Hopp til innhold

Flokken

Flokken - Kari Stai

«Vennen» er den siste novella i ei samling med forteljingar om Juri. Juri er ein gut som tenkjer mykje, og særleg tenkjer han mykje på korleis han passar og ikkje passar inn saman med vennene sine. Bestevenninna hans heiter Evy, men han er også mykje saman med Scott og Vegard i klassen. Dei er flokken hans.

  • Utdrag

     

    Vennen

    Juri, ta imot!
    Scott snappar huva til Evy og hiver ho mot han.
    Juri vil helst vere åleine.
    Slik som han nye.
    Men det er ikkje så lett.
    Evy heng på han.
    Gi meg huva mi!

    Evy lèt som ho er kjempesur på dei.
    Drit i det der, skitungar!
    Han nye ser mot dei.
    Så ser han ein annan veg.

    Juri er kanskje heldig som har venner.
    Men nokre gonger seier dei at han er treig eller feig.
    Juri veit ikkje om det er mobbing.
    Kan venner mobbe venner?
    Er dei venner da?
    Han er heldigvis ikkje uvenner med nokon.

    Juri! seier Vegard.
    Du må ta imot, da!
    Evy drar huva godt nedover hovudet.

    Nøgd med å ha fanga ho tilbake att.
    Taparar – alle tre!

    Juri tenker på gruppearbeidet i neste time.
    Han gjer alltid mest på gruppa.
    Dei andre berre tullar.
    Etterpå får han høyre at han er ein smiskar.
    Men det vanskelege no er han nye.
    Han står berre der ved veggen med armane bak seg.
    Det er lett å berre stå slik.
    Fyren har stått slik i nesten to veker.
    Han heiter visst Morten.
    Er det ingen som kan gjere noko med han?
    Juri kjenner seg dårleg som person.
    Men kva gale har han gjort?

    Korfor står han berre der i same stillinga?
    Forstår han ikkje at det verkar rart?
    Kva ser du på? seier Vegard.
    Berre han nye, svarer Juri.
    Han berre står der.
    Evy snur hovudet mot guten.
    Da snappar Vegard huva hennar att.
    Dust! seier ho, og så spring dei vekk.
    Men Juri blir ståande.

    Plutseleg kikkar guten mot Juri.
    Juri skundar seg å sjå ein annan veg.
    Han må ikkje sjå at han ser på han.
    Da må han gjere noko.
    Det er heilt umogleg å gjere noko.

    Eg må på do, seier Juri til Evy da det ringer inn.
    Det er godt og stilt når alle har gått.
    Han orkar ikkje møte auga sine i spegelen.
    Korfor er han slik inni seg no?
    Morten har mørke krøller.
    Han er nokså vanleg.

    Pultane er sette saman til klynger.
    Dei skal sitte fire og fire.
    Kom i gang med gruppeoppgåva no, seier Greta.
    Hans pult har blitt plassert inntil Scott, Amanda og han Morten sin.

    Juri må alltid løyse problema.
    Juri er ei god brikke i klassen, sa Greta på elevsamtalen.
    Mora og faren likte å høyre det.
    Men han skal da ikkje bli flytta omkring på som ei brikke av andre.
    Andre skal ikkje kaste terning på han.

    Juri, kva skal vi gjere? seier Amanda og samlar håret i ein klump.

    Juri, du må skrive, du er best.
    Scott har forvandla eit ark til fly.
    Det kjem til å lande i mitt hår, tenker Juri.
    Morten gjer ingenting.
    Han berre sit der.
    Det er så lett å vere ny.

    Vi må velje ei oppgåve, seier Scott.
    Vi tar berre den om vennskap, bestemmer Amanda.
    Vennskap er lett.
    Så lagar ho eit hjarte med fingrane og sender det ut i lufta mellom dei.
    Morten er heilt stille.
    Men så går han.

    Han gjekk sikkert på do, seier Amanda.
    Er han ikkje litt sur? seier Scott.
    Han er ikkje det, da, seier Amanda.
    Han er berre ny.
    Det er ikkje så lett å vere ny.

