Granittgutta – TikTok-banden
Kameratane Frank og Kristoffer har endeleg fått sommarferie, og dei har blitt med far til Frank, Stein, på ein konferanse for geologar. Gutane har vedda med Stein om at dei kan klare å få 1000 visningar av ein TikTok-film, og då skal dei få 500 kroner kvar. På hotellet forsvinn det ein vikingring frå ein monter, og gutane ser ringen igjen på TikTok. Dei bestemmer seg for å løyse mysteriet, og trur at bandittane har ein møtestad i skogen.
-
Undervisningsopplegg
Før lesing:
Snakk saman om det dokker ser på framsida. Kva ser dokker, og kva trur dokker boka kan handle om?
Kva trur dokker TikTok-banden betyr?
Under lesing:
Set strek under dei orda eller setningane du meiner er med på å lage spenning eller ei skummel stemning.
Etter lesing:
Spørsmål:
– Kva ord streka dokker under? Kan dokker komme på andre «skumle» ord? Skriv orda på tavla.
– Kvifor er det så viktig at dei ikkje må lage lyd?
– Kva fordelar og ulemper trur du det er for Kristoffer å sitje i rullestol i denne situasjonen?
Skriveoppgåver:
Bruk eitt eller fleire av dei orda dokker skreiv opp på tavla, i ei forteljing som elevane skriv sjølv.
Skriv ei forteljing med tittelen «Den dagen eg oppdaga ein tjuv».
-
Aktivitetar
– Sjå på plakatane for «Eit år med lesemoro» her. Bruk den plakaten som høver med månaden som er no. Det går an å plukke ut nokre av oppdraga, om ein vil det.
– Les ei anna spennande bok. Her finn du gode tips!
– Lag ein “Boktok” til denne boka. Få med hovudpersonar, kva som skjer, og kva dokker tykkjer om boka. Ein kan vise han til læraren og klassen, eller publisere boktoken om ein vil. Eller ein kan lage ein liten video, gjerne der framsida av boka er med.
-
Bonus
-
Boktips
Terra victoris av Asbjørn Rydland
Vulkanen vaknar. Overleve 1 av Tor Arve Røssland, illustrert av Nikolai Lockertsen
Granittgutta – dronemysteriet av Svein Jarle Åbrekk, illustrert av Trond Kulterud
Motorsykkelmysteriet av Magnhild Bruheim
Rekrutten av Robert Muchamore, omsett av Øystein Rosse
Sjekk også ut Rekrutten: grafisk roman her
Veslebror ser deg av Cory Doctorow, omsett av Øystein Vidnes