Hopp til innhold

Misty åleine

Misty åleine - Trude Tjensvold

Hunden Misty bur i eit krigsherja land langt borte saman med eigaren Ruben og foreldra hans. Familien har lenge snakka om at dei må flykte, vekk frå bombene som fell, og no er dei nesten dei einaste igjen i blokka. Misty er glad i mat, og då ho luktar noko godt i sekken til ein av naboane, følgjer ho etter lukta ned i kjellaren. Naboen legg ikkje merke til ho og stenger ho inne ved eit uhell. Det hjelper ikkje kor mykje ho gøyr, ingen høyrer ho.

  • Utdrag

     

    8

    Endeleg sovnar Misty på toppen av ein potetsekk. Det nærmar seg daggry i det ho bråvaknar av eit kraftig drønn. Potetene trillar ut av sekken, som veltar, slik at Misty sklir ned på golvet. Igjen kjem det eit drønn, og heile huset ristar. Snart sig den sure lukta av røyk inn. Ho borar seg inn gjennom veggane, inn gjennom dørene og heilt inn i naseborene.

    Først no kjem flyalarmen, korte støytar med høg og skrikande røyst. Men no er det aldeles for seint. Flya har allereie kome seg langt inn over byen, gøymde i tjukke skylag. Dei flyg lågt og slepper bomber i rask rekkefølgje.

    Ingen får nokosinne vite kva det var som hende denne dagen. Kvifor flyalarmen kom så altfor seint, og kvifor ingen rakk å gøyme seg.

    Ruben er førstemann på føtene. – Misty! ropar han.

    Men Misty er ikkje i senga, slik ho brukar.

    Ho er ingen stad å sjå.

    – MISTY! Kor er du, Misty? ropar Ruben. Men inga Misty kjem. Han leitar. Han ser i klesskapet, han ser under senga. Han ser etter på alle dei fine og gode gøymestadene hennar.

    Mamma riv opp døra samstundes som det lange ulet kjem. Det som betyr at flya har reist og faren er over.

    – Kom! seier ho. Ho triv den vesle kofferten og ein bag. – Vi må kome oss av garde! NO! ropar ho. – Toget går om nokre timar. Det kjem til å vere kø!

    – Du vil vel ikkje dra i nattkleda? spør pappa.

    Mamma dreg på seg jeans og ein genser, medan pappa hjelper Ruben å leite etter Misty. Men dei finn ho ikkje.

    – Eg blir ikkje med! seier Ruben. Pappa dreg han i handa.

    – NEI! ropar Ruben. – Ikkje utan Misty.

    Men pappa er sterkare. Han har eit godt grep rundt overarmen til Ruben, som motvillig må følgje med ut døra og ned trappa.

    – Vi har ikkje tid til å leite meir, forklarar pappa.

    – Misty kjem til å klare seg, trøystar mamma.

    – Eg er viss på det. Ho som er så klok.

    Nede i kjellaren blir det heilt stille ei stund, før Misty høyrer dører slå og føter som spring ned trappene. Det er mange føter som spring. Det er store føter, og det er små føter. Nokre spring fort, andre spring sakte. Dei spring ned mot kjellaren. Dei kjem ifrå alle leilegheitene i blokka. No spring Misty òg. Ho spring over det kalde kjellargolvet, mot døra.

    Snart kan Misty høyre lyden av ei dør som blir riven opp. Ho lograr med halen. Ho småtrippar med potane. Men kjellardøra opnar seg ikkje. Det er døra like utanfor ho kan høyre, den som leiar ut av huset. Misty bjeffar fortvila, men til inga nytte. Ingen høyrer ho.

    Ingen opnar døra inn til kjellaren. Lyden av steg forsvinn ut på trappa til bakhagen og vidare ut porten til gata utanfor.

    – MISTY! skrik Ruben.

    – VOFF! bjeffar Misty. Ho klorar på ståldøra til potane blir såre.

    – M I S T Y! Stemma til Ruben blir svakare.

