Skallen
-
Undervisningsopplegg
FØR:
Klassesamtale:
1. Sjå på framsida av romanen. Kva er det dokker legg merke til? (Skrift, person(ar), omgjevnader)
2. Kva trur dokker denne romanen handlar om?
3. Kva tenker dokker på når dokker høyrer ordet Skallen? Korleis passar tittelen Skallen til det dokker trur om handlinga?
4. Kva forventningar har vi til ein tekst som er omtalt som grøss?
5. Veit dokker om andre bøker eller filmar som er grøssarar?
UNDER:
Kva ord eller setningar er det som er med på å skape spenning eller uhygge? Set strek under medan dokker les.
ETTER:
1. Skriv opp dei orda/setningane elevane har plukka ut medan dokker las, på tavla/skjermen. Det kan t.d. vere desse: spøkelsestimen, knekk i bjørkeskogen, mørke, ei røvarhole, kjensla av å bli sett, meldinga med «ikkje virus», inga dekning, ein skalle, eit gjenferd, auga som lyser. Samtal i klassen om kvifor og korleis desse orda er med på å lage spenning eller uhygge. Kva ordklasse høyrer desse orda til?
2. Finn eitt eller fleire adjektiv til desse substantiva som gjer at dei blir skumlare:
huset, båten, skogen, loftet, mannen, øksa, latteren, teltet.
Skriveoppgåver:
1. Kva hender med Ben og Erik denne natta? Skriv vidare på forteljinga.
2. Plukk ut tre av orda på tavla og bruk dei i ei anna spennande forteljing.
Skriv eit femlinjersdikt der første linja kan vere: spøkelse, auge, skallen, kniven eller andre ord som signaliserer noko skummelt. Les om femlinjersdikt her
Vurdering:
Snakk om Skallen i grupper på 3–4 elevar.
– Kva likte du best? (Handlinga? Karakterane? Stemninga? Naturen?)
– Kva likte du minst?
– Kvifor?
– Kva ville du gjort annleis?
– Kva meiner du er godt gjort?Diskuter grøssaren i heile klassa og kom fram til ei felles vurdering. Det er viktig at synspunkta er grunngjevne, at rammene er hyggelege, og at elevane får høve til å framføre leseopplevingane og meiningane sine.
-
Aktivitetar
Desse aktivitetane er laga av Nynorsksenteret og Foreningen !les
1. Jobb saman to og to, og sjå på denne nettstaden.
Bestem dokker for eitt av bilda dokker synest er skummelt. Diskuter med kvarandre kvifor det er skummelt. Dokker kan sjå på nokre av bilda i samla klasse og snakke saman om kva som lagar ein skummel effekt.
2. Mange segner kan ha eit overnaturleg eller skummelt innhald. Finn ut kva ei segn er, og om det finst nokon segner på/om heimstaden din. Dokker kan gjerne sjå på dette kartet over segner.
3. Teikn eit kostyme du kunne tenke deg å bruke på halloween.
4. Slå av lyset i klasserommet, og lag ei teikning av Erik og Ben når dei får sjå seg sjølve på mobilane.
5. Skriv vidare på utdraget. Kva trur du skjer med dei to gutane?
6. Korleis tror du skallen ser ut? Teikn, beskriv skriftleg eller lag ein gjenstand.
7. Kva er skummelt med skogen om natta? Og kvifor er det slik? Diskuter i grupper og legg fram for klassa. Kanskje finn du andre døme på forteljingar med skumle ting som skjer i ein skog om natta?
-
Bonus
-
Boktips
Grøss og gru er ein serie med bøker frå Samlaget. Her er nokre tips:
Eg har venta på deg av Atle Hansen
Bergtatt av Selma Lønning Aarø
Den svartkledde jenta av A. Audhild Solberg