Katteskriket
Julie skal vere hos besteforeldra i nokre dagar denne sommarferien. Ho er mørkredd, får fort heimlengt og må øve seg på å vere åleine heimanfrå. Ho er glad i besta og besten, men ho likar ikkje huset deira, og særleg ikkje det gule rommet der ho må sove. Det er skummelt, med blafrande gardiner, gamal lukt og eit stort, mørkt skap. Alt er betre når dei to mødrene hennar er med.
-
Til læraren
Ved å arbeide med heile eller delar av grøssarutdraget Katteskriket kan du som lærar leggje til rette for grunnleggande ferdigheiter i norskfaget, og praktiske og estetiske læringsprosessar på ein engasjerande måte.
Korleis opplever 12-åringane mystiske spøkelseshistorier, spenning og skrekkromantiske effektar – som likevel er fortalt på ein måte der ein kan kjenne seg att? Korleis opplever dei tema om ro og tryggleik, tilhøyrsle, relasjonar, meistring og å finne sin plass?
Det å vere 12 år er å vere i ei brytningstid mellom barndom og ungdom. Det er ikkje alltid så lett å vite kva tid ein kan kjenne utvikling, og kva tid ein kan kjenne stagnasjon (å vere stor eller liten). Gjennom å lese utdraget frå boka får elevane reflektere over tema som er kontrastar – det mystiske og nære – og som dei også kan kjenne seg igjen i.
Oppgåvene som er laga i tilknyting til grøssutdraget, let elevane uttrykke seg variert ved bruk av dei grunnleggande ferdigheitene i norskfaget og praktiske og estetiske læreprosessar.
For at opplegget skal vere enkelt for deg å ta i bruk i klasserommet, har vi samla oppgåvene i ein presentasjon som du kan ha på lystavla framme i klasserommet. Oppgåvene kan du redigere og tilpasse etter behov.
-
Undervisningsopplegg
Før lesing:
Grøssar-utdraget vi skal lese, heiter Katteskriket og er skrive av forfattaren Guro S. Auganes (vis lysbildet som syner bildet av forfattaren).
Samtale
Læraren fortel og spør:
Katteskriket er ei spøkelseshistorie som er spennande og får oss til å kjenne grøss, samstundes som ho er realistisk (nær det verkelege livet).Kva tenkjer dokker på når dokker høyrer orda
– grøss?
– realisme?Læraren fortel:
Dette er den første boka som forfattar Guro Auganes har skrive. Ho er inspirert av ein annan kjend barne- og ungdomsforfattar, svenske Maria Gripe (1923–2007). I skrivinga si var Gripe oppteken av moglegheitene til det enkelte mennesket.Er det nokon i klassen som har ein forfattar og sjanger/tittel som dei liker særleg godt, og som dei blir inspirerte av?
Skriv svar på tavla. Kom gjerne med døme:
– Antoine de Saint-Exupéry og Den vesle prinsen (Frankrike)
– Carlo Collodi, På eventyr med Pinocchio (Italia)
– Lewis Carroll, Alice i Eventyrland (Storbritannia)
– H.C. Andersen, Eventyr (Danmark)
– Astrid Lindgren, Pippi Langstrømpe (Sverige)
– Maria Parr, Vaffelhjarte (Noreg)To og to saman
a) Studer bokframsida og prøv å beskrive henne. Kva slags fargar er brukte? Kva skikkelsar er med?
b) Kva slags situasjon blir skildra på bokframsida?
c) Kva har situasjonen med tittelen å gjere, trur dokker?Under lesing:
Læraren din skal no lese starten av grøssboka Katteskriket, høgt i klassen. Medan læraren din les, skal du følgje med i teksten.
a) Prøv å leggje ekstra godt merke til alt som du opplever grøssande i utdraget.
b) Kva slags inntrykk får du av Julie? Korleis blir ho skildra i grøssarutdraget?
c) Kven andre møter vi i utdraget? Korleis vil dokker beskrive desse relasjonane?Etter lesing:
Jobb saman to og to med dei innleiande samtalespørsmåla.
Til slutt har dokker ein felles samtale i klasserommet.
a) Kva handlar dette grøssutdraget om?
b) Kven møter vi i grøssutdraget?
c) Nemn 2–3 samtalar eller hendingar som du meiner er sentrale i tekstutdraget, og forklar kvifor.
d) Korleis vil du beskrive Julie ut frå det du har fått vite om henne?
e) Korleis vil du beskrive familien til Julie?
f) Kva tid kjenner du ro og tryggleik når du les?
g) Kva tid kjenner du grøss når du les?
h) Kva tid trur du Julie kjenner tilhøyrsle og meistring i utdraget?
i) Kva likte du godt ved historia? Kva likte du mindre godt?
j) Fekk tekstutdraget deg til å vilje lese vidare i boka? Kvifor / kvifor ikkje? -
Aktivitetar
Grøss!
Skriv ein kort grøssar
Før vi skriv
Samtale: Kva veit dokker om grøss som sjanger?
– Overnaturleg, død, forfall og det mystiske.
Samskrivingsoppgåve
To og to, gruppe eller felles:
Skriv i den same språklege stilen som forfattaren av Katteskriket, Guro Auganes, og den svenske forfattaren Maria Gripe gjer (grøssande, realistisk). Prøv å veksle mellom skildringar, tankereferat og replikkar.
Tips til setningsstartarar:
Lag ein ordbank av ord som kan gjere ei historie grøssande. Bruk så mange av desse orda dokker vil, når dokker skal skrive. Her kjem nokre døme henta frå utdraget:
Freser, svart, natt, rommet, skummelt, åleine, neve, katt, lengte, nøle, redd, kald, mørk, luft, fomle, iskaldt, våt, lukte, stryk, stivna, stemme, bein, frysningar, kjellar, svær, raud, golvet, hand, golv, kvepp, skarp, verkstad, reiskap, låse, streng, gjesterom, lampe, hol, jordhol, grav, sug i magen, falle, nøkkelknippe, knirke, øks, sag, hol, piplar, tung, gynge, spinne, kvalm, skjelve, langt borte, beveger, sløkkjer, skrik, hengslene, blafre, omriss, kvinne, løyser seg opp, smell, pust, gråt, hikst, klamre, regndropar.
Grøssar-utdraget har illustrasjonar. Teikn gjerne til den korte grøssaren dokker har skrive. Gjer dokker flid med alt av arbeidet.
Les tekstane opp for kvarandre når dokker er ferdige. Vis teikningane. Kva med å lage ei klasseromsutstilling av arbeidet?
Så tryggleik og ro
Lag ein voggesong
I boka opplever Julie ein song som syng i draumar og gir ho tryggleik og ro:
Sov, sov, vesle venn,
kvelden er komen igjen,
du kan kvile no,
slapp av, ligg i ro.Sov, sov, vesle venn,
la røynda di flyte forbi.
Då tek draumen deg
inn i ei anna tid. …Vi lyttar til Sulla meg litt av Marianne Juvik Sæbø der du strøymer musikk.
Samtale: Kva veit dokker om voggesong? Har elevane og du som lærar døme, og/eller ein voggesong som betyr mykje for den einskilde? Her kan elevane få dele eigne og kulturelle skattar frå inn- og utland på ulike språk. Individuelt eller saman (tilpass for eit trygt og utviklande klasserom).
Læraren kan legge til at voggesong er ein nyttig og viktig reiskap i kvardagen med barn verda over. Gjennom voggesong kan borna og dei vaksne falle til ro, uttrykke omsorg og kjærleik, bygge tilhøyrsle og identitet, og skape ei god og varm atmosfære. Ein kan kjenne at ein blir samstemte og til stades (Stjernø, 2014: Liv og vuggesang). Voggesongar vert gjerne framførte utan akkompagnement av instrument.
Oppgåve: Lag ein kort voggesong
Songen Julie drøymer, er i voggesongsjangeren.
Lag ein kort voggesong (to og to saman, i gruppe eller felles).
Tips til framgangsmåte:
– Temaet er voggesong.
– Voggesongen skal gjere ein trygg og roleg.
– Teksten skal vere skriven på nynorsk.
– Du kan velje å skrive A) tekst til musikk, B) tekst først, eller C) tekst og musikk samstundes.
– Ha ein idédugnad.
– Samle idéane og samle dei i eitt vers. Kva er det viktigaste du vil seie?
– Kva vil du starte med? Skal voggesongen vere på rim eller ikkje? Skal det vere element av nynning eller sulling i voggesongen?
– Nynn gjerne medan dokker held på, for å få ei kjensle av korleis melodien kan bli.
– Er det nokon ord eller setningar som skal verte gjentekne?
– Lag ei avslutning.
– Får du ei god kjensle av teksten og melodien? Dersom ja, er voggesongen ferdig!
– Øv og framfør.Framfør gjerne voggesongane i klasserommet for kvarandre.
Til inspirasjon:
Musikk i skolen: Skriv en sangtekst -
Bonus
-
Boktips