Hopp til innhold

Mamma på dass

Mamma på dass - Anders Totland

Ella og Omar har nett fylt tretten år. Dei er naboar og bestevener, har kjent kvarandre heile livet og har bursdag same dag. No er dei endeleg store nok til å få Snapchat og TikTok på telefonen! Men då oppdagar Ella samtidig kva mor hennar legg ut på Facebook, og ho kallar Omar inn til krisemøte.

  • Utdrag

     

    KAPITTEL 6

    Omar tok telefonen og blei sitjande og sjå inn i skjermen utan å seia eit ord. Biletet av Omar og meg som hadde sovna i sofaen med ei chipsskål i fanget og slev som rann nedover dei sløve kinna. Teksten: «Sjå så søte dei er!»

    Hadde mamma ingen grenser? Eigde ho ikkje skam?

    Etter ei lita stund skrolla Omar vidare. For kvart sekund som gjekk, for kvart bilete som passerte på skjermen, blei han berre gråare og gråare i ansiktet.

    «Plis sei at det ikkje er noko som er endå verre der?» trygla eg. Eg kunne allereie sjå føre meg korleis det sosiale livet vårt var i ferd med å visna vekk, kva som ville skje når folka på skulen såg alt som låg der ute. Alle bileta av oss. Alle dei ekle, små tekstane til mamma.

    Kva om jentene på fotballaget såg det? Eller spelarane på laga me spelte mot? Det var jo fullstendig krise. Fy flate, som eg kom til å få høyra det.

    Omar rista på hovudet.

    «Dette er verkeleg ikkje bra», sa han så lågt at det berre var så vidt eg kunne høyra han.

    «Kva er det?» spurde eg.

    «Du veit då du hadde vasskoppar i haust og låg som eit slakt på sofaen heile veka?» sa Omar.

    Eg nikka.

    «Det veit tydelegvis alle andre òg.» Omar viste meg skjermen, der både magen, ryggen og låra mine var avbilda – fulle av lyseraude prikkar. Fulle av ekkel sjukdom.

    «Er det mogleg?!»

    «Det er visst det», sukka Omar.

    Brått blei han stiv i ansiktet.

    «Kva er det?» spurde eg.

    «Nei!» Omar måtte trekka pusten djupt. Han viste meg skjermen, der fleire bilete fylte kommentarfeltet under prikkebileta mine.

    Eg las kva som stod: «Sånn ser det ut heime hos oss.» Kommentaren var skriven av Kamal Osman. Sjølv om biletet var lite på skjermen, kunne eg ha kjent igjen far til Omar kor som helst. Det snille smilet til kvalitetsnaboen min, som no berre verka fjernt og ufyseleg når det stod der attmed biletet av den sjuke kroppen som alle i heile verda kunne sjå.

    Kva var det eigentleg foreldra våre dreiv med? Var det ingen vaksne heime nokon plass som kunne stoppa denne galskapen?

    To timar seinare var konklusjonen klar. Svaret var nei. Både mamma og pappa og begge foreldra til Omar var med på det. Dei både delte og kommenterte kvarandre sine bilete, saman med tusenvis av andre menneske som me ikkje eingong visste kven var.

    Og det fanst verkeleg ingen grenser. Etter kvart som me jobba oss gjennom straumen av bilete og tekstar og fann eldre og eldre postar, blei det heilt klart for oss at alt me gjennom livet hadde trudd var privat, i realiteten hadde vore eit slags liveshow for folk på internett.

    Det var bilete frå bursdagar og julefeiringar. Av første skuledag og 17. maitog. Tunge hovud som hang over toalettskåla med omgangssjuke, og feberslappe kroppar i sofaen. Det var videoar av skuleavslutningar der me stod og song saman med klassen, og dei flauaste dansenummera eg kunne tenka meg.

    Nakne babyrumper som kravla rundt på stranda då me var pitte små, og eit bilete av Omar som stod og pissa i fontena medan faren sat og las i ei avis på terrassen.

    I ein lengre tekst om kor fantastisk det var å gå på tur med familien i skogen, hadde mamma skrive detaljert om korleis det gjekk den gongen eg hadde blitt lagd inn i teltet utan bleie og enda opp med å bæsja ut både soveposar og teltduk.

    Absolutt alt var der. Heile livet til Omar og meg var dokumentert og delt med heile verda. Det var rett og slett ikkje til å tru.

    Men det var sant. Me såg det med våre eigne auge.

