Hopp til innhold

Pest og plage. Verdas verste pandemiar

Pest og plage. Verdas verste pandemiar, Anders Totland, Gyldendal, Illustratør: Martin Ernstsen, 2021
  • Undervisningsopplegg

    FØR LESINGA:

    Sjå på bokomslaget og ha ein samtale med klassen. Bruk gjerne spørsmåla nedanfor for å kome i gang med samtalen.

    – Kva trur de boka handlar om?
    – Er tittelen positivt eller negativt ladd?
    – Sjå på bokstav-utforminga. Kvifor trur de illustratøren har valt å skrive bokstavane slik?
    – Kvifor trur de forfattaren har valt akkurat denne illustrasjonen?
    – Kven er personen på biletet, trur de?
    – Kan de kjenne dykk att i noko av det de ser på framsida?

    UNDERVEGS:

    – Set strek under alle årstal i teksten.
    – Merk også av dei avsnitta i teksten som kan minne om korona-pandemien.

    ETTER LESINGA:

    Individuelt arbeid:

    Lag ei tidslinje og del ut til elevane og be dei fylle inn hendingane til rett årstal.

    Klassevis:

    Be elevane studere tidslinja, og ha ein klassesamtale om ho.
    Spørsmål som kan stillast i samtalen:

    – Ser de nokon særtrekk ved tidslinja? (Hyppigheit på utbrot?)
    – Kva innverknad på samfunnet fekk svartedauden? (skriftspråk utsletta, nytt skriftspråk vart dansk, fråflytta gardar)
    – Kva for årstal og kva hending kan ein seie er svært sentralt på tidslinja? (Vaksine 1796, vaksine til Noreg 1801).
    – Kva skjedde i 1810? (Lov om at alle skulle vaksinere seg.) Kva tenkjer de om ei slik lov? Korleis er det med lover om vaksine i dag?
    – Kva fann de av informasjon i teksten som kan minne om den pandemien vi sjølve har vore gjennom/framleis står i? (Svartedauden: karantene på skip, strenge tiltak i Nord-Italia: isolasjon, avstandsreglar på skulen, ikkje lov å reise, berre næraste familie fekk delta i gravferder.)

    Heilt til slutt kan du be elevane kome med kommentarar til utdraget.

    – Kva tenkjer de om utdraget? Gir det eit godt bilete av sjukdomssituasjonen opp gjennom åra? Be elevane grunngje svara.

  • Aktivitetar

    1.

    Skriv ein faktatekst eller lag ein video om pandemiar på bakgrunn av utdraget.

    2.

    Korleis såg Noreg ut då svartedauden herja? Lag ei teikning eller ei faktaoversikt.

    3.

    Kva ville du ha laga ei faktabok om? Skriv ein kort introduksjon til temaet.

    4.

    I utdraget står det at mange stader vart lagde aude etter at svartedauden herja, og at det i dag finst stadnamn som har fått namnet sitt slik. Undersøk om det er nokon slike stadnamn i området der du bur, og undersøk samtidig om det er andre grunnar til at stader heiter det dei gjer. Kan de finne ut om det har vore andre sjukdommar som har herja og hatt innverknad i samfunnet der de bur?

    5.

    Kan du finne ut meir om forfattaren av dette utdraget? Kva for andre bøker har han skrive? Presenter det du har funne, for klassen. (Dette kan gjerast individuelt eller i små grupper.)

  • Bonus

  • Boktips

    Heksejakt og heksebrenning i Europa av Aina Basso

    Lepra av Anders Totland

    Som ein bror: historia om sjimpansen Julius av Alfred Fidjestøl

  • TV-tips