Keeperen og havet
-
FØR:
Klassesamtale.Sjå på framsida.
– Kva ser de?
– Kva slags inntrykk får de av dei tre personane på bildet?
– Kva tenkjer de når de les tittelen?
– Kva trur de boka handlar om?Les ingressen.
– Kven trur de er kven på bildet?
– Kvifor trur du venskapet til Trille og Lena blir satt på prøve når dei møter Birgitte?
– Kva slags forventningar får de til boka?
Utdraget frå Keeperen og havet er ikkje vanskeleg å lese, men for elevar med bokmål som hovudmål kan det likevel vere lurt å ta opp nokre ord før lesinga. Det går til dømes an å lage ei liste med ord som du trur kan bli vanskelege for (nokre av) elevane dine.
Her er nokre døme på ord som det kan vere lurt å ta opp: kviskra, sjølvbygd, kvar, hjelpelaust, stova, vantru, blautkake, augebryna, medan, overfløyming, framand, geleida, målarskrinet, lèt, laurdag, vaks, munn og mæle, duva, sandbotnen.UNDERVEGS
Sitatlogg
Be elevane velje ei eller fleire samanhengande setningar som gjer inntrykk på dei. Det kan for eksempel vere fordi setningane:
– er godt skrivne
– er vanskelege å forstå
– er morosame
– seier noko meir enn det som står på linjene
ETTER1. Snakk om teksten i heil klasse
Klassesamtale.Be elevane først ta opp ting dei lurte på under lesinga, slik at alle har ei førebels forståing av innhaldet i teksten.
2. Leseopplevinga mi
Individuelt arbeid.La elevane uttrykkje korleis dei opplevde teksten, ved hjelp av dei faste uttrykka under. Be dei velje ut nokre av uttrykka og å fortsette på setningane. Det kan også vere ein idé å oppmode dei til å lage både positive og negative setningar for slik å gi ei nyansert framstilling av leseopplevinga si. Det er dessutan viktig at elevane prøver å gi ei forklaring ved å bruke ordet fordi.
Til dømes: Då eg las, la eg merke til … at Lena var sinna fordi det sto at ho «stivna» ved sida av Trille då Trille foreslo at Birgitte kunne vere med på å bygge flåte med Trille og Lena.
a) Då eg las, la eg merke til …
b) Eg synest at …
c) Eg likte godt då …
d) Eg blei irritert over …
e) Det gjorde inntrykk på meg at …
f) Eg blei skuffa over …
g) Eg ble overraska over …Fordi …
3. Del leseopplevinga
Samtale i grupper på 2–4 elevar.Be elevane fortelje kvarandre om leseopplevinga si ved å bruke setningane frå oppgåva over.
4. Diskusjon
Klassesamtale.Ta utgangspunkt i den personlege leseopplevinga til elevane for å få til litterære samtalar som utviklar leseglede og engasjement for litteratur.
La elevane få seie kva dei tenkjer om teksten, gjerne ved å bruke setningane frå oppgåva over. La samtalen utvikle seg ved å formulere opne og autentiske spørsmål som byggjer vidare på svara til elevane – då vil dei sjå at leseopplevingane deira blir høyrde og tekne på alvor.
Når elevane har fått høve til å formulere og diskutere leseopplevingane sine, oppmodar vi deg til å bruke teksten til å stille spørsmål som du veit vil engasjere elevane.I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande spørsmål inngå i diskusjonen av utdraget:
– Kva trur de Lena synest om Birgitte? Grunngi svaret.
– Kvifor trur de ho reagerer slik?
– Kvifor trur de at Trille inviterer Birgitte med på flåtebygginga?
– Kva trur de Lena synest om det?
– Kvifor byggjer dei ein flåte?
– Korleis gjer dei det?
– Korleis vil de beskrive Lena, Trille og Birgitte?
– Korleis tek de imot viss det kjem ei ny jente/ein ny gut i klassen dykkar?Sjå på framsida på nytt.
– Kven trur de er kven på bildet?
– Gjetta de rett under før-lesinga?
– Kven fortel i utdraget?
– Korleis trur de det hadde vore om det var Lena som var forteljar?
– Og om det hadde vore Birgitte?
– Kva slags inntrykk får de av bygda dei tre barna bur i?
– Kva synest de om Magnus?
– Kva trur de skjer vidare i forteljinga?5. Vurdering i heil klasse
Klassesamtale. -
1.
Skriv ei historie der Birgitte fortel om møtet med Trille og Lena, og om flåtebygginga.
2.
Finn fakta om Nederland. Kva heiter hovudstaden? Kor mange bur i landet? Kva slags land grensar Nederland til? Kva slags språk snakkar dei? Kan du nemne store byar og kjende personar frå Nederland?
3.
Korleis ville du ha bygd ein flåte? Kan du teikne han?
-
Les meir om forfattaren her.
I Keeperen og havet møter vi Trille og Lena. Dei kan du og lese om i Vaffelhjarte.
Tonje Glimmerdal er ei anna bok av Maria Parr.
Tonje Glimmerdal har vore spela som teater på Det Norske Teatret:
-
Keeperen til Tunisia av Lars Mæhle.
Familien Kråkestup og nyset i nabohuset av Kari Smeland.
Ikaros Olsens kamp: Nissekrigen av Bjørn Ingvaldsen.
God dag, herr Jul! av Laura Djupvik og Åshild Irgens.
Matilda av Roald Dahl.
Anton og andre uhell av Gudrun Skretting.
Kameljegeren av Tore Kvæven.
1000 dagar av Inger Johanne Sæterbakk.
Snillionen av Arnfinn Kolerud. -
Keeper’n til Liverpool:
Matilda: