Norske sjørøvarar. Om plyndring og kapring i norske farvatn
-
Laeringssti-til-Norske-sjorovarar-utdrag-s.-6-10
Læringsstien er forma som ein lysbiletepresentasjon med omslaget til boka og oppgåver elevane skal gjere aleine, i par og i grupper på fire.
Målet med økta er at elevane skal lese og forstå teksten og jobbe i grupper med å lage ein presentasjon av innhaldet i utdraget frå Norske sjørøvarar.
Du må rekne om lag ein dobbeltime på læringsstien, men det er du som lærar som bestemmer organisering og tidsbruk. Presentasjonen/læringsstien er meint som eit forslag.Førebuing:
Gjer klar presentasjonen i klasserommet.Til kvart av opplegga treng du i tillegg:
– skrivesaker
– Tid for ti-antologien eller utskrift av tekstane du skal bruke
– gule lappar
– digitale einingar / store ark til å lage presentasjonar med. -
1. Teikn eit norsk sjørøvarskip, så detaljert som du klarar.
2. Sjå for deg Bergen på denne tida. Kva luktar du? Kva ser du? Kva høyrer du? Korleis er stemninga i den vesle hamnebyen når sjørøvarane kjem? Skriv ei skildring eller lag ei dramatisering i lag med ei gruppe.
3. Finn ut meir om sjørøvarar i andre europeiske land. Var dei som dei norske, eller var dei annleis? Kva med vikingane? Kan dei kallast dei første norske sjørøvarane? Kvifor / kvifor ikkje? Hald ein presentasjon for klassen.