    Til slutt forsvinn dei siste par føtene ut og blir vekke, og ytterdøra går igjen med ein hard smell. Så blir det stille igjen. Uendeleg stille.

     

    9

    Først fleire timar seinare opnar døra seg, og lyden av steg kjem inn i kjellar-rommet. Misty ligg flatt på golvet med potane føre andletet.

    No er ho raskt på beina. RUBEN! Kan det vere Ruben som har kome tilbake? Men nei, det er den lange mannen som kjem inn. Han går bestemt mot bua inst i kjellaren. Den med den store hengelåsen og sekken med den spennande lukta. Mannen fiskar ein nøkkel opp av lomma og vrir om.

    Då mannen kjem ut av bua igjen, har han sekken på ryggen. Han slenger bu-døra igjen, bryr seg ikkje med å låse. Som om han ikkje ventar å kome heim att. Misty pilar i hælane på han, der mannen går med faste steg mot utgangen. Skyggelua har han trekt ned i panna, og han har eit gevær i handa.

    Misty skulle så gjerne fått tak på sekken hans, finne det som luktar. Men mannen ber sekken høgt på ryggen. Misty småhoppar bak han, men ho kjem ikkje eingong nær sekken.

    Framme ved kjellardøra nøler mannen ein augneblink. Endeleg får han auge på Misty.

    – Fælt så innpåsliten du er, seier han.

    Misty gir frå seg eit pip. Ho ser på mannen med bedande auge, før ho spring rundt han og igjen prøver å nå sekken han har på ryggen.

    – Jaså, seier mannen. – Du vil ha maten min?

    Du får vel få smake litt, då.

    Han viklar av seg sekken og fiklar litt med snøret, før han stikk handa ned i han. Ut dreg han ei tørka sild, som han slenger ned på golvet framfor Misty. Ho stikk nasen sin bortpå, og rører så vidt ved silda med tunga. Fy! Ho er altfor salt! Misty ryggar unna.

    – Du likar ikkje tørka sild? spør mannen surt. Han bøyer seg ned og plukkar opp silda att, tørkar ho på buksa og stappar ho tilbake i sekken.

    Mannen sender eit siste blikk bak seg før han vrir om låsen og opnar den tunge døra. Misty skundar seg å smette ut i oppgangen. Ho kikar utolmodig opp på mannen. Skal han ikkje opne ytterdøra? Han fiklar med låsen, og snart er dei begge ute av huset.

    – Kor har du tenkt deg? spør mannen.

    – Best du kjem deg unna, seier han vidare.

    – Det er nok ikkje lenge før fienden kjem, og då er best å vere ein annan stad enn her.

    Sildemannen sluttar seg til ei gruppe soldatar, som marsjerer mot utkanten av byen. Skal Misty følgje etter? Ho spring litt fram og attende. Nei. Ho lyt gå mot jernbanestasjonen. Ho lyt finne Ruben. Ho snur seg ein siste gong og ser etter sildemannen, der han plystrande traskar av garde for å møte krigen.

     

    10

    Røyken ligg tjukk over asfalten. Mørk, grå, buktande veltar han seg fram rundt gatehjørna og kliv opp etter husveggane. Åleine, klemd tett inntil husveggen, står Misty.

    Øydeleggingane er katastrofale. Hus og blokker er knuste til støv, og det brenn fleire stader. Folk spring mellom ruinane medan dei held seg for munnen. Det er mest uråd å puste, no som lufta er fylt av røyk og støv. Mange leitar etter familien sin, venene, naboane. Dei rotar i steinrøyser med berre nevane. Dei grev i steinane til fingrane blir raude av blod.

    Soldatar med hjelm på hovudet og gevær over aksla kjem berande på sandsekkar. Dei stablar sekkane oppå kvarandre og bygger lange murar av dei. Murar dei kan gøyme seg bak når fienden snart strøymer inn i byen. Det hastar å få sperringane ferdige.

