Hopp til innhold

Ein venn som meg

Ein venn som meg Helene Guåker Samlaget 2022
  • Undervisningsopplegg

    FØR:

    1. Sjå på framsida av romanen. Kva er det dokker legg merke til? (Skrift, dyr, fargar, omgjevnader)

    2. Kva trur dokker denne romanen handlar om?

    3. Korleis passar tittelen Ein venn som meg til det dokker trur om handlinga?

    4. Kva vil det seier å vere håpefull? Forsøk å lage ein felles definisjon i lag

    UNDER:

    Dokker kan gjerne lese utdraget høgt i klassen. Del klassen i to, der halvparten skal gjere punkt A, og den andre halvparten gjere punkt B.

    A. Sette strek under ord som har med ulike fritidsaktivitetar å gjere.

    B. Streke under ord som har med vennskap eller uvennskap å gjere.

    Skriv orda opp på tavla/skjermen i klasserommet. Er orda substantiv, verb, adjektiv eller adverb?

    ETTER:

    Snakk saman i grupper eller i samla klasse

    1. Sofie er ei jente med mange tankar i hovudet heile tida. Kvifor?

    2. Sofie er einsam og tel dagar til ho skal byte skule. Kvifor?

    3. Kva meiner dokker er den største utfordringa med å bu på ein liten plass? Kva for fordelar har det?

    4. I utdraget får vi oppleve at Sofie blir håpefull når Clara, den nye jenta i klassen kjem inn og sit ved sida av ho? Kva håpar ho på? Og kvifor håpar ho det?

    5. Kva er «blikking»? Kven blikkar Sofie, og kvifor gjer dei det, trur dokker?

    6. Sofie bur på gard, liker å ri og teikne, men hatar piano. Kvifor må ho spele piano, trur dokker?

    7. Kva inntrykk får dokker av Clara?


    Vurdering:

    Snakk saman i grupper og summer opp i samla klasse.

    1. Kva likte dokker med dette utdraget? Skriv tre stikkord.

    2. Var det noko dokker ikkje likte? Kvifor?

    3. Har dokker lyst til å lese vidare i boka? Kvifor/kvifor ikkje?


    Skriveoppgåver:

    Du skal velje ei av oppgåvene.

    1. Skriv om eit dyr du liker godt.

    2. Skriv om ein av vennene dine. Kva liker dokker å gjere i lag?

  • Aktivitetar

    1. Lag ei teikning av situasjonen der Carla kjem inn i klasserommet.

    2. Finn bilete på nettet eller i ei bok av eit dyr eller eit instrument du likar godt. Lag ei lita bok der du skriv nokre faktasetningar som passar til bileta. Du kan bruke Book Creator eller lage ei bretta bok i papir.

    3. Lag eit stort tankekart med alle tankane Sofie har i hovudet heile tida. Bruk fargar og illustrer så godt du klarar. Forsøk å tileigne dei ulike tankane ulike fargar. Kanskje du kan lage eit om dine eigne tankar også?

  • Bonus

  • Boktips