Djevelen vil alltid finne deg
-
Undervisningsopplegg
FØR:
Klassesamtale.
Les ingressen høgt for elevane og be dei sjå på framsida.
NB! Det er meininga at elevane berre skal lytte til utdraget – ikkje lese – og det kan derfor vere ein fordel å vise framsida på ein projektor.
Snakk deretter litt om boka, til dømes ved hjelp av spørsmål som desse:
Denne boka er i kategorien spenning.
– Kva slags forventningar har dokker til ei spenningsbok?
– Kva slags andre spenningsbøker veit dokker om?
– Kva med filmar som er spennande?
– Er det nokon forskjell på kva dokker meiner er spennande i film og i bok?
– Kvifor trur dokker at spenning er ein populær sjanger blant ungdom?
– Kva meiner dokker det er som gjer ein tekst spennande å lese?– Kva slags tankar får dokker når dokker høyrer tittelen, Djevelen vil alltid finne deg?
– Kva tenker dokker om omslaget?
– Kva legg dokker i tittelen?
– Kva slags andre bøker av forfattaren kjenner dokker til?
– Trur dokker at dokker kjem til å like teksten? Kvifor/kvifor ikkje?
UNDERVEGS:Elevane tek notat medan dei lyttar til lydfila som høyrer til utdraget frå Djevelen vil alltid finne deg. Lydfila er – som lydfilene til alle dei andre utdraga – tilgjengeleg på tidforti.no. Det kan vere lurt å spele av lydfila to gongar.
ETTER:1. Skriv eit samandrag
Individuelt arbeid.Elevane skriv eit samandrag av utdraget på bakgrunn av notata deira.
2. Jamføre samandrag
Gruppesamtale.Når tida er ute og elevane er ferdige, skal dei sette seg i grupper på 2-3 elevar og samanlikne samandraga dei har skrive. Har dei skrive det same? Kva er eventuelt forskjellig? Har dei fått med det viktigaste? Korleis er det å skulle skrive samandrag av ein tekst utan å lese – berre å lytte?
3. Diskusjon i heil klasse
Klassesamtale.La først elevane dele erfaringane med å skrive samandrag i heil klasse. Dei kan òg snakke om korleis dei opplevde måten utdraget vart lese på. Snakk deretter om teksten med utgangspunkt i leseopplevinga til elevane. Still opne og autentiske spørsmål og oppfølgingsspørsmål som byggjer vidare på svara til elevane.
I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande spørsmål inngå i samtalen:
– Kva slags inntrykk får dokker av Onu?
– Kva med Alex og Irmelin?
– Kvifor seier Regina Korp «Don’t go into the cave»?
– Kvifor trur dokker Onu går imot åtvaringa frå Regina?
– Kva er det med boka Onu, Alex og Irmelin finn i grotta?
– Kva hadde dokker gjort viss dokker hadde vore Onu?
– «Ord kan vere livsfarlege» seier Onu. Er dokker einige?
– «Såg» dokker for dokker handlinga mens dokker las? Var det eventuelt delar av handlinga, personar eller ting som var lettare å sjå for seg enn andre? Kva for nokon?
– Kven trur dokker kjem inn i grotta?
– Kva trur dokker vil skje vidare?Avslutt med å vurdere teksten.
– Likte dokker utdraget? Kvifor/kvifor ikkje?
Skriveoppgave:Førestill deg at du er Onu og på veg inn i grotta.
– Kva føler du før du går inn? Kva er det du ser i grotta? Kven er det som dukkar opp i grotta med lommelykt? Korleis kjem du deg ut utan at nokon ser deg? -
Aktivitetar
1.
Korleis ser det ut i grotta der Onu, Alex og Irmelin er? Snakk saman i klassa og skriv ned stikkord på tavla.
2.
Korleis ser Onu, Alex og Irmelin ut i din fantasi? Lag ei teikning.
3.
Kva trur du skjer vidare i utdraget? Kven er det si lommelykt som lyser? Skriv ei kort historie.
-
Bonus
-
Boktips
Sjå fleire bøker i same sjanger her
På Netflix kan du sjå serien Sabrina. Sjå trailer under: