Hopp til innhold

Kampen

Kampen, Geir Egil Eiksund, Samlaget, 2021
  • Undervisningsopplegg

    FØR LESINGA:

    Kampen er ein roman. Sjå på framsida av boka. Dette vert også kalla bokomslag. Legg merke til tittelen på boka.

    Samtale i klassen:

    – Korleis vil de beskrive illustrasjonen? Kva detaljar legg de merke til?
    – Tittelen på boka er Kampen. Kva tenkjer de er samanhengen mellom tittelen og illustrasjonsbildet?
    – På baksida av boka står det: «Det har nettopp blitt sommarferie, og 11 år gamle Andreas gler seg til å spele fotball med Sara og dei andre frå klassa kvar einaste dag. Men denne sommaren flyttar det ein ny gut til bygda, ein gut med United-kaps og eit veldig fint smil. Viljar heiter han, og Andreas sitt hjarte slår raskare når dei er saman. Samstundes driv Sara og sender hjartemeldingar heile tida, og Andreas veit ikkje kva han skal svare tilbake.» Har denne baksideteksten noko å seie for korleis de forstår framside og tittel?
    – Boka er skriven av journalisten, læraren og forfattaren Geir-Egil Eiksund. Kva veit de om sjangeren roman? Kva forventingar har de til romansjangeren?

    LESING:

    Eleven/klassen les sjølv eller lyttar oppmerksamt til teksten (høgtlesing av læraren eller lydspor i undervisningsopplegget).

    ETTER LESINGA:

    I læringspar: Finn du setningar i utdraget som skildrar desse interessene og personane: fotball, musikk, Andreas, Viljar? Skriv dei i tilfelle ned.

    I gruppe: Kva setningar har de funne fram til? Er dei like eller ulike?

    Snakk saman om og forklar ordklassane adverb og adjektiv.

    Kva adverb tenkjer de kan skildre fotballinteresse og musikkinteresse?

    Kva adjektiv tenkjer de kan skildre Andreas og Viljar?

    Læraren fortel: Kampen handlar mellom anna om å kunne vere fri og open om kven ein er forelska i. Jenter kan vere glade i jenter, gutar kan vere glade i gutar, og jenter og gutar kan vere glade i kvarandre.

    FN sine berekraftsmål er ein felles arbeidsplan som verda har for å utrydde fattigdom, fremje likeverd og stoppe klimaendringar innan 2030. Sjå særleg på berekraftsmåla god helse og livskvalitet, likestilling mellom kjønna, mindre ulikskap, og fred, rettferd og velfungerande institusjonar.

    Undervis om kva menneskerettar er (Den internasjonale fråsegna om menneskerettane).

    Snakk saman om kvifor fridom til å elske kven ein vil, er menneskerettar og ein del av FN sine berekraftsmål.

    Drøft: Kva er å vere ein god venn?

    Kva kan de finne ut om kampanjen #Tacklehomophobia?

    Kvifor trur de det er viktig at til dømes fotballmiljø og musikkmiljø er trygge og likeverdige møteplassar for alle?

  • Aktivitetar

    1.

    Heiar du på eit fotballag? Lag ein kort presentasjon for resten av klassa.

    2.

    Andreas lagar ei teikning av Viljar i utdraget. Korleis ser han ut? Lag di eiga teikning av Viljar.

    3.

    Lag ei speleliste med ti songar om forelsking.

    4.

    La deg inspirere av boka (med tema vennskap, kjærleik, fotball og musikk). Lag ei fargerik og optimistisk teikning med regnbogen øvst. Teikninga kan innehalde ein parole. Ein parole er eit slagord. Det er ei slagkraftig og tydeleg setning, eller ei formulering som uttrykkjer eit krav eller ei haldning.

    Oppgåva kan også gjerast ved bruk av digitale verktøy.

    Gjer deg flid og still ut / vis fram i klasserommet.

  • Bonus

    Les meir om forfattaren her

    Andreas er Liverpool-fan. Les meir om klubben her

    Viljar er Manchester United-fan. Les meir om klubben her

  • Boktips

    Passe happy av Kari Stai

    Dumme, dumme hjarte Linda Klakken

    Avlyst på grunn av sorg av Magnhild Bruheim

  • Film- og TV-serietips