Plasticus maritimus

Kvar time hamnar det tusen tonn plast i havet. Det tilsvarer eit lastebillass med plast kvart einaste minutt!
Då ho var lita, hadde Ana Pêgo stranda som leikeplass. Ho gjekk turar, kika på det yrande livet i fjøra og samla fossil. Alt dette var så spennande at ho bestemte seg for å bli biolog, for å studere det fargerike dyrelivet nærare. Men etter kvart såg Ana meir og meir av noko som likna på ein ny, mangfaldig dyreart: plast. Ho begynte å samle på plast frå havet, og gav den nye arten eit namn: Plasticus maritimus.