Hopp til innhold

Lepra

Lepra Anders Totland, Gyldendal 2020, Illustratør: Martin Ernstsen
  • Undervisningsopplegg

    FØR:

    Sjå på omslaget og tittelen og snakk om forventningar til utdraget:
    – Korleis trur de det var å leve i frykt for lepra frå 1400- til 1900-talet?
    – Kva adjektiv kan beskrive illustrasjonane i utdraget og på framsida av boka?
    – Sjangeren er sakprosa. Kva veit de om denne sjangeren?
    – Kva slags sakprosabøker har de lese?
    – Kva slags forventningar har de til ei bok i denne sjangeren?

     

    UNDERVEGS:

    Set fargestrek i margen når du les …
    – noko som overraskar deg (blå)
    – noko som gjer inntrykk på deg (raud)
    – noko du lurer på (grøn)

    ETTER:

    1. Vurdering
    Snakk om utdraget i grupper på 2–4 elevar.
    – Likar de utdraget?
    – Kva lærte de som de ikkje visste frå før?
    – Lag ei liste med adjektiv som skildrar opplevinga di av teksten. Kva var det som fekk deg til å føle det du gjorde?

    2. Klassesamtale
    Snakk om teksten med utgangspunkt i leseopplevingane til elevane. Still opne spørsmål og oppfølgingsspørsmål som bygger vidare på svara til elevane. Kanskje eitt av desse spørsmåla kan starte samtalen?
    – Visste du noko om lepra før du las utdraget?
    – Kvifor var det så mykje skam knytt til lepra?
    – Kvifor trur de Anders Totland har skrive ei bok om dette temaet?

    I kva grad levde utdraget opp til forventningane de hadde før lesinga? Korleis trur de resten av boka er?

    3. Vurdering og avstemming

    De kan diskutere utdraget i klassen og forsøke å kome fram til ei felles vurdering.

    – Likar de utdraget frå Lepra? Kvifor/kvifor ikkje?
    Det er viktig at de grunngir synspunkta dykka, at rammene for samtalen er hyggelege, og at elevane får høve til å framføre leseopplevingane og meiningane sine.

    Ekstraoppgåver:
    1. Sjå på framsida. Skriv 3–5 adjektiv som skildrar stemninga på biletet.
    2. Kan du finne andre bøker av Anders Totland? Kven er han?
    3. Søk opp koronavirus på snl.no. Forsøk å forklare kort kva koronaviruset er. Drøft kva som er likt og ulikt med situasjonen kring lepra frå 1400- til 1900-talet.

  • Aktivitetar

    1.

    Saman med ein læringspartnar: Sjå snl.no. Svar kort. Kva er lepra? Korleis blir det førebygt og behandla?

    2.

    Les dei tre første sidene av utdraget. Skriv eit dagboknotat som skildrar Johannes sine tankar og opplevingar første kvelden på St. Jørgens Hospital.

    3.

    I gruppe: I teksten får vi i hovudsak eit noregshistorisk innblikk i sjukdomen lepra. Kva lokalhistorie kan de finne om lepra i dykkar nærmiljø?

  • Bonus

  • Boktips