Kobbs hus
Det er sommarferie. Ask og tvillingane Iris og Eik hadde tenkt å spele fotball og bade heile sommaren, men så kom Daniela på besøk frå Egypt, og ferien endra seg. Daniela er barnebarnet til Billy Kobb, ein gal eventyrar som eig eit stort, skummelt spøkelseshus på ei øy i fjorden. Foreldra hennar er kidnappa, og for å betale dei fri treng ho skatten bestefaren har gøymt i huset. Gjengen ror over til Kobbs hus, og det viser seg fort at Billy Kobb har sikra skatten med all verdas feller. Men sjølv om dei har møtt ein rasande isbjørn, og Eik og Iris har forsvunne gjennom golvet, har ikkje Ask og Daniella tenkt å gi seg.
-
Utdrag
18
Iris og Eik er ikkje lenger saman med oss. Kor dei har tatt vegen, er ikkje godt å seie.
– Trur du dei er døde? spør eg.
– Nei. Bestefar sender aldri skattejegerane sine rett i døden, seier Daniela. – Men han sender dei nok ikkje til dei tryggaste stadene i verda heller.
Eg grøssar. Stakkars Eik. Iris klarer seg nok, men kva med Eik?
– Skal vi prøve ei luke, vi òg? spør Daniela og legg ein arm rundt skuldra mi.
Eg tenker meg om. Nei, det er for risikabelt å leite etter tvillingane no. Vi har ingen garantiar for å hamne på same plass som Iris eller Eik.
– Vi må gå vidare, trur eg, seier eg. – Jo fortare vi blir ferdige med jakta, jo fortare kan vi hjelpe dei.
Daniela nikkar. – Eg er einig, seier ho. Vi opnar døra og tar fatt på neste trapp.
Stemninga liknar fotballkamptap. Trinna kjennest høgare og fleire enn sist, og eg er fjelltursliten då vi endeleg når toppen.
Framfor ei stor, svart dør blir vi ståande og samle krefter. Eg tenker på alle musklane til Eik som ikkje lenger kan hjelpe oss. Kjem vi oss i det heile tatt inn?
Det gjer vi. Døra lar seg skuve innover utan for store problem. Idet ho smekkar igjen bak oss, høyrer vi tannhjul som dreier ein eller annan stad i huset og får skoddene til å gli til side. Litt lys slepp inn, men det er mykje mørkare enn i etasjane under. Etter ei lita stund forstår eg kvifor.
Svære bokhyller fyller rommet frå tak til golv og står i vegen for vindauga. Vi er i eit slags bibliotek, men det er noko pussig her, det er for mange hyller, eller kanskje dei står for nær kvarandre. Det er jo så vidt ein kan finne seg veg mellom dei. Og kvifor må dei nå heilt opp til taket?
– Ein labyrint, seier Daniela. – Det er ein labyrint.
Ho les instruksjonane på veggen.
– «Bøker er blant mine yndlingsskattar. Her inne finn du førsteutgåva av Harry Potter og de vises stein, du kan òg finne førsteutgåva av Hobbiten og Alice i Eventyrland, i tillegg til tusenvis av andre fantastiske bøker eg har fått tak i gjennom åra. Men du har nok ikkje tid til å lese no. Alt du må gjere, er å finne vegen gjennom boklabyrinten min. Det er ikkje så vanskeleg. Men alle desse verdifulle bøkene kan jo ikkje stå her utan tilsyn, så pass deg for vaktposten. Han kan vere litt gretten.»
Vi lyttar.
Frå ein eller annan stad mellom bokhyllene høyrest krafsing, kvesing og eit lågt, mørkt knurr.
– Kva er det med bestefaren din og ville dyr? spør eg.
Daniela trekker på skuldrene. – Han var glad i dyr, seier ho. – Men ver heilt, heilt stille no.
– Har du ein taktikk? kviskrar eg.
– Ja, seier ho. – Eg har vore i labyrintar før. Følg meg.
Så listar ho seg inn mellom bøkene. Eg følger etter. Eg prøver å finne fram jegeren frå skogen, han som lydlaust følgde både reven, den svære fyren og Daniela i nesten ein kilo- meter. Men skogbotnen knirka ikkje. Det gjer dette golvet.
