Eg blir her
-
Undervisningsopplegg
FØR:
1. Sjå saman på bokomslaget. Kva for former og fargar ser dokker der? Kan omslaget hinte noko om kvar i Noreg hendingane går føre seg? Kven er dei to personane dokker ser, trur dokker?
2. Korleis tenker dokker at det ville vere å bu på ein slik stad?
3. Kva kan tittelen Eg blir her antyde?
UNDER:
Les med blyant, og set ein strek under dei orda som på ein eller annan måte har med kjærleik og forelsking å gjere, og dei orda som viser dei motsette kjenslene som ikkje er så gode.
ETTER:
Dokker kan jobbe med spørsmåla individuelt, i par eller i gruppe. Dokker kan svare på spørsmåla skriftleg eller munnleg. Summer opp spørsmåla i samla klasse.
1. Samanfatt dei orda elevane har streka under, skriv dei gjerne opp på tavla.
2. Kva inntrykk får dokker av Daniel? Grunngi svaret dokkar.
3. Kva synest Oda om Daniel? Finn ord som viser at ho er irritert på han, og ord som viser at ho liker han også.
4. Kva rolle har ferja i denne historia? Kva inneber det å komme for seint til siste ferja?
5. Kvifor begynner Daniel plutseleg å snakke om faren til Oda?
6. Dokker finn nokre engelske ord i dette utdraget. Finn dei, og finn ut kva dei tyder. Kvifor trur du forfattaren har valt å skrive slik?
Skriveoppgåver:
1. Kva trur du skjer vidare med Oda og Daniel denne kvelden? Skriv eit framhald på historia.
2. Skriv eit dikt eller faktainformasjon om heimstaden din, og bruk bokstavane i namnet på staden du bur, som utgangspunkt. Skriv bokstavane i namnet loddrett nedover på eit ark, og bruk dei til å starte setningar.
V – venleg by i Gudbrandsdalen
I – innbyggartalet er nesten 2700
N – Nord-Fron heiter kommunen
S – stor stas med Peer Gynt-stemnet
T – toget stoppar på Vinstra
R – Rondane nasjonalpark er Noregs første nasjonalpark frå 1962, og ligg delvis i Nord-Fron kommune
A – Anne-Marie Olstad er ordførar i kommunen.
3. Skriv ein kort tekst om heimstaden din som kan høve i eit leksikon eller på wikipedia.
4. Mål eller teikn eit bilete som passar til teksten om heimstaden din.
-
Aktivitetar
1. Tenk på ein person du liker godt, det kan vere ein/ei du kjenner, eller ein/ei du har som idol. Kva er det som gjer at du liker hen så godt? Skriv ned nokre stikkord, og fortel om personen til ein annan i klassen.
2. Skriv namnet på ein alle kjenner til (t.d. ein idrettsutøvar, ein songar, ein lærar, ein kongeleg, ein politikar) på ein gul lapp. Læraren samlar inn lappane og klistrar ein på ryggen på kvar elev. Nå skal alle prøve å finne ut kven dei er. Elevane går rundt i klassen og stiller spørsmål som berre kan svarast på med ja eller nei, til dei andre elevane. Ein kan berre stille eitt spørsmål til kvar elev, så spør ein neste. Når ein har funne ut kven ein er, flyttar ein den gule lappen fram på brystet.
3. Lag eit bildeshow med bilde frå heimstaden dokkar, og legg på lokal (eller annan) musikk. Jobb i grupper, og vis presentasjonane for kvarandre.
-
Bonus
Les intervju med forfattaren her
Sjå kva ungdom i Uprisen meiner om boka her
Denne boka har sjangeren forelsking. Kva betyr det? Les meir her
-
Boktips