Hopp til innhold

Overtrykk 2025

Overtrykk 2025 - Vibeke Ihlen Selnes

Overtrykk er ei årleg samling med nye norske teikneseriar. I samlinga som kom ut i 2025 får dei fleste hovudpersonane seg ei overrasking. Slik er det også i «Hundeteikneserie» som du no skal få lese byrjinga på. Jenta i denne historia har ein hund som heiter Mango Lassie, og han gjer aldri heilt det eigaren forventar.

  • Utdrag

  • Til læraren

    I dette undervisningsopplegget skal elevane nærlese og arbeide med utdrag frå ein teikneserie av Vibeke Ihlen Selnes. Elevane skal lære om korleis teikneseriar er bygde opp, og utforske ulike verkemiddel. Elevane får òg øve på å beskrive og tolke ansiktsuttrykk, diskutere karakterar og vendepunkt og bruke fagomgrep knytte til teikneserie som samansett tekst. Til slutt skal dei lage sin eigen teikneserie, både som kreativ skriving/teikning og som ein del av ei felles, praktisk klasseoppgåve der klassereglane blir presenterte i teikneserieformat.

    Presentasjonen vi har laga, kan skape eit felles fokus og gir ei naturleg ramme for arbeidet. Vi tilrår å bruke han aktivt gjennom heile opplegget. Sjå også utskriftsmalen for teikneseriar, som de kan ta i bruk.

    Undervisingsopplegget er laga av Nynorsksenteret

  • Undervisingsopplegg

     

    Før vi les

    Felles i klassen

    Teksten vi skal lese, er ein teikneserie, men kva er det som skil ein teikneserie frå
    ein vanleg tekst i læreboka?

    Finn ut:

    – Kva betyr det at ein teikneserie er ein samansett tekst?
    – Kva element er teksten sett saman av?

    Samtalespørsmål

    1. Kva er det første du tenkjer på når du ser framsida av teikneserien?
    2. Somme teksttitlar er litt mystiske, men denne er det ikkje. Kva fortel tittelen oss? Kva er det tittelen ikkje fortel oss?
    3. Studer ansiktsuttrykket til jenta på framsida av boka. Kva slags uttrykk har jenta? Kva slags uttrykk har hunden?
    4. Kva kan uttrykka deira seie om kva teksten handlar om, trur du?

    To og to saman

    Utfordring: Lag ansiktsuttrykk som symboliserer kjenslene som står lista opp under, og la læringspartnaren din gjette kva du prøver å uttrykke:

    glede
    sinne
    usikkerheit
    redsle
    oppgittheit
    sjalusi
    tristheit
    håpefull
    stolt
    forelska
    stressa

    Fleire spørsmål

    5. Kan hundar ha ulike ansiktsuttrykk? Dersom ja: Forklar dei ulike uttrykka, og er du ekstra tøff: vis dei for læringspartnaren din.
    6. Basert på bokframsida, tittelen og teikninga. Kven trur du er målgruppa for teksten, og kvifor?
    7. Kva slags typar teikneseriar har du lese før?
    8.  Kva er det som gjer ein teikneserie god, synest du?

    Om ulike perspektiv

    Teikningar kan bli utforma i ulike perspektiv som viser om vi ser noko ovanfrå, nedanfrå eller rett fram.

    9. Kva kjenneteiknar teikningar som er laga i desse perspektiva?

    – normalperspektiv
    – fugleperspektiv
    – froskeperspektiv

    10. Kvifor kan det vere lurt å veksle mellom dei ulike perspektiva når ein lagar ein teikneserie?
    11. Kva slags effekt får det for lesinga?

     

    Medan vi les                                                                                    

    Tenk over:

    Medan du les, kan du leggje merke til måten teikneserien er bygd opp på, for eksempel:

    – kor ting er plasserte i biletet
    (framgrunn/mellomgrunn/bakgrunn)
    – kva slags perspektiv som er brukte (normal-, froske- eller fugleperspektiv)
    – kva fargar som er brukte?

     

    Etter vi har lese

    Samtalespørsmål

    – Kven er det vi møter i teikneserieutdraget?
    – Korleis oppfører hunden seg i starten av utdraget?
    – Kven er Fransiska, og på kva måte skil ho og eigaren seg frå jenta og Mango Lassie?

    Vendepunktet

    – I teikneserieutdraget skjer det eit dramatisk vendepunkt. Kva er det som hender med Mango Lassie?
    – Kva har superbohrium med vendepunktet å gjere?
    – Kva i alle dagar er bohrium? Søk på Internett etter svar.
    – Etter at Mango Lassie har fått superkrefter, skjer det fleire uventa ting. Forklar kva som skjer, til sidemannen.
    – Korleis trur du historia om Mango Lassie endar?

    Kva synest du om teikneserien?

    På ein skala frå 1 til 6, kor godt likte du teikneserieutdraget? Grunngi synspunktet ditt med minst tre punkt.

