Tid for ti 2027

Tid for ti er den einaste nasjonale, nynorske leselystaksjonen i Noreg. Aksjonen er gratis og retta inn mot elevar på 7. og 8. trinn.
Hjartet i Tid for ti er ein antologi med utdrag frå ti ferske bøker på nynorsk som blir sende ut til påmelde klassar i januar kvart år. Lista over kva bøker vi hentar utdraga frå blir gjort kjend i oktober. Påmeldinga er open frå no og fram til 27. november.
Antologiane kjem i posten i første halvdel av januar 2027. Tekstutdrag, lydfiler, aktivitetar og undervisningsopplegg finn de samstundes på tidforti.no. Aksjonen blir avslutta sommeren 2027.
Ta kontakt med petra@foreningenles.no viss du lurar på noko.
(Du må lage deg ein brukar og det er mange klikk, men vi lovar: det er verd jobben!)
Tid for ti er støtta økonomisk av Utdanningsdirektoratet og Det Norske Samlaget. Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, Nynorsk kultursentrum og Framtida Junior er faste samarbeidspartnarar.