Eg legg merke til at Daniela lar handa gli langs veggen medan vi går. Når ei bokhylle tvingar oss ut i rommet, følger handa hennar bokryggane bortover. Så kjem vi til ein stad der vi må velje mellom å gå til høgre eller rett fram. Daniela tar forsiktig ut ei bok frå hylla og legg ho på golvet ved vegskiljet. Så går vi til høgre, rundt eit hjørne og rett inn ein blindveg. Daniela pustar roleg ut og går sakte tilbake til boka på golvet. Så tar vi den andre vegen. Slik fortset vi systematisk gjennom labyrinten.
Av og til høyrest tassing og skraping. Kor nær vaktposten er, kan eg ikkje fastslå. Men han har heilt tydeleg både potar og klør. Ein isbjørn er det heldigvis ikkje, vaktposten er for lett på tå, men kanskje ein katt av noko slag, til dømes ein panter? Ein svart panter som snik seg mellom bokhyllene i Kobbs hus? Skarpe klør og kvasse hoggtenner begynner å fylle tankane mine. Eg ristar på hovudet.
Daniela listar seg målbevisst langs den eine hylla etter den andre. Vi treffer stadig på blind- vegar, men Daniela har alltid lagt ei bok på golvet ved vegskiljet. Eg forstår etter kvart at denne metoden før eller seinare vil få oss gjennom labyrinten. Men om det blir før vaktposten finn oss, er ikkje godt å spå. Av og til snur Daniela seg og gjer teikn til at eg skal stoppe. Vi står heilt i ro og lyttar. Det skumlaste er stilla. Når vaktposten òg står stille ein plass og lyttar, luktar, jaktar.
Vi går langs ei hylle og hamnar heilt innmed veggen, lengst bort frå vindauga. Her er det nesten heilt mørkt og enkelt for ein panter å gøyme seg. Det klør i føtene. Eg synest eg ser gule auge rundt kvart hjørne.
Så sparkar eg borti ei hylle. Ei bok dett på golvet. Det høyrest ut som nokon har detonert ei bombe.
Eit ras av kviskrande utanlandsk bannskap veltar over meg. Eg kjenner den varme pusten til Daniela over heile fjeset. Eg grip tak i ho og klemmer ho inntil meg, som om det var nyttårsaftan. Ho blir stille. Eg kjenner hjartet hennar gjennom genseren, det er som om ho har ein overivrig hakkespett der inne i brystet.
Eg held pusten. Vi er så stille som det er mogleg å bli. Svaberg bråkar meir.
Så høyrest eit knurr. Eit høgt knurr. Og det kjem frå ein plass ikkje langt unna.
19
Eg snik hovudet forbi hyllekanten og tar ein titt. Eg ser ikkje nokon panter, men ei tynn stripe lys frå eit av vindauga. Rommet er breitt, skikkeleg breitt. Eg får ein idé.
Daniela nikkar sakte då ho høyrer planen min. – Den er ikkje så veldig god, kviskrar ho. – Men eg kjem ikkje på noko betre.
Vi ser på kvarandre og tel til tre. Så plukkar eg opp boka frå golvet og hiv ho mot vind- auget, langt der borte. Ho kvervlar uelegant gjennom rommet og treffer golvet ein liten meter unna veggen. Straks kjem ein svart skap- ning pilande fram frå hylleskogen og nærast flyg mot den mishandla boka.
– No! seier eg.
Så spring vi. Metoden til Daniela er vraka.
No satsar vi på full panikk.
Ein kjapp høgre. Ein endå kjappare venstre.
Vi krasjar inn i hyller, vi veltar hyller, vi hiv dei verdifulle bøkene bak oss for å stoppe vaktposten, vi brøler som galningar og spring, hoppar, spurtar gjennom labyrinten.
– Døra! roper Daniela. – Der er ho! Der er ho!
Eg kjenner blodsmaken i kjeften. Eg har ikkje sprunge så mykje sidan biptesten i gymmen.
Men vi kjem til å rekke det.
Vi kjem til å rekke det. Vi rekk det.
Nesten.
