Pepar & Gulrot – Pysjamasfesten
-
Undervisningsopplegg
FØR:
Tittelen på historia er «Pysjamasfesten».
– Kva trur de ei historie med den tittelen kan handla om?
– Kva stemning trur de at det er i historia?Sjangerikonet viser at denne teikneserien er i fantasy-sjangeren.
– Kva veit de om den sjangeren?UNDERVEGS:
Les dei to fyrste sidene av teikneserien.
– Korleis er stemninga på dei sidene?
– Er sidene slik de tenkte at ei historie med tittelen «Pysjamasfesten» ville vera?ETTER:
1. Samtale i heil klasse
Snakk saman i klasserommet:
– Tolkar de dei to fyrste sidene annleis etter at de no har lese heile teksten?
– Kva trur de var mest styrande for korleis de tolka dei fyrste sidene undervegs i lesinga?
– Var det skrifta, eller var det bileta? Kvifor?Replikkane i serien er det som jentene på overnattingsfesten snakkar om, medan bileta syner det som hender i brettspelet deira.
– Korleis påverka bileta tolkinga dykkar av replikkane?
– Og korleis påverka replikkane tolkinga av bileta?2. Vurdering
Snakk om teikneserien i grupper på 4–5 elevar.
– Liker de denne teikneserien?
– Kvifor/kvifor ikkje?Deretter kan de diskutera teikneserien i heile klassen og koma fram til ei felles vurdering. Det er viktig at synspunkta er grunngjevne, at rammene er hyggelege og at elevane får høve til å framføra leseopplevingane og meiningane sine.
Oppgåve:
La elevane gje ny tekst til boblene på dei to fyrste sidene av serien, og sjå korleis det kan endra korleis dei tolkar bileta. Elevane kan til dømes velja å forsterka fantasy-preget, ta serien i humoristisk retning, gjera serien meir metaforisk (som at han eigenleg handlar om uynskte fylgjarar i sosiale medium), gjera serien skumlare eller noko heilt anna. Bruk gjerne dei elevproduserte sidene som utgangspunkt for å snakka meir i klasserommet om korleis elevane opplever at skrift og bilete påverkar kvarandre.
Her kan du lasta ned dei to fyrste sidene utan tekst i snakkeboblene. Du kan velja om elevane skal arbeida på papir eller digitalt:
-
Aktivitetar
1.
Pepar & Gulrot er ein teikneserie. Kva andre teikneseriar kjenner du til? Kva slag teikneseriar liker du best?
2.
Serieskaparen David Revoy driv ikkje berre med teikneseriar. Han har til dømes vore konseptteiknar for den ordlause, animerte kortfilmen Spring (Vår). Skriv eit vårdikt med utgangspunkt i stemninga i filmen.
Sjå filmen under:
3.
Teikneserien Pepar & Gulrot finst på mange ulike språk. Prøv å omsetja episode 1 frå svensk (eller eit anna språk du skjønar) til nynorsk – utan å sjå på den nynorske omsetjinga som alt finst. Når du er ferdig med å omsetja, kan du samanlikna omsetjinga di med den eksisterande nynorskomsetjinga. Kva var likt? Kva var ulikt?
-
Bonus
Les fleire episodar av Pepar & Gulrot her
Her kan du sjå ein video av korleis David Revoy fargelegg ei side frå Pysjamasfesten:
Og her ein video av heile teikneprosessen til David Revoy (ei side frå episode 26):
Her kan du sjå fleire teikneseriar med Pepar & Gulrot
Her finn du tips til fleire nynorske teikneseriar
Vil du lage teikneserie? Lær her