    Ein ting var at eg aldri hadde gidda å laga sånn kode til telefonen min som skulle hindra folk frå å sjå kva eg hadde der (noko Omar hadde vore rimeleg kritisk til). Men det kravde trass alt at dei hadde telefonen min i hendene. Dessutan hadde eg nesten ingen bilete, så det var ikkje noko der å skjula. Men dette var mykje verre.

    «Instagram», sa Omar då me hadde sete stille saman ei stund utan å vita kva me skulle seia eller gjera meir.

    «Kva?»

    «Me må sjekka Instagram.»

    Omar tok opp sin eigen telefon, og med nokre kjappe bevegelsar fekk han installert og opna appen. Han søkte på namna til foreldra våre, men både pappa og foreldra til Omar hadde heldigvis hengelås på kontoane sine. Det var berre folk dei kjende, som kunne sjå innhaldet. Det var i det minste noko. Det var betre enn Facebook.

    «Søk på mamma», sa eg.

    Omar skreiv inn namnet hennar: Miriam Cecilie Kårslo.

    Og der var ho. Eg kjende straks igjen brukarnamnet frå Facebook. MissKardashianNorway. For eit sjukt nick å bruka. Hadde ho liksom deltatt i ein slags missekonkurranse utan at eg hadde fått det med meg, eller kva var det som var greia?

    «Jobbar ikkje mor di som tannpleiar?» sa Omar.

    «Jo», sa eg.

    «Sjekk så mange følgjarar!» sa Omar.

    Eg festa blikket på skjermen.

    3,584 posts.

    76,723 followers.

    820 following.

    Miriam C Kårslo.

    Digital creator.

    «Fy flate!» sa eg og kjende korleis bakken under oss opna seg. Me kunne like gjerne bli slukte ned i undergrunnen først som sist.

    «Jepp», sa Omar.

    Han såg ned i skjermen igjen før han kikka opp på meg.

    «Mor di er faktisk ein heilt ekte influensar.»

     

    KAPITTEL 7

    «God morgon!» kvitra mamma. Ho kom flaksande inn i stova i ei laus morgonkåpe med rosa blomemønster. Ho var så blid at eg blei heilt kvalm. «Korleis går det med bursdagsbarna?»

    Omar glante stivt inn i skjermen og rørte seg ikkje ein millimeter. Eg visste heller ikkje kva eg skulle seia, korleis eg skulle forhalda meg til mamma lenger. Eller burde eg kanskje kalla henne Miss Kardashian Norway?

    Alt hadde endra seg denne morgonen. Sjølv om ho såg ut heilt som før, var ho ein annan. Og bortsett frå bevismaterialet eg hadde sikra på telefonen, med skjermbilete av dei aller grovaste innlegga og bileta til mamma, visste eg ikkje korleis eg skulle handtera det.

    Alt me sa, alt me gjorde, kunne potensielt hamna på internett. Ingenting var privat. Det var som å bu i eit hus med kameraovervaking og mikrofonar i kvart einaste rom. Som eit fengsel. Og mamma var fangevaktaren.

    «Er alt i orden?» spurde mamma.

    Eg trekte på skuldrene.

    Omar sa framleis ingenting.

    Mamma smilte. «Er de kanskje litt slitne etter gårsdagen? Det blei jo litt seint.»

    «Sikkert», sa eg.

    «Ja ja», sa mamma og gjekk inn på kjøkenet for å setja på kaffitraktaren. «De får seia frå om det er noko.»

    Så snart døra til kjøkenet var igjen og mamma ikkje lenger kunne høyra oss, lente Omar seg mot meg.

    «Skal du ikkje seia noko?» kviskra han.

    «Kva då?» sa eg.

    «Om alt saman», sa Omar.

    «Ja, det forstod eg», sa eg. «Men kva skulle eg liksom ha sagt? At me har sett kva dei har drive med, og at det ikkje er greitt?»

    «For eksempel», sa Omar.

    Eg rista på hovudet.

    «Kva skal det hjelpa for?» sa eg. «Fekk du ikkje med deg kor mange følgjarar mamma har? Med ei sånn rekkevidde har jo halve landet allereie sett det som ligg der ute. Det er ingenting å gjera med det no. Livet er øydelagt. Alt er over. Det er berre å sjå sanninga i brunauget.»

    «Meiner du kvitauget?»

    «Poenget er at det er for seint. Skaden har allereie skjedd.»

    I det same kom pappa inn. Han var nesten like opplagd og blid som mamma og hadde allereie kledd seg til joggetur.

    «Så her sit tenåringane og klør seg, ja?» Pappa gliste og retta litt på treningstrøya.