Vaktposten hoppar inn frå venstre og stiller seg mellom oss og den herlege døra.
Det er ikkje nokon panter. Og han er ikkje særleg stor. Men noko seier meg at han bør takast på alvor.
– Kva i alle dagar er det der? spør eg.
– Ein honninggrevling, pesar Daniela.
– Verdas tøffaste dyr. Han et giftslangar og slåst mot løver. Vi har ikkje ein sjanse.
Jaså.
Honninggrevlingen snerrar mot oss og viser fram ein imponerande tanngard.
– Set han tennene i deg, slepper han ikkje, seier Daniela.
– Så kva skal vi gjere? spør eg.
Daniela svarar ikkje. Vi blir berre ståande og stire på det vesle kjempesinte dyret.
Så bankar nokon på vindauget. Eg snur meg mot lyden.
– Det er Eik! seier eg forbløffa.
I neste sekund blir vindauget knust, og Eik veltar inn i rommet, saman med ein foss av glas og lyd. Eit sekund etterpå kjem isbjørnen same vegen. Eik kravlar bortover golvet, med bamsefar ein halvmeter bak seg. Før eg heilt skjønar kva eg ser på, kjem honninggrevlingen flygande gjennom lufta og går til angrep på bjørnen. Den vesle krigaren er verkeleg ikkje redd for noko som helst. Kolibrivengekjapt skiftar isbjørnen status frå jeger til bytte. Han lagar ein ulande lyd, bråsnur og rasar ut av vindauget med den snerrande vaktposten hakk i hæl. Heile opptrinnet tar ikkje meir enn nokre sekund. Eg og Daniela står planta på same plassen heile tida, med vidopne munnar og auge. Ulinga og snerringa fortset ei stund, før lydane sakte forsvinn og alt blir totalt stille.
– Går det bra med deg, Eik? spør Daniela.
Han reiser seg sakte frå glashaugen. Det renn blod frå eit sår på den eine veslefingeren.
– Eg … blei … nesten … bjørnemat, seier Eik.
Så svimar han av, men vi rekk heldigvis å ta imot den kraftige kroppen før han hamnar i glaset igjen.
Vi sleper Eik bort til døra. Daniela finn fram ei førstehjelpsveske frå sekken og plukkar nokre glasbrot frå hendene til pasienten.
– Bra at han ikkje er vaken no, seier eg. – Det hadde blitt drama.
Etterpå heller ho litt vatn i auga til Eik, som straks vaknar.
– Ikkje sei at eg enno er i det fæle huset til Billy Kobb, pistrar han.
– Det er du, seier Daniela.
– Kor er Iris? spør han.
– Ho drog for å leite etter deg, seier eg.
– Men slapp av, er det nokon som klarer seg aleine, så er det ho.
Eik ser litt skeptisk ut, men han nikkar.
– La oss no kome oss ut av dette rommet før isbjørnen kjem på at han er mykje sterkare enn ein honninggrevling, seier Daniela.
Eik sprett opp og er den første gjennom døra.
-
Lydfil
-
Til læraren
Korleis beveger vi oss dersom vi ikkje vil bli oppdaga? Korleis beveger vi oss dersom vi har blitt oppdaga, og må springe for livet for å komme oss vekk? Kva ord brukar vi for å beskrive det som skjer?
Til utdraget frå Kobbs hus skal elevane arbeide med kontrastar. Dei to kapitla har svært forskjellig tempo. I det eine kapittelet listar barna seg gjennom ein labyrint av bokhyller, i frykt for å vekke eit farleg vaktdyr. I det andre kapittelet har dyret vakna, og barna spring med dyret i hælane for å komme seg gjennom labyrinten.
I undervisningsopplegget skal elevane ut og bevege seg ute på ulike måtar, dei får samtale om teksten, og dei får arbeide med korleis verb og adverb er med å påverke tempoet i ein tekst. Til slutt skal dei prøve å skrive tekstar sjølve, både fartsfylte og nervepirrande.
Undervisingsopplegget er laga av Nynorsksenteret
-
Undervisingsopplegg
Før lesing
Hinderløype og ulike bevegelsar
Før vi ser på teksten, skal vi finne oss ein stad med litt hinder. Det kan vere benkar og bord ute på skuleplassen, eit klatrestativ, ein stad med litt hindringar i skogen, ein tuftepark eller ei hinderløype i gymsalen.