    Kor vart det av Morten?
    Han har vore vekk ei stund.
    Greta står der.
    På do, seier Scott.

    Juri kan gå og sjå etter han, seier Amanda.
    Fint, seier Greta.

    Juri-brikka, som dei andre kan flytte dit dei vil.
    Juri er sint inni seg.
    Han får lyst til å rope når han kjem ut i korridoren utanfor klasserommet.
    Men han veit ikkje kva.
    Han trakkar hardt oppå ein bøff som ligg i vegen, og sparkar han i veggen.
    Korfor kan ikkje alt berre vere heilt vanleg.

    Gjennom ruta ser Juri nokon i skuret utanfor.
    Det er Morten som sit der.

    Han snakkar i mobilen.
    Det ikkje lov med mobil.
    Kven er det han snakkar med?
    Juri opnar ruta og lyttar som ein spion.
    Han høyrer berre små bitar.

    … eg får ikkje til å seie noko …
    … eg kjenner ingen …

    Kan det vere mora si han snakkar med?
    … ingen merkar at eg finst …
    Men det er no ikkje sant.
    No overdriv han, tenker Juri.
    Eg har no sett deg heile tida.

    … eg vil tilbake til …
    … nei, læraren er heilt fjern …
    … eg vil berre bort …

    Så høyrer ikkje Juri meir.
    Morten har kanskje lagt på.
    Han kjem ikkje fram frå skuret.
    Han berre sit der.

    Det blir så stilt at det bråkar i tankane.
    Som om hovudet har fleire etasjar med berre kaos.

    Da forstår Juri kva han må gjere.
    Han må vere den brikka.
    Som flyttar på seg, og som lagar bevegelse.
    Han må framover på spelebrettet.
    Han flyttar seks ruter fram – ut av bygningen.
    Seks ruter til – skuret er mål.
    Han må gå i mål og sjå kva som skjer.
    Kanskje Morten kan ta neste trekk?

    Hei? seier Juri.
    Er du her?
    Morten sit på benken i skuret og kikkar ned.
    Har du mobilen med?
    Ja.
    Han er fin.
    Eg har same som din.
    Å ja.
    Du snakka med nokon.
    Jo.
    Det er kjekt, seier Juri.
    Tjo, svarer Morten.

    Morten ser opp.
    Kva i all verda skal Juri seie?
    Orda ligg ikkje akkurat på tunga.
    Kanskje han kan seie det han tenker?
    Han prøver.
    Er det kjekt å vere ny?
    Nei, svarer Morten.
    Det er ikkje kjekt å vere ny.
    Nei.
    Har du vore ny?
    Nei.
    Berre gammal.

    Dei ler litt.
    Dei ler.
    Det er heilt lettande.
    Det blir plutseleg lettare å prate.
    Det er som om dei har snakka i lag før.
    Morten liknar på dei fleste han kjenner.
    Han har hår.
    Og to auge.
    Og så har han mobil.

    Juri fortset å seie det han tenker.
    Eg går ikkje på fotball, seier Juri.

    Han håpar Morten heller ikkje gjer det.
    Men eg speler på skolen, legg Juri til.
    Men eg er ikkje noko god.
    Ikkje eg heller, seier Morten.

    Men eigentleg er det eit stilig spel, seier Juri.
    Det at to lag spring i motsett retning med berre éin ball …
    Jo, svarer Morten.
    Onkel speler proft faktisk …
    Oi, det er sjukt tøft …
    Så vi kan få billett, seier Morten.
    Dei speler i kveld.
    Vi kan vere med, vi får billett, garantert.
    Eg har aldri vore på proff-kamp, seier Juri.
    Eg har det berre éin gong, seier Morten.
    Det er dobbelt så mange som meg, seier Juri.
    Morten smiler.

    Éin er ikkje det dobbelte av null, seier Morten og reiser seg frå benken.

