men når eg går inn døra heime, er det heilt stille. Skoa til mamma står i gangen.
– Mamma?
Ho svarar ikkje.
Eg treng ikkje akkurat leite for å skjøna kor ho er.
Ho ligg i senga.
Sinnet mitt renn av meg på eit augeblikk.
Eg opnar forsiktig døra inn til soverommet hennar.
– Eg må berre ligga her litt til, seier mamma.
Stemma hennar er kornete, raspete, hakkete, sånn som borken på eit grantre.
– Treng du noko? spør eg.
– Nei da, seier ho. – Det står restar i kjøleskåpet.
Eg lukkar att døra så forsiktig eg kan, så ikkje mamma skal få enda meir vondt i hovudet.
Eg blir ståande og sjå inn i kjøleskåpet ei stund. Eg ser for meg at eg nok ein gong sit ved bordet og et middag heilt aleine. Eg mistar matlysta av tanken. Eg tek på meg skoa og jakka og går ut. Snart skal alle i blokka komma heim frå skule og jobb. Eg skal sitta her og helse på folk og lata som ingenting, eg.
Men når eg ser Rania komma gåande, smett eg inn. Skal ikkje ekte venner hjelpe kvarandre og seia ifrå når nokon er slemme? Skal ikkje ekte venner stå opp for kvarandre? Ho kunne ha sagt kva som helst til Sofie, berre ho hadde sagt noko. Eg har fått nok av «drit i det» eller «ikkje bry deg om det». Det er lett for ho å seia, ho som har ein pappa mange veit namnet på, og som er sånn som ho. Ingen har sagt noko stygt til ho nokon gong.
Eg set meg ved pulten og skriv ned alt i dagboka mi i staden. Og så riv eg ut sida med teikninga av skoa. Det hjelper litt.
-
Lydfil
-
Til læraren
I denne undervisningsressursen legg vi vekt på temaet å leve med lite – identitet, fellesskap og økonomi gjennom kapitla «Avsløringa (10 dagar att)» side 97 og «Inne på eit mørkt rom» side 102 i romanen Stella står i det av Helene Guåker.
Prosessorientert lesing og forståing er den didaktiske ramma for opplegget. I det tverrfaglege opplegget vil de møte desse lese- og læringsaktivitetane:
Norsk: Vi skal lese og tolke bokutdraget, skrive kreative og reflekterande tekstar, og samtale om språk og identitet.
Samfunnsfag: Vi skal forstå økonomiske omgrep, drøfte sosiale forskjellar og fellesskap.
Personleg økonomi: Vi skal lage enkle budsjett, reflektere over forbruk og verdiar.
Gjennom lesinga får elevane utvikle evner til å leve seg inn i andre sine opplevingar, reflektere over korleis språk og stemning verkar i ein tekst, og knyte litteraturen til eigne erfaringar og til aktuelle hendingar.
Opplegget er delt i tre fasar: før lesing, under lesing og etter lesing.
I førlesingsfasen set vi tekst i kontekst. Her ønsker vi å aktivisere tankar og kjensler knytte til tema. Under lesinga er det lagt inn planlagde lesestopp for samtale. Desse skal hjelpe elevane til å reflektere, tolke og dele tankar undervegs i lesinga. Vi arbeider individuelt, i læringspar, grupper og i samla klasse. Dette kan bidra til brei dialog og ei djupare forståing enn om elevane arbeider med teksten aleine.
Den første lesinga skjer høgt i fellesskap, med læraren som opplesar. Når læraren les høgt, blir teksten ei felles oppleving der alle får vere med, uavhengig av leseerfaring og tempo. Slik kan høgtlesinga skape tryggleik og fellesskap i møte med teksten.
Elevane får bruke det dei har opplevd i lesinga, til å løyse kreative og utforskande oppgåver. Dei skal uttrykke seg munnleg, skriftleg og visuelt. Oppgåvene byggjer på tolking, fantasi og samfunnsrelevans. Oppgåvene kan tilpassast ulike alderstrinn og kompetansenivå.
