Hopp til innhold

Norsk kjærleik

Norsk kjærleik - Brynjulf Jung Tjønn

Forfattaren Brynjulf Jung Tjønn vart adoptert frå Korea som treåring. Han nyttar si eiga historie til å tematisere spørsmål om identitet, rasisme og utanforskap. Også i den førre diktsamlinga si skreiv han om korleis det er å vekse opp på ein gard i ein norsk fjord når ein ikkje liknar på nokon av dei ein har rundt seg. Her kan du lese nokre av dikta hans.

  • Utdrag

     

    så lenge eg kan hugse
    har eg fått spørsmål
    om kor eg eigentleg kjem frå

    så lenge eg kan hugse
    har eg forsøkt å kome med eit svar

    oppvaksen i feios på vestlandet
    men adoptert frå sør-korea

    dette innøvde svaret
    for å unngå fleire spørsmål

    men sanninga er at
    eg ikkje veit kor eg kjem frå
    eg veit ikkje kven eg eigentleg er

    eg er over 40 år
    har levd gjennomsnittleg halve livet
    eg har fire barn
    dei veit ikkje kven eg er
    eg står og ser på meg i spegelen
    kor kjem dette ansiktet frå?
    kor kjem desse rynkene i panna frå?
    kor kjem denne nasen
    og denne munnen frå?
    kven arva eg kinna frå?
    kor blei denne kroppen
    elta fram og fødd?
    kor blei denne kroppen
    amma og fostra opp?

    eg veit ikkje korleis dei biologiske foreldra mine ser ut
    eg veit ikkje korleis dei møttest
    eg veit ikkje korleis dei såg på kvarandre
    med forelska blikk
    korleis dei kunne halde rundt og kysse kvarandre
    korleis dei saman kunne få meg
    eg har aldri sett kjærleiken
    mellom foreldra mine
    kjærleiken som skapte meg

    eller kanskje var det ikkje kjærleik
    kanskje heldt dei ikkje rundt kvarandre
    med forelska blikk
    kanskje heldt faren min mora mi fast
    tvang henne til å kle av seg
    på eit skittent hotellrom
    i ei mørk bakgate
    og då han var ferdig
    forlét han henne på asfalten

    eg veit ikkje kven som fødde meg
    eg veit ikkje kor eg kjem frå
    eg kan kome frå kjærleik
    eg kan kome frå hat

    eg er over 40 år
    eit halvt liv utan å vite
    kven eg eigentleg er
    og kor eg eigentleg kjem frå
    eit halvt liv igjen
    til å aldri finne ut av det

    å gå i 17. mai-toget
    og vere lys i huda
    å gå i li og !ell
    ein vinterdag
    ein sommarkveld
    raud i kinna som flagget
    auge så blå som fiol
    kvitlugga hårstrå i panna

    eg kjenner ikkje dette ansiktet
    eg kjenner ikkje dette
    strie, svarte håret
    eg kjenner ikkje desse smale auga
    eg kjenner ikkje denne hudfargen
    denne kroppen

    auge så blå som ein fjord
    auge grøne som graset på bøen
    heile barndommen ville eg berre
    likne på nokon
    vere den eg
    ikkje ser i spegelen

     

    ✣ ✣ ✣

     

    eg er tre år
    nokre dagar tidlegare var eg
    suh jung soo og koreansk
    no er eg
    brynjulf jung tjønn og norsk
    og odelsgut
    sidan 1971 viser statistisk sentralbyrå
    at færre enn tre barn kvart år
    har fått namnet
    brynjulf
    eg er kalla opp etter farfaren min
    brynjulf tjønn
    han døydde i 1973
    sju år før eg blei fødd
    ti år før eg kom til norge
    koreakrigen fekk namnet hans
    til å leve vidare

     

    ✣ ✣ ✣

     