Bli einige om eit område der de skal bevege dykk frå A til B. De må forsere fleire hinder. Lengda kan vere 10–100 meter, avhengig av kor mange hinder der er.
Oppdrag 1 – vi listar oss gjennom hindera
Tenk at det er mørkt og blikstille ute. Berre månen lyser. Farlege dyr ligg på lur, og de vil ikkje bli oppdaga.
Beveg dykk så roleg, umerka og forsiktig de greier frå A til B utan å bli oppdaga.
Når de er ferdige, lagar de ei liste saman over kva bevegelsar de har gjort.
Døme: liste, krype, åle, gå.
Oppdrag 2 – vi brasar gjennom hindera
Du har tråkka på ein kvist, og dei farlege dyra har oppdaga deg.
No skal du bevege deg så hurtig du greier gjennom hinderløypa. Du har dyra i hælane, og dei skal ikkje få tak i deg.
Når de er ferdige, lagar de ei liste saman over alle bevegelsane de har gjort.
Døme: springe, hoppe, klatre, svinge, stupe.
De kan variere aktiviteten slik de ønsker sjølve. Det kan vere å leike gøyme og leite i skogen (liste seg) eller ha stafett i ei hinderløype (brase).
Uansett kva aktivitet de vel, er det eit poeng at de endar opp med ei liste verb som passar til kvar aktivitet.
Når de er ferdige, stiller de elevane spørsmål:
Korleis i alle dagar kan desse aktivitetane henge saman med teksten vi no skal lese, trur de? Kva trur de vi skal med verba?
Føregrip lesinga
Når vi føregrip lesinga, koplar vi oss på det vi skal lese om, og det kan bli både lettare og kjekkare å lese.
Framsida
Samtal to og to før de diskuterer i full klasse. Hugs å grunngi svara dykkar.
– Kva trur de denne boka handlar om?
– Kva type bok trur de dette er?
– Kvar trur de barna er?
– Kva trur de skjer i dette bildet?Karakterane
– Kven er eg-forteljaren i boka, trur de? Kvifor trur de det?
– Kven av personane trur de er mest redd? Kvifor trur de det?
– Kven av personane trur de er mest «klar for kamp»? Kvifor trur de det?
– Kva eller kven trur de dei møter i døra? Grunngi.Les baksideteksten saman
På ei øy så vidt synleg frå land står eit stort og merkeleg hus. Eigaren er den heilsprø skattejegeren Billy Kobb, som ingen har sett på år og dag. Det kjem lydar frå øya, nifse brøl som ikkje lar seg forklare. Dei siste som drog ut dit, kom ikkje tilbake. Øya er farleg.
Når Ask og vennene Iris og Eik likevel ror ut til Kobbs hus midt på natta, er det ikkje fordi dei har spesielt lyst. Gjengen skal hjelpe Daniela, ei mystisk jente som dukka opp i starten av sommarferien. Ho har eit oppdrag på øya.
Og det skal snart vise seg at eit besøk i Kobbs hus er både rarare, artigare og endå meir livsfarleg enn nokon av dei kunne ha førestilt seg.
Samtal om personane på framsida
Når Ask og vennene Iris og Eik likevel ror ut til Kobbs hus midt på natta, er det ikkje fordi dei har spesielt lyst. Gjengen skal hjelpe Daniela, ei mystisk jente som dukka opp i starten av sommarferien. Ho har eit oppdrag på øya.
– Kven trur de er Ask?
– Kven trur de er Eik?
– Kven trur de er Iris?
– Kven trur de er Daniela?Svar:
Daniela har rosa t-skjorte (ho har eit oppdrag på øya)
Ask har grøn t-skjorte (eg-forteljaren i boka)
Eik har lyseblå genser (venn av Ask, engsteleg, tvillingbror til Iris)
Iris har gul t-skjorte. (venn av Ask, uredd, tvillingsøster til Eik)Samtal om de har fått nye tankar
– Kva trur de no boka handlar om?
