Hopp til innhold

Berre hopp!

Berre hopp!, Åshild Moldskred, Samlaget 2021
  • Undervisningsopplegg

    FØR LESINGA:

    – Sjå på framsida av romanen. Kva er det dokker legg merke til? (Skrift, person(ar), omgjevnader)
    – Kva trur dokker denne romanen handlar om?
    – Korleis passar tittelen Berre hopp! til det dokker trur om handlinga?

    UNDERVEGS:

    Dokker kan gjerne lese utdraget høgt i klassen. Del klassen i to, der halvparten skal gjere punkt a og den andre halvparten gjere punkt b.

    – Sette strek under ord som har med svømming og bading å gjere.
    – Streke under ord som har med vennskap eller uvennskap å gjere.

    Skriv orda opp på tavla/skjermen i klasserommet. Er orda substantiv, verb, adjektiv eller adverb?

    ETTER LESINGA:

    Snakk saman i grupper eller i samla klasse

    – Ingeborg er seinare i boka veldig opptatt av å skate, og får ei utfordring av broren sin til å gjere noko ho eigentleg ikkje tør. Når dei skal dødse frå brygga, endar det med at Ingeborg går. Har dokker nokon gong blitt utfordra til å gjere noko dokker ikkje tør? Korleis gjekk det?
    – Kva meiner dokker er den største utfordringa med å ha nedsett høyrsel? Kan det også ha nokon fordelar?
    – I utdraget får vi lese både om uvennskapen med Pernille og vennskapen med Bendik. Korleis kan ein bli vennar igjen om ein er blitt ueinige?
    – BB er minigrisen til Ingeborg. Kva er det beste med å ha eit kjæledyr?
    – Kva inntrykk får dokker av Ingeborg? Og Bendik?

    Vurdering:

    Snakk saman i grupper og summer opp i samla klasse.

    – Kva likte dokker med dette utdraget? Skriv tre stikkord.
    – Var det noko dokker ikkje likte? Kvifor?
    – Har dokker lyst til å lese vidare i boka? Kvifor/kvifor ikkje?

    Skriveoppgåver:

    Du skal velje ei av oppgåvene.

    – Skriv om eit dyr du liker godt.
    – Skriv om ein av vennene dine. Kva liker dokker å gjere i lag?

  • Aktivitetar

    1.

    Lag ei teikning av scena på bryggja.

    2.

    Skriv ei alternativ fortsetting til historia, der Ingeborg tør å hoppe fra bryggja. Kva skjer då?

    3.

    Les meir om korleis det er å ha nedsett høyrsel. Lag ein kort presentasjon for resten av klassa om høyrselshemming.

    4.

    Skriv ei melding / chat frå Ingeborg til Pernille der ho spør om dei kan vere venner igjen. Skriv svaret frå Pernille, og så korleis denne meldingsvekslinga går vidare.

    5.

    Finn bilde på nettet eller i ei bok av eit dyr du liker godt, og lag ei lita bok om dyret der du skriv nokre faktasetningar som passar til bilda. Du kan bruke Book Creator eller lage ei bretta bok i papir.

    6.

    Lag ei liste med eigenskapar du synest ein god venn skal ha. Samanlikn lista di med læringspartnaren si liste, og saman skriv dokker ei liste i prioritert rekkefølge med det viktigast øvst.

  • Bonus

    Les meir om forfattaren her

    Forfattaren har skrive fleire bøker. Sjå ei oversikt her

    Hovudpersonen i Berre hopp!, Ingeborg, brukar høyreapparat.

    Her er ein video om korleis høyrselstap kan høyrast ut:

  • Boktips

    Spådama i 7b av Harald Nortun

    Ser du dette av Sigrid Agnethe Hansen

    Svikta! av Bente Bratlund