    Midt i kaoset sit ei gammal dame på ein stor stein, i ei røys som ein gong har vore eit hus.

    – Dei kjem no, seier ho og skjuler andletet i hendene. Skuldrene hennar tek til å riste. – Folk har sett kolonnar av lastebilar og soldatar. Dei er berre ein dagsmarsj unna bygrensa.

    Misty stoppar ved sida av dama. Ho sniffar litt. Ho kjenner tydeleg lukta av liv frå ein stad under steinane. Eit par karar grev febrilsk i steinhaugen litt lenger oppe, på heilt feil plass! Misty byrjar å gøy og stampe med potane. Ho held fram heilt til karane ser opp og kjem mot ho.

    Dei grev i stille. Dei grev raskt, akkurat der Misty markerte.

    Snart løftar dei opp eit nesten nyfødt, men støvete barn, som straks tek til å gråte. Den eine karen klemmer barnet mot bringa og ruggar det medan han nynnar svakt:

    – Jenta mi, jenta mi. Den fine veslejenta mi. Den gamle dama fiskar Misty opp i armane sine. Ho er mjuk om bringa der ho held Misty heilt fast.

    – Fine bisken, seier ho. – Fine bisken som kan finne det som er gøymt for menneske.

    Men Misty kan ikkje vere her lenger. Ho må skunde seg. Ho må finne att Ruben. Ho kravlar og kavar heilt til ho kjem seg laus.

    – Kom attende, bisken, ropar den gamle dama etter Misty, som snart er vekke for auga hennar.

     

  • Lydfil

  • Til læraren

    Målet med arbeidet med Misty åleine er å gi elevane ei sterk leseoppleving og større innsikt i korleis krig, flukt og sakn påverkar både menneske og dyr. Lesinga skal hjelpe dei å utvikle empati, utvide perspektiv og undersøkje korleis språk og stemning verkar i ein tekst.

    I førlesinga skal elevane bli nysgjerrige på teksten dei skal lese, og aktivisere eigne tankar og kjensler knytte til tema som flukt, sakn og forholdet mellom menneske og dyr. La bokomslaget vere skjult til elevane har laga eigne forslag.

    Les utdraga høgt i fellesskap. Høgtlesing gir ei felles oppleving der alle kan delta, uavhengig av leseerfaring og tempo, og skaper tryggleik i møte med teksten. Planlagde lesestopp med korte  refleksjonsoppgåver hjelper elevane å tolke og dele tankar med kvarandre undervegs. Nokre oppgåver blir gjennomførte i par eller grupper for å styrkje dialog og forståing.

    Etter lesinga får elevane bruke leseopplevinga vidare i kreative og utforskande oppgåver. Dei uttrykkjer seg munnleg, skriftleg og visuelt, og arbeider med tolking, synsvinkel, språklege verkemiddel og eigen tekstskaping.

    Oppgåvene kan tilpassast ulike alderstrinn og kompetansenivå.

    Undervisingsopplegget er laga av Nynorsksenteret

  • Undervisingsopplegg

     

    Før lesing

    Kven trur du Misty er?

    La tankane om henne vere utgangspunkt for ei skisse til eit bokomslag. Heng opp forslaga rundt om i klasserommet. Bruk dei for å få i gang ein samtale.

    Flyalarmen går

    (Læraren spelar av lyden av ein flyalarm). Skriv ned tre ord som kjem i hovudet ditt. Kva kjensler får du? Korleis kan lyd påverke stemninga i ein tekst?

    Å miste noko eller nokon

    Skriv samanhengande i to minutt utan å stoppe. Har du nokon gong mista noko eller nokon som var viktig for deg? Korleis var det? Dette skal ikkje delast med andre.