– Kva type bok trur de no dette er?
– Kvar trur de no barna er?
– Kva trur de no skjer i dette bildet?Under lesing
Dette har skjedd
Foreldra til Daniela er kidnappa av ein sjeik, også kjend som Ørkenskorpionen. For å fri foreldra må Daniela finne ein eldgammal, verdifull ring som kidnapparen vil ha.
Denne ringen er gøymd i Kobbs hus – eit stort, mystisk hus på ei øy langt frå land. For å kome fram til ringen må Daniela gjennom ei halsbrekkande skattejakt med svære, svoltne dyr og kompliserte og livsfarlege oppgåver.
I utdraget vi no skal lese, er det midt på natta, og Ask, Iris og Eik har reist ut til øya for å hjelpe Daniela med oppdraget.
Alle fire har kome seg unna ein isbjørn to gonger, og dei er godt i gang med skattejakta. Men no har to av vennene blitt slukte av golvet, og susar nedover ei sjakt ingen veit kvar endar.
Kapittel 18
Les kapittel 18 saman i klassen, fram til side 46 og setningane:
– Ein labyrint, seier Daniela. – Det er ein labyrint.
– Fortel alt de kjem på om labyrintar, til kvarandre to og to. Har de vore i labyrintar nokon gong?
– Veit de korleis ein kan kome seg ut av ein labyrint?
– Kva trur de Eik og Daniela gjer for å kome seg vidare?
– Er der ord i teksten de treng å oppklare før de les vidare?Når vi oppklarer ord som er vanskelege å lese, eller som vi ikkje forstår, kan det bli lettare å få med seg innhaldet i teksten.
– Fotballkamptap
– Fjelltursliten
– Skuve
– TannhjulLes resten av kapittelet høgt saman i klassen.
Oppsummer saman
Når vi oppsummerer det vi les, blir det lettare å hugse innhaldet. Det kan også gjere at vi forstår innhaldet betre. Å samtale om det vi har lese, kan vere ein måte å oppsummere på.
– Kva tenker de om metoden Daniela og Ask brukar for å kome seg ut av labyrinten?
– Kva for nokre følelsar trur de dei har i kroppen når dei listar seg rundt i labyrinten?
– Kan de finne døme i teksten som gjer at de trur dette?
– Kva trur de skjer vidare?Oppklar
Er der ord i teksten de treng å oppklare før de les vidare?
– Førsteutgåve
– Tilsyn
– Vaktpost
– Bokryggar
– Blindveg
– DetonertKapittel 19
Les kapittel 19 saman
Oppsummer og reflekter
– Kva tenker de om den nye metoden Eik og Daniela valde for å kome ut av labyrinten?
– Kva for ein metode trur de hadde fungert best i verkelegheita?Oppklar
Er der ord i teksten de treng å oppklare?
– Kvervlar
– Snerrar
– Biptest
– KolibrivengekjaptEtter lesing
Ord som skaper spenning
I kapittel 18 listar Daniela og Eik seg så stille dei kan, mellom bokhyllene for å kome seg gjennom labyrinten utan å bli oppdaga av honninggrevlingen.
I kapittel 19 veltar dei bokhyller, kastar bøker og legg på sprang for å kome seg unna honninggrevlingen.
Vi skal no undersøke kva for nokre verb, substantiv og adjektiv som er brukte i dei to kapitla, og diskutere korleis desse er med på å variere stemninga i forteljinga. Vi skal også sjå kva som kjenneteiknar orda som er brukte for å skape desse stemningane.
Men først skal vi ha eit lynkurs og repetere dei fire ordklassane.
Verb
Eit verb er eit ord som uttrykkjer
noko som skjer.
Eksempel:
å gå, å springe, å kaste
Substantiv
Eit substantiv er ting, stadar,
personar, dyr eller begrep.
Eksempel:
klør, pust, Ask, tassing
Adverb
Eit adverb er eit ord som
beskriv eit verb.
Eksempel:
Å gå fort, å kaste hardt
Adjektiv
Eit adjektiv er eit ord som
beskriv eit substantiv.
