Full bajas
Orion er perfekt! Han er flinkast i alt og er vand til å få ros for alt han gjer. Han skal dessutan spele ein feilfri og viktig konsert på fløyta si. Den nye læraren let seg ikkje imponere like mykje, og fortel Orion at han skal freiste å vere litt mindre perfekt. Det taklar han ikkje, og han blir fullstendig bajas!
NB! På grunn av rettigheiter har vi fjerna utdraget og lydfila.
-
Undervisningsopplegg
Før lesing:
- Korleis er ein perfekt sjuandeklassing? Tenkeskriv i fem minutt.
- Kva trur de ein bajas er? Diskuter med naboen, og skriv ned fem adjektiv som kan skildre korleis ein er når ein er «full bajas».
- Be elevane sjå på framsida, og snakk om kva dei ser. Samtalen kan konkretiserast med utgangspunkt i spørsmål som:
- Kva ser de på framsida av boka? Kva for detaljar er det i illustrasjonane?
- Kva for stemning formidlar bilete, fargebruk, kontrastar – skummel, spennande, artig, tøysete, hysterisk, trist?
- Kva er det som gjer at de får den kjensla?
- Kva er tittelen på boka?
- Kva er ein bajas? Finn eitt eller fleire synonym.
Under lesing:
Når vi no skal lese teksten, er det lurt å ha ein blyant i handa.
Vel eit fokusområde før du byrjar å lese:
Strek under ord som har meir enn éin stor bokstav. Kvifor har forfattaren brukt store bokstavar?
Set strek under alle setningar som fortel noko om korleis Orion er som person.
Set strek i margen når du les …
- noko som er interessant for deg.
- noko du lurer på.
- noko som er spennande.
Etter lesing:
– I dette utdraget er det ein stor kontrast mellom Orion før han er på utviklingssamtalen, og når han vaknar neste dag. Først er han perfekt, dagen etter kanskje meir «uperfekt».
Fyll ord inn i tabellen som viser korleis Orion er
- Perfekt og uperfekt er motsetningar. Vi kallar ord som betyr det same, for synonym, og ord som betyr det motsette, antonym. Finn synonym og antonym til desse orda: flink, arrogant, vitskremt, entusiastisk, barbarisk, stolt
- Skriv ei forteljing om kva som skjer med Orion når han kjem inn i klasserommet som ein bajas.
- Heilt til slutt kan de diskutere utdraget i klassen og sjå om de kan kome fram til ei felles vurdering.
Likte de utdraget frå Full bajas? Kvifor / kvifor ikkje?
Det er viktig at synspunkta vert grunngjevne, at rammene er hyggelege og at elevane får høve til å fortelje om leseopplevingane sine og meiningane som betyr noko for dei. Det går an at vurderinga inneheld argument både frå dei som likte, og dei som ikkje likte utdraget så godt.
-
Aktivitetar
– Bruk nettbrett eller telefon. Ta bilete av fem ting som er perfekte og fem ting som er uperfekte. Lag ein collage, og skriv inn setningar som du synest passar til bileta. Heng opp collagen i klasserommet.
– Lag ei liste med ting som du er fornøgd med i livet ditt. Dei treng ikkje vere perfekte, berre du er fornøgd med dei!
– Lag ein teikneserie av utdraget frå Full bajas – der Orion får beskjed om å verte perfekt «uperfekt». Du kan dikte vidare på historia også, om du vil!
– Orion er musikar og spelar fløyte i korpset. Finn eit musikkstykke med fløyte på YouTube, til dømes dette:
Lytt til musikken med øyreklokker og attlatne auge. Skriv ein liten tekst som passar til musikken. Det kan vere fargar eller bilete du såg føre deg – eller noko heilt anna som du tenkjer høver til musikken.
– I Japan har dei ein teknikk dei kallar kintsugi. Når ein keramikkgjenstand har vorte knust, reparerer dei han med gull, slik at gjenstanden blir vakker på ein ny måte, sjølv om han er «uperfekt». Kva kan dette lære oss om menneskelivet? Skriv ei lita historie om noko som vert øydelagt, men som likevel vert perfekt «uperfekt».
-
Bonus
-
Boktips