     

    Under lesing

    Første lesestopp

    Start med å lese kapittel 8, men stopp allereie etter første avsnitt:

    «Ingen får nokosinne vite kva det var som hende denne dagen. Kvifor flyalarmen kom så altfor seint, og kvifor ingen rakk å gøyme seg.» (s. 41)

    Kva hendte denne dagen? Kva skjer vidare? Kor skjer det? Når skjer det? Diskuter ulike forslag med ein medelev. Kva spor i teksten støttar tolkinga di? Del forslaga i plenum før dokker les vidare.

    Misty på ark

    Teikn Misty på eit blankt ark. Skriv ned kva ho føler, tenkjer, høyrer, luktar, ønskjer. Kva fortel desse sansane deg om korleis Misty opplevde det som skjedde?

     

    Etter lesing

    Å flytte synsvinkelen

    Misty møter fleire på reisa si for å finne Ruben, mellom anna «Sildemannen» og den gamle dama som sit på ein stein, i ei røys som ein gong var eit hus. Vel deg ein av desse karakterane og skriv eit dagboknotat der synsvinkelen ligg hos ein av dei. Bruk førstepersonsforteljar og få fram kjensler og tankar.

    Å lage illustrasjonar til tekst

    Gå tilbake til teksten. Vel deg ei scene og forsøk om du kan teikne ho. Tenk over korleis du brukar fargar for å få fram stemninga i teksten. Bruk teikningane som illustrasjonar i ein PowerPoint som læraren viser medan teksten blir lesen høgt.

    Verkemiddeljakt

    Finn språklege verkemiddel (metafor, samanlikning, besjeling, personifikasjon). Kva for verknad har dei?

    Å øve på å gjenfortelje

    Etter å ha lese utdraget skal du øve på å gjenfortelje det du har lese. Tenk over korleis du brukar stemma di. Prøv å variere tempo og trykk for å skape stemning.

    Gruppeoppgåve

    Les teksten ein gong til. Legg merke til kor det er naturleg å leggje til lyd. Lag lydkulissar til utdraget du har lese. Avslutt med å lese utdraget høgt medan du spelar av lydkulissane i bakgrunn. 

    Utdjup augneblinken

    Gå saman i grupper på 2-3 elevar. Vel dokker ei scene og dramatiser ho. Skriv replikkar. Vis gjennom kroppsspråk og stemme korleis karakterane har det. Tenk òg over korleis lys og lyd kan forsterke stemninga. Framfør for klassa, eller lag ein film som alle kan sjå.

    «Reisa»

    Skriv ei forteljing eller ei novelle med tittelen «Reisa». Hent inspirasjon frå tema eller stemninga i utdraget.

    Kva skjer vidare?

    Kva skjer vidare med Misty? Kva skjer med Ruben og familien? Vil dei nokon gong finne tilbake til kvarandre? Vel deg ein synsvinkel og skriv vidare på romanen.

     

    Oppgåver 

    Nyhendesak

    Lag ei nyhendesak med Misty i hovudrolla. Misty har fleire gonger fått merksemd av menneske ho kjem i kontakt med i leiting etter familien sin. Ho har gjort eit stort inntrykk. Vel om du vil skrive ein nyhendeartikkel som skal publiserast i ei avis, eller om du vil lage ein radioreportasje der du er journalist som rapporterer om Misty si reise. Bruk intervju og sitat frå menneske Misty har møtt, for å skape truverd. Lag ei fengande overskrift.

    Kjæledyr i krig

    Fleire stader i verda i dag er menneske på flukt frå krig og andre katastrofar. Undersøk kven som flyktar, og kvifor dei flyktar. Kva skjer med kjæledyra når det er krig? Finn ut meir. Fleire av desse dyra har fått heltestatus, som for eksempel hunden Patron, som har fått heiderspris av Zelenskyj og har ein eigen instagramkonto. Lag ein eigen instagramkonto til Misty. Kva for bilete og tekstar ville du ha valt for å vise korleis Misty har det?

    Å skrive personleg

    Kva ville du ha gjort om du var Ruben og måtte dra ifrå kjæledyret ditt? Skriv ein kort personleg tekst.

  • Bonus

  • Boktips