    2

    mitt første gardsminne:
    eg vaknar i senga til foreldra mine
    sterk sol mot ansiktet
    og alt er stille
    rommet er tomt
    eg går ned trappa
    huset er tomt
    det store huset
    kvart rom er tomt
    og eg går frå rom til rom
    ropar på mor
    men ho er ikkje her
    det er min aller første sommar
    i det nye landet
    og eg går berrføtt ut
    ut på den varme grusen på tunet
    og eg ser etter mor
    sola er sterk mot ansiktet
    og der ser eg rørsler i skråninga
    på hi sida av vegen
    og eg spring mot dei som står i skråninga og rakar
    rakar det tørre høyet
    og eg spring oppover skråninga
    og finn mor
    eg tar tak i riva til mor
    held ho fast
    eg græt
    eg er ein del av alt dette no
    denne slekta
    dette landskapet
    dette landet
    denne garden
    eg bur her no
    men eg tenkjer ikkje på det
    eg tenkjer berre på
    at eg er redd for å miste
    nok ei mor

     

    ✣ ✣ ✣

     

    og barnet veks opp med ditt språk
    din måte å snakke på
    barnet veks opp og brukar orda dine
    stie
    våronn
    ljå
    skog
    lam
    slakt
    barnet veks fram i språket ditt
    barnet må gløyme morsmålet sitt

    mitt barn, seier du
    odelsguten min

     

  • Lydfil

  • Til læraren

    Den prosessorienterte lesinga utgjer den generelle didaktiske ramma for undervisinga i dette opplegget.

    I opplegget legg vi vekt på leseopplevinga og refleksjon kring tema. Målet er at undervisinga skal gi ei estetisk oppleving, meining og refleksjon.

    Gjennom lesinga er det ønskeleg at elevane utviklar evner til å leve seg inn i andre sine opplevingar, reflektere over korleis språk og stemning verkar i ein tekst, og knyte litteraturen til eigne erfaringar og til aktuelle hendingar.

    Opplegget er delt i tre fasar: før lesing, under lesing og etter lesing. I førlesingsfasen skal elevane bli nysgjerrige på teksten dei skal lese. Her skal de skape ein kontekst for lesinga. Målet er å aktivisere eigne refleksjonar og uttrykk knytte til tema i utdraget.

    Lesinga skjer høgt i fellesskap, med deg som lærar som opplesar. Alle kan lese nynorsk høgt – kos deg med det. Høgtlesinga er med på å bade elevane dine i nynorsk. Når du les høgt, blir teksten ei felles oppleving der alle får vere med, uavhengig av leseerfaring og nivå. Slik kan høgtlesinga skape tryggleik og fellesskap i møte med teksten. Mellom tekstane er det lagt inn lesestopp med spørsmål til refleksjon. Desse skal hjelpe elevane til å reflektere og uttrykke seg undervegs i lesinga.

    Etter lesinga får elevane bruke det dei har opplevd i lesinga, til å løyse kreative og utforskande oppgåver. Dette skjer individuelt, i grupper eller i heil klasse. Tilpass til elevane dine ut frå trinn og nivå. Dei skal få uttrykke seg heilskapleg gjennom ord, skrift, estetikk, rørsle og fellesskap. De kan gjere opplegget som heilskap eller i utval. Oppgåvene byggjer på tolking, fantasi og samfunnsrelevans. God økt!

    Undervisingsopplegget er laga av Nynorsksenteret

  • Undervisingsopplegg

     

    Før lesing

    Vi skal få vite kva teksten handlar om

    Forfattar Brynjulf Jung Tjønn blei fødd i Sør-Korea i 1980, og blei adoptert til Noreg – og til ei bygd som heiter Feios i Sogn – i 1983.

    Tjønn har gjeve ut fleire bøker i ulike sjangrar og til både barn og vaksne. I 2022 gav han ut ei diktsamling som heiter Kvit, norsk mann. Ho tek føre seg rasisme og korleis det er å vekse opp som adoptert frå utlandet i Noreg. I diktsamlinga Norsk kjærleik (2024) følgjer han opp tematikken, og reflekterer over tankar om Noreg og det norske.

    Han spør: Kan han vere glad for å vere adoptert og leve i Noreg? Kva vil det seie å vere norsk? Kven skal han vere eller bli? Kven er han?

    Norsk kjærleik er ei bok om tilhøyrsle, om å kjenne at ein ikkje passar heilt inn – eller gjer ein kanskje eigentleg det? Med diktsamlinga erkjenner Tjønn det som er vondt, og det som er godt med lagnaden sin (noko som hender og blir avgjerande for ein).