Ønsker dykk ei god økt!
Undervisingsopplegget er laga av Nynorsksenteret
-
Undervisingsopplegg
Tema
Å leve med lite – identitet, fellesskap og økonomi.
– Norsk: lese og tolke skjønnlitteratur, skrive kreative og reflekterande tekstar, samtale om språk og identitet.
– Samfunnsfag: forstå økonomiske omgrep, drøfte sosiale forskjellar og fellesskap.
– Personleg økonomi: lage enkle budsjett, reflektere over forbruk og verdiar.Før lesing:
Tekst i kontekst
Læraren fortel:
Stella er fornøgd med livet. Ho bur saman med mora i verdas beste blokk, og to dører bortanfor bur bestevenninna Rania. Dei har ikkje så mykje pengar, for mora til Stella kan ikkje jobbe, men Stella synest likevel ho har alt ho treng. Heilt til mora ein dag inviterer heile klassen heim på bursdagsfeiring. Det vil ikkje Stella, for kva om mora serverer mat ho har funne på søppeldykking? Kva om Sofie og Ida ler av den vesle leilegheita deira? Og verst av alt, kva om mora får migreneanfall rett før og ikkje kan arrangere bursdag i det heile tatt? Her må det ein backup-plan til! Saman med Rania førebur Stella ein plan-B-bursdag.
Stella står i det er ei varm, humoristisk og sår bok om å vekse opp utan så mykje pengar, om fellesskap og om å stå opp for seg sjølv.
Under lesing
Samtale i læringspar:
– Etter «Avsløringa»: Korleis opplever Stella situasjonen sin?
– Etter «Inne på eit mørkt rom»: Kva er Stella redd for? Kva seier det om ulempa ved andre sine forventingar?
Samtale i klassen:
– Er det flautt å ha lite pengar? Kvifor/kvifor ikkje?
– Kva kan vi gjere for å lette på presset frå andre sine forventingar?Etter lesing
I læringspar:
Lag ein «stemningscollage» (digital eller på papir) som viser korleis Stella har det.
Bruk fargar, ord og bilde.
*ein collage er ein kunstteknikk der ein set saman ulike materiale, som utklipp frå til dømes aviser, bilde, tekst eller digitale element, for å skape eit nytt verk.
Kreativ skriving
Individuelt eller i læringspar
Vel A eller B:
A: Skriv ein kort tekst frå perspektivet til Rania:
– Korleis ser ho på Stella og situasjonen?
– Kva vil ho gjere for å hjelpe?B: Lag ein dialog mellom Stella og mora der dei diskuterer bursdagen. Bruk indre tankar og replikkar for å vise kjensler.
Personleg økonomi og samfunnsfag
Utforsking i læringspar og klassen:
– Kva betyr budsjett?
– Kva er faste og variable utgifter?
– Korleis påverkar økonomi kvardagen?Praktisk oppgåve
I læringspar:
Lag eit enkelt budsjett for ein bursdag med 500 kroner som ramme.
Samtale og refleksjon i klassen:
– Kva kan ein gjere for å ha ein kjekk bursdag utan å bruke mykje pengar?
– Kva er eigentleg viktigast? Ting eller opplevingar? Eller fellesskap, vennskap, kjærleik og omsorg? Grunngi svaret.Presentasjon
I læringspar og i grupper:
Presenter collage og budsjett i grupper.
– struktur: innleiing, hovuddel, avslutning
– bruk stikkord og bilde
– øv på å snakke fritt og engasjert
– øv på å sjå på publikum og bruke eit enkelt språk
– øv deg på førehand for å bli trygg
– ha ein tydeleg start og sluttSamtal om kva de har kome fram til.
Avslutning
Klassen:
Lag ein idébank for lågkostnadsfeiringar.
Drøfting:
Kjærleik kostar ikkje pengar. Ikkje alle har moglegheit og evne til å gi mykje materielt og oppfinnsamt. Kva ulike tankar har de om dette?
Bra jobba!
-
Bonus
-
Boktips