Hopp til innhold

Skogen den grøne

  • Undervisningsopplegg

    FØR:

    Skogen den grøne er ei diktsamling. Dikta kan også lesast som ei samanhengande forteljing.

    – Kva slags forventningar har de til dikt?
    – Ser eller høyrest diktsjangeren ut på ein særskild måte?
    – Er diktsjangeren noko anna enn til dømes ein teikneserie, ei faktabok eller ein grøssar?

    Sjå på framsida av boka.
    – Kva legg de merke til?
    – Kva slags kjensle vil de seie at biletet uttrykker?
    – Kva tenkjer de om tittelen?
    – Kva slags samanheng er det mellom biletet og tittelen?

     

    UNDERVEGS:

    Del klassen inn i grupper som fordeler dei åtte dikta.
    Be elevane om å lese dikta dei har fått, i gruppa tre gonger. Her er det viktig å vere konsentrerte og ikkje forstyrre dei andre gruppene.
    Be dei dessutan om å gjere følgande for kvar gjennomlesing:

    – Kva legg de merke til medan de les?
    – Kor godt tykkjer de at de forstår diktet? Gjerne på ein skala frå 1 til 10.

    Når kvart dikt er lese tre gonger, noterer de utviklinga i forståing av kvart dikt.
    – Har de spørsmål til dikta? Skriv dei ned.

    Dikt er små forteljingar med få ord, som likevel fortel mykje.
    – Kva er det dikta gjer med oss?

     

    ETTER:

    1. Førebels klassesamtale:

    – Kva vart de merksame på?
    – Kva synest de var lett å forstå? Kva var meir vanskeleg?
    – Kva overraska dykk?
    – Kva spørsmål sit de att med til kvart av dikta?

     

    2. Fordjuping i fire dikt

    Læraren les dei i plenum:

    «Inn i skogen», «Haust», «Årstidene» og «Flaggermus».

    – Kva tenkjer de om tittelen til desse fire dikta?
    – Korleis vil de beskrive kva dikta handlar om?
    – Kven er hovudkarakteren i dikta?

    Til slutt kan de ta stilling til kva de meiner om dikta:
    – Liker de dikta? Kvifor/kvifor ikkje?

  • Aktivitetar

    1.

    Gå ein skogstur. Ver i noet. Bruk sansane. Lukt på mose, smak på bær/kløver, kjenn på borken på trea. Pust. Prøv å setje di eiga oppleving av å vere i skogen i fokus, samstundes som du er ein del av ei gruppe/klasse. Lag turen i skogen til noko som er godt for deg og dei du har rundt deg.

    2.

    Skriv eit moderne haikudikt om opplevinga. Eit haikudikt er delt i tre linjer med 5 + 7 + 5 stavingar. Haikudikta er haldne i notid, dei skal vise til ei årstid, og det skal gjerne skje ei rørsle i diktet.

    Mosen kitlar meg
    Grøn, gråsprengd, stiv og gammal
    Frisk og klok du er

    Dersom det ikkje er mogleg å organisere ein skogstur, kan de hente inspirasjon til diktet frå noko anna, til dømes eit fjernsynsprogram om skogen her

    3.

    Lag eit skogbilete i storleik A4 med mørk grøn eller brun bakgrunn og lysare skogfargar på målinga. La deg inspirere av uttrykket i framsideillustrasjonen til Mari Kanstad Johnsen. Lim haikudiktet ditt inn i biletet. Gjer deg flid. Ram inn med farga papp i storleik A3, og heng opp i ei klasseromsutstilling.

  • Bonus