    Snakk saman to og to, før de har ein felles klasseromssamtale

    Kva la du merke til i måten teikneserien er teikna på, for eksempel:

    -kor ting er plasserte i biletet (framgrunn/mellomgrunn/bakgrunn)
    – kva slags perspektiv som er brukte (normal-, froske- eller fugleperspektiv)
    – kva fargar som er brukte?

    Korleis påverka det lesinga av teikneserien?

     

    Onomatopoetikon

    Er du klar for å lære deg eit avansert og langt ord?

    Onomatopoetikon

    Øving: Sei ordet fem gongar raskt etter kvarandre.
    Kva betyr ordet?

    Onomatopoetikon viser til lydhermande ord, altså ord der tydinga fell saman med lyden det lagar.

    Eksempel: mjau, brr, au, mø, pling, svisj (vind), uff.
    Kjem du på andre onomatopoetikon enn dei som står lista opp her?

    Undersøk         

    Onomatopoetikon er som sagt lydhermande ord. Betyr det at vi skriv for eksempel voff likt på alle språk?

    Undersøk korleis onomatopoetikonet voff blir skrive på:

    – engelsk
    – tysk
    – spansk
    – arabisk

    Samtalespørsmål

    Onomatopoetikon blir ofte framheva i teikneseriar.

    – Kvifor det, trur du?
    – Kva slags onomatopoetikon finn du i teikneserien du nettopp har lese?

     

    Oppgåver

    Arbeidsppdrag 1

    Du skal no førebu å lage din eigen vesle teikneserie. Å la eit dyr og eit menneske eller ein fantasifigur vere hovudpersonar i ein teikneserie kan vere eit lurt utgangspunkt. Det første du må avgjere, er kva slags dyr det skal handle om, og kva slags menneske eller fantasifigur som skal vere hovudpersonar.

    1. Teikn skissa av hovudpersonane dine på eit ark.

    Det er ofte lurt at hovudpersonane har eigenskapar som er litt kontrastrike, det betyr at dei er ulike på måtar som gjer samspelet mellom dei eller humoren og konflikten tydelegare.  Skriv opp kva slags eigenskapar hovudpersonane dine skal ha. Sjå til dømes om det er nokre eigenskapar du kan plukke frå lista under.

    Moglege eigenskapar:

    superroleg / ekstremt ivrig
    klønete / er presis i alle bevegelsar
    kjempesjenert / elskar folk og halloi
    dramatisk type / blir aldri vippa av pinnen
    kjempesta / ombestemmer seg heile tida
    ekstremt forsiktig / totalt uredd
    elskar orden / elskar kaos
    skravlete / vil helst vere stille
    ser lyst på livet / ser bekmørkt på livet
    likar å hoppe i det / må planlegge alt
    trur at alt vil ordne seg / trur at alt kjem til å gå gale

    2. No har du bestemt kva hovudpersonane i teikneserien skal vere, og kva slags eigenskapar dei skal ha. Gi ei superkraft til ein av hovudpersonane i teikneserien.

    Blir det dyret eller mennesket/fantasifiguren som får tildelt superkrafta?

    Utfordring: Hugs at det finst svært mange gøyale superkrefter. Ver så kreativ som du klarer!

    3. Skriveoppdrag som førebuing

    Skriv ei kort historie med eit tydeleg vendepunkt der superkrafta speler ei rolle.
    Bruk deretter historia som eit utgangspunkt for teikneserien du teiknar. Bruk desse tomme teikneseriemalane om du ønskjer det.

    Det er viktig at du:

    – har ein tydeleg strek
    – vekslar mellom ulike perspektiv
    – skriv tydeleg i snakkeboblene
    – har eit tydeleg vendepunkt i historia
    – brukar fleire onomatopoetikon
    – fargelegg så fint som du klarer

    4. Arranger ein teikneseriekonkurranse!

    Heng opp teikneseriane i klasserommet, og arranger ein liten teikneseriekonkurranse. Ikkje skriv namnet på kven som har laga dei ulike teikneseriane. Kvar av dykk kan dele ut til saman tre stjerner, og stjernetildelinga må vere basert på kriteria under. Dei tre teikneseriane med flest stjerner får 1., 2. og 3. plass.

    Teikneserien har:

    -ein tydeleg strek
    – vekslar mellom ulike perspektiv
    – har tydeleg skrift i snakkeboblene
    – har eit tydeleg vendepunkt i historia
    – brukar fleire onomatopoetikon
    – er fint fargelagd

     

    Arbeidsoppdrag 2 – gøy og nyttig klasseoppgåve

    Lag klassereglane i teikneserieformat!

    Forklaring: Om det for eksempel står i klassereglane at «i klassen vår snakkar vi fint til kvarandre», så lagar du ein teikneserie med 3–6 ruter som viser situasjonar der regelen blir følgd.

    – Skriv korte replikkar i snakkebobler.
    – Klasseregelen skal stå over teikneserien.

    Læraren hjelper med å dele ut dei ulike reglane slik at alle klassereglane blir gjorde om til teikneseriar.

    Kos dykk med arbeidet!

    Har du lyst til å vite korleis teikneserien om Mango Lassie enda? Les resten av forteljinga i Overtrykk 2025!

  • Bonus

  • Boktips