     

    Samtale om boka og kreativt uttrykk

    Undring i klassen:

    – Kva trur de dikta handlar om?
    – Kvifor trur de fargane på omslaget er som dei er?

    Forfattaren er norsk, men veit eigentleg ikkje heilt kven han er, og kor han kjem frå.

    – Kvifor trur de at nokon menneske kjenner det slik?

    Individuelt:

    – Kva tenker du på når du høyrer omgrepet «norsk kjærleik»? Kva er det første ordet du kjem på?
    – Hugs / skriv ned dette ordet. Du får bruk for det om litt.

     

    Kva kan norsk kjærleik vere?

    Finn fram figuren av Laban og digitale/fysiske teikne- og skrivesaker (Book Creator, til dømes). La det du no veit om boka og omgrepet «norsk kjærleik», vere inspirasjon for ordet du har valt, og ei kjensle.

    – Kva ord openberrar seg for deg?
    – Kva farge har ordet? Skriv ordet med fargen ved figuren.
    – Kor sit kjensla i kroppen? Fargelegg området på figuren. Du kan bruke symbol/mønster om du kjenner at det passar.
    – Kva lyd har kjensla? Skriv ved sida av figuren.
    – Kva rørsle har kjensla?

    Reis deg gjerne opp og finn svar ved å prøve deg fram aktivt, praktisk og med fantasien til hjelp. Konsentrer deg om deg sjølv. Gjer deg flid med arbeidet. Figuren er første side i di diktsamling om «norsk kjærleik».

     

    Under lesing

    Lesing med lesestopp og samtale

    Side 35–37:

    – Kva får vi vite om Brynjulf Jung Tjønn?
    – Kvar kjem han frå?
    – Kor gammal er han?
    – Kva veit han om dei opphavlege foreldra sine?
    – Kva veit han om kjærleiken mellom dei?
    – Korleis hadde han det då han budde i Korea, trur de?

    – Korleis trur de det er å leve heile livet utan å vite kven som fødde deg, og korleis du hadde det den første delen av livet ditt?
    – På slutten av diktet brukar han strofer frå songen «Norge i rødt, hvitt og blått». Finn de strofene? Kvifor gjer han dette, trur de?
    – Kvifor skriv han at han ikkje kjenner ansiktet sitt, trur de? Kvifor trur de han heile barndommen ville likne på nokon andre enn den han såg i spegelen?

    Side 40:

    Elevar og lærar finn og forklarer vanskelege ord, omgrep og tyding saman – også historisk.

    Side 64–65:

    Diktet skildrar Tjønn sitt første minne i Noreg, etter at han er blitt adoptert frå Sør-Korea.

    – Kor gammal er han i dette diktet?
    – Kor vaknar han?
    – Kva trur de han tenker og føler når han opplever at rommet, heile huset er tomt?

    – Korleis trur de hjartet slår når han står på den varme grusen og ser etter mor?
    – Kva trur de den vesle guten tenker?
    – Korleis trur de det er å oppdage at mor er i skråninga? Kvifor græt den vesle guten då?
    – Kva trur de han meiner med «livredd for å miste endå ei mor»?

    – Kvifor trur de Tjønn hugsar denne hendinga så godt?
    – Hugsar de noko frå då de var tre år?
    – Har de mista foreldra dykkar nokon gong? På butikken eller i ei folkemengd? Korleis kjendest det?

    Side 84:

    – Kva trur de Tjønn meiner med at barnet må vekse opp med ditt språk, dine ord, din måte å snakke på?
    – Kven er «du», trur de?
    – Trur du ein har desse orda i ein by i Sør-Korea? stie – våronn – ljå – skog – lam – slakt

    – Kva tankar får du om Tjønn si erfaring med språk?
    – Kva språk brukar du i livet ditt?
    – Kva fordelar er det med å kjenne til ulike språk og kulturar?

     

    Etter lesing:

    Vi skal no samtale og reflektere over tekstane og tema. Vidare skal vi gjere individuelle og kreative oppgåver:

    Kva kjensler og refleksjonar gir dikta deg?

    Kva råd vil de gi til Tjønn og andre som kjenner på utanforskap?