    Heldigvis venta han ikkje på svar, men forsvann inn på kjøkenet til mamma. Før han rakk å lukka døra igjen, såg eg at mamma sikta seg inn på kaffikoppen på kjøkendisken og tok eit bilete. Dei hadde ikkje eingong ete frukost enno, og ho var allereie i gang med å fylla Instagram-kontoen med innhald.

    Gjennom døra kunne me høyra at mamma og pappa snakka saman. Dei fniste og lo, som om alt var som vanleg. Som om ikkje verda nettopp hadde kollapsa.

    Eit nytt bilete dukka opp på skjermen. Øvst i feeden til mamma poppa det fram eit bilete av pappa i treningstøy og ein kaffikopp i handa. «Frisk start på det nye året», skreiv mamma.

    Det tok ikkje meir enn eit par sekund før dei første kommentarane ramla inn.

    «Godt nytt år! 🎆»

    «Sprekt! 🦾»

    «Wow!»

    «Snakk om å starta på pluss-sida. 🥰»

    «Fin fyr!»

    «Yummy yummy!»

    «Han der kunne eg tatt til frukost kva dag som helst.»

    Eg kjende korleis godteriet frå frukosten prøvde å pressa seg opp halsen igjen, og svelgde så hardt eg klarte. Det var berre så vidt det gjekk.

    Eg kikka bort på Omar. Han var framleis like bleik.

    «Det er berre ein ting å gjera», sa eg.

    «Kva då?» Omar verka usikker.

    «Me må ta hemn», sa eg.

  • Lydfil

  • Til læraren

    Ella er 13 år. Ho har akkurat oppdaga at heile barndommen og oppveksten hennar er dokumentert for heile verda på mamma sin instagramkonto med fleire tusen følgarar.

    Til dette utdraget frå Mamma på dass skal elevane samtale om og reflektere rundt det å eksponere barna sine i sosiale medium. I det første kapittelet får vi lese om fleire situasjonar frå barndommen til Ella som mamma har delt med heile verda. I det andre kapittelet får vi lese om korleis Ella opplever dette. Ho kjenner seg avkledd. Ho blir sint på mamma og pappa. Ho vil ta hemn.

    I undervisningsopplegget får elevane sjå filmsnuttar av små barn og samtale om desse. Er det greitt av foreldre å dele desse snuttane? Elevane får samtale om det dei har lese i teksten. Etter lesing får elevane sjølve jobbe i grupper og lage parodiar på filmar og bilde som foreldre kan finne på dele av barna sine. Til slutt får dei dikte vidare på teksten: Korleis i alle dagar hemnar Ella seg på influensarmora si?

    Undervisingsopplegget er laga av Nynorsksenteret 

  • Undervisingsopplegg

     

    Før lesing

    Tittelen
    Be elevane tenke over tittelen: Mamma på dass. Kva trur du denne boka handlar om?

    Framsida
    Vis elevane boka. Spør elevane

    – Kven trur de barna på bildet er?
    – Kva trur de dei gjer?
    – Kvifor gjer dei dette, trur de?
    – Kva trur de no boka handlar om?

    Baksida
    Les baksideteksten til boka saman, og sjå på bilda på baksida av boka. Samtal om:

    – Kva tenker de no boka handlar om?
    – Kva rolle spelar instagrampostane i bildet, trur de?
    – Kva slags hemn trur de dei tar?
    – Kvifor trur de no boka heiter Mamma på dass?
    – Kor gammal trur de forteljaren i boka er?
    – Finn du noko i språket som gjer at de trur dette?
    – Kven har skrive boka?
    – Kor gammal trur de han er?
    – Kva synest de om at mamma har lagt ut bilde og filmar av Ella og Omar utan å spørje om lov?
    – Veit de om det har blitt delt bilde/filmar av dykk i sosiale medium? (Til dømes bursdag, første skuledag, bilde frå feriar.)
    – Synest de dette er greitt? Grunngi.

    Virale filmar av små barn
    Sjå på desse filmsnuttane av små barn. Mens de ser filmen, kan de tenke gjennom kva de ville tenkt om de fann ut at foreldra dykkar hadde delt slike filmar då de var små.

    https://www.youtube.com/watch?v=OQGeoTfR158

    – Kva synest de om filmane? Korleis hadde de likt om det var de som var på filmane som er delte for heile verda?
    – Kvifor har foreldra delt desse filmane, trur de?