    Juri tenker ikkje over at dei er på veg ut av skuret, i retning bensinstasjonen.
    Det er midt i timen.
    Juri har aldri skulka før.
    Det er ikkje mogleg å stoppe det no.
    Han, Juri, skulkar.
    Det er heilt stilig.
    Han er ein rå fyr.
    Det kan bety at han likevel held på å bli ungdom.

    Morten har pengar.
    Han kjøper salmiakk-drops.
    Juri føler seg som ein slags ungdom.
    Det er første gongen.
    Det er ein rar dag.
    Det er ein fin dag.
    Kanskje vi må gå inn att, seier Morten.
    Så ringer det ut.

     

  • Lydfil

  • Til læraren

    Kari Stai har ein lett gjenkjenneleg stil, og elevane kan gjerne få setje ord på kva som kjenneteiknar både språk og illustrasjonar. Mange kjenner frå før Jakob og Neikob-bøkene, og kan sjå att enkle setningar, eit naivt, men meiningstetta språk og illustrasjonar som verkar barnlege, men samtidig urolege og komplekse. At nokre elevar opplever teikningane som «rare» eller «ubehagelege», kan vere eit godt utgangspunkt: Kanskje skal også Juri kjennast litt rar?

    Flokken tematiserer overgangen frå barn til ungdom, der det tidlegare enkle blir meir samansett. Boka legg opp til samtalar om fellesskap, roller og det å kjenne seg både innanfor og utanfor flokken.

    Boka kan òg gi inngangar til refleksjonar om dei «flokkane» elevane sjølve er ein del av, både synlege og digitale, og kven som blir inkluderte eller ståande utanfor.

    Undervisingsopplegget er laga av Nynorsksenteret

  • Undervisingsopplegg

    Før lesing:

    1. Kva vil det seie å vere ein flokk? Kvifor er det viktig å vere ein del av flokken?

    2. Har du høyrt uttrykka «å oppføre seg som ein saueflokk», «flokkmentalitet», og «å flokke seg saman»? Kva betyr desse uttrykka? Er det positivt å vere ein flokk?

    3. Forfattaren Kari Stai har både skrive boka og teikna illustrasjonane. Sjå på omslaget av boka. Her ser du eit portrett av hovudpersonen Juri.

    – Korleis vil du beskrive teikninga?
    – Teikninga kan sjå ut som ei skisse der ein har gjort fleire «forsøk» på å teikne både auge, øyre, munn og nase. Kvifor trur du ho er slik?
    – Legg merke til munnen. Kva slags kjensle uttrykkjer han?

    Under lesing:

    4. Legg merkje til: I denne teksten byrjar kvar setning på ei ny linje. Les du på ein annan måte når teksten er skriven slik?

    Etter lesing:

    5. Har du lese barnebøkene om Jakob og Neikob? Det er den samme forfattaren som har skrive denne boka. Er noko likt? På kva måte liknar Flokken på bøkene om Jakob og Neikob? På kva måte er dei ulike?

    Dersom du ikkje kjenner til Jakob og Neikob, kan du bla litt i ei bok her.

    6. Vel to av orda frå denne lista til å beskrive Juri. Kvar i teksten kan du finne dei eigenskapane du har valt?

    Rar
    Snill
    Usikker
    Flink
    Irritert
    Modig
    Redd

    7. «Det er ikkje lett å vere ny», hevdar Amanda. Kva meiner ho med det?

    «Det er så lett å vere ny», hevdar Juri. Han har aldri vore ny. «Berre gammal.» Kva meiner han med det?

    8. «Kan venner mobbe venner? Er dei venner da?» undrar Juri. Kva meiner du? Kvar går grensa mellom vennskapeleg erting og mobbing?

    9. Denne forteljinga endar med at Juri skulkar. Synest du det var bra? Kvifor? Kvifor ikkje?

    Oppgåve:

    10. I dag lagar vi flokkar gjennom digitale møtestadar. Vi chattar, gamar, deler videoar og bilete i chatgrupper. Men blir alle inkluderte i desse gruppene? Føler alle at dei kan vere seg sjølve?

    Diskuter i grupper, og lag fem reglar som sikrar at alle får ta del i gode digitale flokkar.

  • Bonus

  • Boktips