Me må byrja arbeidet no!
Dette er tredje året Forbodne bøker-veka blir markert i Norge. Det er alltid best å konferere kjeldene, så eg tok T-banen til Blindern for å snakka med Cathinka Neverdal og Runhild Seim ved Universitetsbiblioteket.
Forska på sensur
– Fortel litt om korleis arbeidet med Forbodne bøker-veka starta?
– Eg har lenge hatt eit engasjement og forska på sensur av bøker i USA, seier Cathinka. Eg såg på strukturelle formar for sensur, men mens eg haldt på med dette såg eg at sensurforsøka i amerikanske bibliotek auka dramatisk og rundt 2018 eskploderte det, forklarar ho.
– Seinare arbeidde eg og Runhild, som er ansvarleg for alt med arrangement og utstillingar ved HumSam-biblioteket, saman i ei gruppe. Då skjønte me at me delte engasjementet om boksensur og ville gjere noko saman. Sånn byrja det.
Utstilling var springbrettet
– Kva gjorde de først?
– Det første me gjorde var å laga ei større utstilling om forbodne bøker som framleis står i nedre etasje av biblioteket. Dei fagansvarlege skreiv utstillingstekstane. Det er valt ut eit vidt spenn av bøker, for å vise at sensur har føregått alle stader og til alle tider. Utstillinga fekk mykje merksemd.
– Dette var før Forbodne bøker-veka blei arrangert?
– Ja. Men me tenkte at no måtte me ta dette vidare og gjere noko meir. Så me søkte om eksterne midlar fleire stader. Me hadde lyst å markera demokrati og ytringsfridom gjennom eit heilt år, held Cathinka fram.
– Fekk de pengane?
– Me fekk ein fjerdedel av det me søkte. Så då burde me kanskje skalert ned. Men i staden tenkte me: Kva kan me gjere som heile bok- og biblioteknorge kan ha glede av? Då byrja ballen å rulle og me fekk ideen om ei nasjonal markering, seier Cathinka.
Hjelp frå Sverige
– Eg er nysgjerrig på korleis de gjorde det?
– Me måtte gjere mykje research. Me visste at fleire bibliotek hadde markert Banned Books Week tidlegare. Men ingen hadde halde i det nasjonalt, fortel Cathinka.
– Vidare fekk me god hjelp av «Banned Books Week -Sverige», dei låg eit år framføre oss. Dei fortalte at ein nøkkel til å få med så mange som mogeleg var å tilby gratis utstillingsmateriale og ferdigskrivne tekstar. Det inspirerte oss. Målet var at det skulle vere enkelt å vere med, for mange bibliotek har få tilsette og lite ressursar, skyt Runhild inn.
– Gjorde de to alt?
– Første året gjorde me mykje praktisk arbeid. Men me fekk tidleg med oss Norsk bibliotekforening og Norsk Pen som samarbeidspartnarar, og fylkesbiblioteka har vore eit viktig bindeledd til folkebiblioteka, fortel Runhild.
Biblioteka treng felles prosedyrar
– Kor mange er med?
– I 2024 var det 250 som deltok, no i 2026 er me oppe i over 700 påmeldte, fortel Cathinka. – Både bibliotek, forlag, bokhandlarar og ulike organisasjonar deltek, held ho fram.
– Viss de skal peike på ein ting norske bibliotek bør gjere som eigenberedskap, kva er det?
– Det dei fleste som har fått krav om å fjerne bøker seier, er at det manglar felles prosedyrar på sensurforsøk. Det må me som er glade i bibliotek og ytringsfridom jobba for å få på plass i fellesskap, seier Cathinka.
Det er i fredstid medvitet må byggast
– Har de fått råd de ynskjer å dela?
– Ein av tinga kollegaene våre i USA har sagt til oss, er at me må byrja arbeidet no. Det var det dei ikkje rakk. Det er no i fredstid me i Norge må jobba med å skapa medvit om kva biblioteka er og skal vera og hegna om ytringsfridomen.
– Korleis skal ein byggja eit slik medvit?
– Eg tenkjer «Forbudte bøker» er ein god start. Å markera den er å byggja beredskap og styrka medvitet, avsluttar Cathinka Neverdal.