    Her er ein annan film: https://www.youtube.com/watch?v=dpsXNlarAk8

    Denne filmen er frå 1996. Han vart lagd ut på YouTube, og gjekk viralt.

    Barnet i filmen, Ellie Sergeant, har fortalt at ho var veldig, veldig flau over denne filmen i barndommen. No, når ho er vaksen, er det lettare å vere stolt over at ho var så uredd og hadde så god sjølvtillit.

    Her er eit intervju med Ellie Sergeant etter at ho vart vaksen.

    https://www.bbc.com/news/av/uk-england-nottinghamshire-59773522

    – Kvifor trur de ho var flau over filmen då ho var barn og ungdom?
    – Kvifor er ho ikkje flau over filmen lenger, trur de?
    – Kva tenker de om at foreldra delte denne filmen for heile verda?

     

    Under lesing

    Kapittel 6
    Les kapittel 6 saman. Mens de les, noterer de stikkord for kvar situasjon i barndommen mamma har delt med heile verda.

    Samtalespørsmål:

    – Heile barndommen og oppveksten til Ella er dokumentert for heile verda på mamma sin instagramkonto med fleire tusen følgarar.
    – Er dette greitt, tenker de? Grunngi
    – Korleis hadde de reagert om de var Ella?
    – Mange foreldre deler bilde av barna sine i sosiale medium. Dei gløymer ofte at dette kanskje ikkje er like gøy når barna blir store.
    – Er det greitt å dele bilde av babyar og små barn utan å spørje dei om lov?
    – Kor gamle meiner de barn bør vere før foreldre må be om lov før dei deler bilde?
    – Kva synest du om namnet mamma har laga seg på Facebook og Instagram: Miss Kardashian Norway?
    – Kvifor trur de mamma har gitt seg sjølv dette namnet?

    Kva tenker de er best/verst:

    Å legge ut rare bilde av vaksne som gjer yoga / klør seg i skrittet, utan at dei veit om det, eller å legge ut bilde av barn som gjer rare ting, utan at dei veit om det?

    Dei som meiner det eine, går til eine sida av klasserommet. Dei som meiner det andre, går til andre sida av klasserommet. Du må vere klar til å grunngi standpunktet ditt.

    Kapittel 7
    Les kapittel 7 saman i klassen

    Mens de les, noterer de ned ord som kan beskrive korleis Ella kjenner seg denne bursdagen.

    Samtalespørsmål:

    – Kva for nokre tankar og følelsar trur de Ella har denne dagen?
    – Kva tenker ho om mamma?
    – Kva tenker ho om pappa?
    – Korleis kjenner ho seg?
    – Kva tenker ho om livet sitt?
    – Kva ville de tenkt og kjent om de var Ella, trur de?
    – Heilt til slutt i utdraget seier Ella at dei må ta hemn. Kva blir hemnen, trur de?

     

    Etter lesing

    Kreative aktivitetar

    1. Lag fiktive Instagrampostar av små barn

    Tenk på vanlege ting de gjorde då de var små.

    Det kan vere at de sat på potta og leika, var sjuke, hadde tre smokkar eller åt mat på ein grisete måte.

    Det kan også vere at de gjekk litt rart på ski, hadde snubla i søla eller låg på golvet ved smågodthylla på butikken og skreik hysterisk.

    Jobb saman i grupper på tre eller fire.

    Bli einige om ein eller fleire situasjonar frå ein barndom, og gjenskap situasjonane. Det kan de gjere med film eller bilde.

    Lag det som fiktive innlegg på Instagram med tekst til. Tenk at de er foreldre til barnet.

    2. Skriv kommentarar til innlegga

    I utdraget får mamma kommentarar på innlegget av pappa i joggedress. Skriv kommentarar til kvarandre sine filmar/bilde. Leik at de er:

    tanteunge, jente, 17 år
    tanteunge, gut, 15 år
    venninne, 38 år
    svigermor, 74 år
    bestefar, 77 år
    mannleg kollega, 42 år

    Samtal:

    Kan vi krenke noko i kommentarfeltet?
    Kva vil det seie å oppføre seg fint i kommentarfeltet?
    Finst der kommentarvettreglar i sosiale medium?
    Greier de å lage nokon saman?
    Skriv vidare på forteljinga

    3. Skriv vidare

    Heilt til slutt i kapittelet står det:

    «Det er berre ein ting å gjera,» sa eg.
    «Kva då?» Omar verka usikker.
    «Me må ta hemn,» sa eg

    Skriv vidare på forteljinga om hemnen til Ella og Omar.

  • Bonus

  • Boktips