Hopp til innhold

Barnas verdshistorie

Barnas verdshistorie - Erna Osland

Barnas verdshistorie viser at historia vår ikkje berre handlar om kongar og store hendingar, men òg om kvardagslivet til steinalderbarn som gjekk på jakt med kvasse spyd, jenta som sanka korn langs Nilen, og guten som reiste over havet med slaveskip. For historia handlar ikkje berre om vaksne, men også om barn og ungdommar og korleis dei har vore med på å forme verda vi lever i. I det siste kapittelet får vi høyre om barnearbeidet under den industrielle revolusjonen.

  • Utdrag

  • Lydfil

  • Til læraren

    Boka Barnas verdshistorie fekk Brageprisen i kategorien sakprosa for barn og unge i 2025. Med utgangspunkt i dette kan elevane stille seg spørsmål om kva som kjenneteiknar god sakprosa. Barnas verdshistorie kan hjelpe elevane til å sjå fenomen med eit nytt blikk: Å vere barn har ikkje alltid hatt same verdi som i dag. Leik og læring har tidlegare vore eit privilegium for dei få. Gjennom utdraget som de skal lese, kan ein oppdage at den barndommen som elevane tenkjer på som sjølvsagt, var ein radikal tanke for 200 år sidan.

    Å lese sakprosa er ei anna øving enn å lese skjønnlitteratur. Her kan elevane godt øve seg på å notere eller markere i teksten, og ta med seg notat inn i ein samtale. Teksten kan gi elevane ny kunnskap som kan vere spennande å dele.

    Som ein del av etterarbeidet kan det vere fint å studere si eiga samtid, og si lokale fortid. Sjølv om barnearbeid er avskaffa i vårt samfunn, eksisterer det tilhøve i andre delar av verda som liknar dei ein kan lese om i denne teksten. Mange lågprismerke i tekstilindustri og anna såkalla fast fashion er kritisert for arbeidstilhøva sine. Dette kan aktualisere innhaldet og kople det til elevane si verd og forbrukarvanar.

    Sjølv om barnearbeid er avskaffa i vår del av verda, treng ein ikkje gå mange generasjonar tilbake for å sjå at barn hadde fleire arbeidsoppgåver enn i dag. Mange har foreldre og besteforeldre som har tatt del i gardsarbeid, hatt småjobbar og hjelpt til i arbeidet til sine foreldre. Dette tekstutdraget kan vere eit utgangspunkt for å utforske arbeidsoppgåvene som tidlegare generasjonar har hatt som barn, og diskutere kva som er greitt å forvente av barn på veg inn i tenåra.

    Undervisingsopplegget er laga av Nynorsksenteret

  • Undervisingsopplegg

    Før lesing

    Barnas verdshistorie fortel historia om korleis barndom har sett ut i ulike historiske perioder. Boka vann Brageprisen for beste sakprosa for barn og ungdom i 2025. Forfattaren Erna Osland har skrive bøker for barn og ungdom i nesten 40 år, både skjønnlitteratur og sakprosa.

    1. Kva skal til for at sakprosa skal vere god og interessant litteratur?

    2. Snakk saman:

    – Har barn alltid leika? Korleis har leik sett ut i andre historiske perioder?
    – Har barn alltid hatt fritid?
    – Når begynte barn å gå på skule?
    – Kva gjorde barna før det eksisterte skular?

     

    Medan me les

    3. Skriv ned eller marker tre ting i teksten som gjorde inntrykk på deg medan du las. Det kan vere noko som du ikkje visste frå før, noko som var sjokkerande, ekkelt, trist, eller noko som fekk deg til å tenke. Gå saman i grupper og del det de har notert, etter at de har lese.

     

    Etter lesing

    4. Sjå gjennom teksten:

    – Kjenner du til orda subjektiv og objektiv? Vil du seie at denne teksten er subjektiv eller objektiv?
    – Kvifor får me ikkje vite så mykje om kjenslene og tankane til barna i denne teksten, trur du?

    5. Kva var grunnen til at barn arbeidde i kolgruvene?

    6. Det var stor forskjell på skulegangen som ulike barn fekk.

    – Kvifor fekk nokon meir utdanning enn andre?
    – Kven fekk mest og best utdanning?

    7. Teksten nemner ein filosof som heitte Jean-Jeaques Rosseau

    – Kvifor var filosofen Rosseau var så opptatt av barndom?
    – Kvifor trur du det er viktig at barn får leike?

    8. Gjer eit kjapt søk på internett, og finn ut litt om barnearbeid i vår tid.

    – Kva slags barnearbeid finst i dag?
    – Kva kan du gjere for å motarbeide barnearbeid?

    Oppgåve

    9. Korleis var det å vere barn før i tida? No skal du få skrive barnas lokalhistorie og intervjue ein du kjenner. Det beste er om du kan ringe eller besøke besteforeldre og intervjue dei, men det går heilt fint an å snakke med ein føresett heime.

    Du skal finne ut kva slags plikter og arbeid dine besteforeldre/føresette hadde då dei var på din alder. Var arbeidet noko dei måtte gjere, eller tok dei del i arbeidet av eigen fri vilje? Fekk dei arbeidsoppgåver som ein ser på som farlege for barn i dag? Jobb i grupper og lag fleire spørsmål som de kan nytte når de skal gjennomføre intervjuet.

    Greier de å finne fram til bilete som de kan nytte som illustrasjon til intervjuet? Leit i album dersom det er mogleg.

    Lag eit portrettintervju på inntil ei side.

  • Bonus

  • Boktips