Hopp til innhold

Ein bror i verdsrommet

Ein bror i verdsrommet, Rune F. Hjemås, Samlaget, 2021
  • Undervisningsopplegg

    FØR LESINGA:

    Forslag til innleiing til utdraget:
    Lytt til songen «Bror» av Ingebjørg Bratland.

    Sjå på bokomslag, tittel og fargebruk. Snakk om forventningar til utdraget. Bruk gjerne spørsmåla under i samtalen:

    – Kva trur de boka handlar om?
    – Kva ser de på framsida?
    – Kven trur de personane på omslaget er?
    – Kjenner de til stjernebiletet som er på framsida? (Ein ide her er å søke det opp på nettet. Stjernebilete, hund. (Sirius, hundestjerna, store hund))
    – Kva tankar får de om fargebruken på omslaget? (kan nokon av fargane samanliknast med fargar i verdsrommet, ev. kva for nokre fargar? Er her kontrastar i fargebruken? Kva farge har personen som svever? (Oskegrå? I kva samanheng kan ein seie at nokon er oskegrå?) Når har ein kvite klede på? Kva kan det eine raude vindauget vere?)

    UNDERVEGS:

    Be elevane lage ei oversikt over kven som er med i utdraget, og be dei skrive nokre stikkord til kvar person.

    ETTER LESINGA:

    Snakk om boka i heil klasse.

    – Kva tenkjer de om tittelen på boka etter å ha lese utdraget? Be elevane grunngje svara sine.
    – Samtale om bokomslaget og utdraget: Ser de bokomslaget på ein annan måte etter å ha lese utdraget? Skjønar de meir av biletet på framsida no? Gav utdraget nokon svar til illustrasjonane?
    – Var det noko elevane undra seg over i utdraget? Var det vanskelege ord?
    – Be elevane dele stikkorda sine om personane i boka. Samle informasjonen på tavla.

    Individuelt først, så klassesamtale:

    Be elevane lage eit Venn-diagram der dei ser på like og ulike ting ved å vere i verdsrommet og å vere på sjukehuset. Samle punkta til elevane i eit felles diagram på tavla.

    Etterpå kan de ha ein samtale om det det var lett eller vanskeleg å finne like og ulike ting ved å vere på sjukehuset og i verdsrommet.

  • Aktivitetar

    1.

    Kva trur du feilar storebroren til Elias? Skriv ei side om kva du tenkjer.

    2.

    Trur du på utanomjordiske vesen? Kvifor/kvifor ikkje? Diskutér i grupper, eller lag ei teikning.

    3.

    Finn ut meir om plastforsøpling i havet. Skriv ein kort faktatekst.

    4.

    Skriv eit dagboknotat der Elias fortel om korleis han opplever tida heime når broren er på sjukehuset.

    5.

    Sjå for deg at du får besøk frå verdsrommet. Korleis ville det ha vore, trur du? Lag ein teikneserie med fire ruter som viser korleis dette besøket ville ha gått føre seg. De kan bruke malen de finn her, om de vil. https://nynorsksenteret.no/teikneseriar/Mal4_stort.jpg

    Treng du inspirasjon til korleis du lagar teikneserie, finn du det på https://nynorsksenteret.no/teikneseriar/rundetips.html

    6.

    Utdraget startar med at Elias og venene plukkar søppel på stranda. Finn fem–ti punkt du kan gjere for å hindre forsøpling og forureining. Presenter punkta dine digitalt. Du kan til dømes lage ein film, ei nyhendesending, ein PP-presentasjon, ein presentasjon i Book Creator eller liknande. Etterpå kan heile klassen gå ut og ta ei søppel-ryddeøkt rundt skuleområdet eller ein annan stad i nærområdet.

  • Bonus

  • Boktips

    Sinne av Ann Helen Kolås Ingebritsen

    Blå flaggermus av Harald Nordtun

    Fugleguten av Rune Belsvik

    Så vakker du er av Brynjulf Jung Tjønn