Eksempel:
skarpe klør, rask pust
Del klassen i to grupper
Den eine gruppa skal lese siste halvdel av kapittel 18, frå side 47 til 49.Den andre gruppa skal lese første halvdel av kapittel 19, side 50–52.
Marker verba og adverba med raud farge. Marker substantiva og adjektiva med grøn farge.
Vel 5–10 verb, 5–10 adverb, 5–10 substantiv og 5–10 adjektiv som er med på å skape spenning. Skriv dei inn i tabellen i arbeidsarket. Etterpå skal vi samanlikne orda i dei to tekstane.
Arbeidsark om ordklassar
Last ned og skriv ut arbeidsark tik kapittel 18 og arbeidsark til kapittel 19. Skriv verba de har funne inn i tabellen i arbeidsarka. Samtal i klassen om verba de har funne, og skriv dei inn i to tabellar:
Barna listar seg i labyrinten
Barna brasar gjennom
verb
adverb
substantiv
adjektiv
verb
adverb
substantiv
adjektiv
– Kva for nokre ord har de funne?
– Kva kjenneteiknar verba og adverba i dei to kapitla?
– Er det forskjellig fart og lyd over dei?Skriveoppgåve
1. Byt ut verb og legg til adverb i denne teksten, slik at han blir meir nervepirrande (listande)
Eg går ut døra. Eg snur meg, men eg kan ikkje sjå han. Han må ha gått ein annan veg. Eller kan det vere han har gøymt seg?
Eg må kome meg heim før han oppdagar meg.
Før eg kryssar gata, ser eg meg til høgre og venstre. Eg ser meg også over skuldra. Så går eg vidare.
Eg kjem inn i ei smal gate. Der er det ikkje like lett å bli oppdaga. Eg går inn i den trange gata, og går mellom husa og dei parkerte bilane. Idet eg rundar hjørnet, bråstoppar eg. Der framme står han.
2. Byt ut verb og legg til adverb i denne teksten, slik at han blir meir spennande og fartsfylt.
Eg går ut døra. Eg snur meg, men eg kan ikkje sjå han. Han må ha gått ein annan veg. Eller kan det vere han har gøymt seg?
Eg må kome meg heim før han oppdagar meg.
Før eg kryssar gata, ser eg meg til høgre og venstre. Eg ser meg også over skuldra. Så går eg vidare.
Eg kjem inn i ei smal gate. Der er det ikkje like lett å bli oppdaga. Eg går inn i den trange gata, og går mellom husa og dei parkerte bilane. Idet eg rundar hjørnet, bråstoppar eg. Der framme står han.
3. Del tekstane med kvarandre
Les opp tekstane de har skrive, eller heng dei opp i klasserommet.
– Har de brukt nokon av orda i ordbankane?
– Er nokon av desse orda dei same som de brukte i hinderløypa?Nye, samansette ord
I teksten finn vi fleire samansette ord vi ikkje brukar i språket til dagleg
– Fotballkamptap
– Fjelltursliten
– KolibrivengekjaptDel opp dei samansette orda. I kva ord ligg meininga i det samansette ordet?
Les setningane
– Stemninga liknar fotballkamptap
– Trinna kjennest høgare og fleire enn sist, og eg er fjelltursliten då vi endeleg når toppen.
– Kolibrivengekjapt skiftar isbjørnen status frå jeger til bytte.Samtal:
– Korleis ville setningane vore om ein brukte orda tap, sliten og kjapt i staden?
– Kva gjer desse kreative orda med teksten, tenker de?Leik med ord
I Ivar Aasen-tunet bur formidlingsfiguren tunkatten Lurivar. Han likar å leike med ord, og samlar på kule, samansette ord som ikkje finst i noka anna ordliste.
Gå inn på sida www.tunkatten.no/ordliste. Lag nye ord og send inn til ordlista til Lurivar.
Syng songen «Ord! Ord! Ord!»
Lurivar har sin eigen ordsong. Her finn de notar og tekst til songen «Ord! Ord! Ord!». Lydfil og komp finn de her.
Både Lurivar og songen er laga og meint for barn som er mykje yngre enn dykk, men begge passar godt i samanhengen. Kanskje gjer det godt å synge litt uansett.
-
Bonus
-
Boktips