     

    Læraren fortel:

    Menneske er sosiale vesen. Det betyr at vi treng andre for å ha det bra. Å kjenne at vi høyrer til i ei gruppe, gir tryggleik, støtte og glede. Når vi kjenner oss utanfor, kan vi bli triste eller stressa, fordi heile kroppen vår er laga for samarbeid og fellesskap. Tilhøyrsle handlar om å bli akseptert for den ein er, og å ha nokon å dele kvardagen med.

    Refleksjon: Kvifor kjenner Tjønn på uro når han er ønskt og elska av adoptivfamilien?

     

    Gruppearbeid

    Om tilhøyrsle:

    – Kva er typisk norsk for ungdommar som er like gamle som dykk, tenker de?
    – Er det fordelar og ulemper ved at vi har noko som vi kan kalle «typisk norsk»? Kva kan dei vere?
    – Snakk gjerne om forskjellar og likskapar mellom ulike grupper og kulturar.
    – Drøft innanfor temaa klede og stil, sosiale medium, interesser og aktivitetar, språk og uttrykk.

     

    Refleksjon i klassen

    Kva ligg i omgrepet mangfald?

    – Noko som er sett saman av mange ulike delar; rik variasjon (no). Kva tenker de om dette?
    Lille norske leksikon utdjupar.
    – Kvifor er omgrepet mangfald nyttig når vi snakkar om tilhøyrsle?

     

    Individuelle oppgåver

    Namn

    – Kor mange heiter det same som deg? Kva er den historiske utviklinga for namnet ditt? Søk hos Statistisk sentralbyrå.

    – Kva veit du om namnet ditt (tyding, kvifor du har fått namnet, anna)?

     

    Ord

    – Korleis skriv du ordet du valte før lesinga, på dei ulike språka dine? Døme: heime.

    ord

     

    morsmål

     

    dialekt

     

    nynorsk

     

    bokmål

     

    engelsk

     

    anna 

     

    heime
    heime
    heime
    heime
    hjemme
    home
    en casa

     

    Bokomslag

    Lag di eiga diktsamling med tittelen Norsk kjærleik og ordet du har valt.

    Bruk til dømes appen Book Creator. Ta eit digitalt bilde / ei teikning som du brukar på framsida. Hugs å skrive deg som forfattar. Dikt gjerne opp eit forlag, og gi eit terningkast frå ein kritikar. Sjå forslag i presentasjonen over.

     

    Å skrive dikt

    1. Haikudikt: Skriv eit haikudikt (3 linjer, 5 – 7 – 5 stavingar) som skildrar kva som gir tilhøyrsle i Noreg for deg. Målet er å fange eit no-tidig augeblikk med den korte og konkrete forma. Haikudikt kan skape refleksjon, undring og nye perspektiv.

    Døme:

    Venner, smil og blikk
    Varmar meg godt her eg går
    Seier «høyrer til»

    1. Rim-dikt: Lag eit dikt med to strofer der du brukar rim (forma ABAB eller AABB) for å beskrive korleis det kan vere å kjenne tilhøyrsle med ein venn, ein hobby, eit dyr, ei leike, ein familie, ein klasse, i ein by / ei bygd, eller i eit land. Her får elevane utforske personlege tankar og identitet gjennom kreativ skriving.

    Tips: Bruk ord som «heim», «trygg», «røter», «venger», «glede» … (lag gjerne ordsky saman for tips. Det må også vere rom for å skildre det sårbare og kritiske).

    1. Frie vers: Skriv eit dikt utan krav til rim eller fast form (kan vere inspirert av forma til Tjønn). Diktet kan handle om at kjærleik er å bli akseptert for den ein er. Elevane kan bruke kontrastar, spørsmål eller bilde. Her får elevane utforske personlege tankar og identitet gjennom kreativ skriving.

    Døme på start:

    eg er meg, men høyrer eg til?

     

    Diktsamling

    Set saman bokomslag, figur og dikt til di eiga diktsamling i appen Book Creator. Skriv gjerne ut i fysisk format. Ha klasseromsvising med samtale om uttrykk og refleksjonar.

    Klasseromsvisinga kan vere ei lansering med høgtideleg opning, programleiing og avslutning. De kan bruke songen «Alt godt som enno ventar» (Harrysson og Felde) som estetisk inngang, og lage ei hyggeleg ramme i klasserommet.

  • Bonus

  • Boktips