Hopp til innhold

– Lesing gjer oss meir robuste

Barneombud Mina Gerhardsen snakkar høgt om lesing og høgtlesing og kor viktig det er at barn opplever det. Oddmund Kårevik i LESE fekk ein prat med henne.

Barneombud Mina Gerhardsen på kontorene i Torggata. Foto: Stiftelsen LESE.

– Skal eg skifte til ein meir formell bluse?, lurer Gerhardsen på.

Me har nettopp opplyst om at ho skal kome på Stiftelsen LESEs sosiale medium.

– Ikkje viss du føler deg komfortabel, seier eg.

– Eg må berre sjekke håret, seier ho og forsvinn ein kort augneblink.

Det er fredag 13. og det meste er litt på tverke. Heile Outlook er nede etter ei oppdatering. Så det gjer ingenting at me er 5 minutt for tidleg til intervjuet med barneombodet.

– Vil de ha noko å drikke?

Eg spør om eg kan få eit glas vatn. For sjølv om eg har gjort mange intervju er eg litt spent og eg blir så tørst når eg er nervøs.

– Du får ta det som eit kompliment!, seier eg.

– Ein viktig del av å vere barneombod er å møte folk. Så folk bør ikkje bli nervøse av å møte meg, svarer Mina venleg.

 

– Du er ikkje aleine

– Kvifor er lesing viktig for barn og unge?

– Lesing er viktig på så mange vis. Eg tenkjer at lesing opnar verda. Som lesar har du tilgang til så mange røyndommar. Eg er veldig oppteken av at lesing gir oss motstandskraft og gjer oss meir robuste i møte med livet.

– Kva var det som tente lesegnisten hos deg?

– Det har eg nok med meg heimanfrå, med ein familie som las. Det er måten me har kost oss på når me har hatt ferie og fri. I tillegg har eg også ein fagleg inngong til det. Lesing har god innverknad på oss. Det er stressdempande, det gjer at me søv betre. Dei som berre lev sitt eige liv, har berre eigne erfaringar. Dei som les stiller med ei heil verd av erfaringar. Det er ei stor trøyst for barn å lese om karakterar som har mista ein bestefar, krangla med vener, vore forelska, blitt mobba. Du er ikkje aleine i det! Andre har opplevd det same og kome seg gjennom det vanskelege.

Barneombud Mina Gerhardsen og rådgiver i LESE Oddmund Kårevik.

Bokstart og høgtlesing

– Kor tidleg skal ein starte med lesing?

– «No app can replace a lap!» lærte eg nyleg på ein konferanse eg deltok på. Me må utfordre tanken om at lesing er noko som skal skje når barna byrjar på skulen og barna skal pugge seg til eit alfabet. Lesing og høgtlesing må starta tidleg. Og her har me kunnskap, når det gjeld høgtlesing veit me at helsestasjon, foreldre og barnehage må involverast. Nyleg var eg på studiereise i Irland. Fagfolka eg møtte var veldig tydelege på kor viktig der at  små barn opplever lesing og dei lærer foreldre opp i høgtlesing sidan ikkje alle har erfaring med bøker.

– Kva er det med høgtlesing?

– Høgtlesing gir så mykje meir. Barna får tid med foreldra. I tillegg kan ein få samtalar som «var det greitt at han gjorde det?» eller «skjønte du kva det ordet var?» Dette er unikt for høgtlesing og ikkje noko andre formidlingsformer kan erstatte.

 

30 % av barn og unge ønsker å lesa meir

– Viss du tek bort lesing og forteljingar i eit barns liv, kva tek du bort då?

– Du får innsikt og empati og større forståing for andre når du les. Utan lesing og bøker mister ein tilgangen til andres historiar, andres liv og ei anna verd som eg trur det er fint å ha med seg. I tillegg tek du bort masse spennande, gøy, kunnskap og innsikt og ting å le av.

– Det blir brukt ord som lesekrise og konsentrasjonskrise. Korleis skal me løyse dette?

– Skal me få til å gjere noko her må me ta tak i barns skjermtid. Når barn brukar i snitt 4-6 timar på skjerm kvar dag er det avgrensa tid til andre ting. Me laga eit «barnebarometer» i fjor og der oppgjev 30% av barn og unge at dei ønsker å lesa meir. Då må me gi dei sjansen til det.

 

Få med alle!

– Kva kan me vaksne gjere?

– Eg blir så glad av å sjå at fleire les på T-banen. Ikkje undervurder krafta i det! Vaksne er rollemodellar. Det går på det same om du har barn sjølv eller om du har barn du er onkel eller tante til. Våg å gi ei bok i julegåve!

– Kva er det kjekkaste med å vere barneombod?

– Det kjekkaste er å vere ute og møte folk. Det er så mange på feltet som er på jobb på området og stiller med eit slikt engasjement og vilje til å gjera ein forskjell. Det er utruleg inspirerande å sjå.

– Har det skjedd noko særleg gledeleg i den tida du har vore barneombod?

– Det viktigaste som har skjedd er at me endeleg har tatt tak i og vågar å snakka om dette med barn og skjerm og lesing. For dette heng saman. At me har sterkare medvit om at det ikkje er bra for barn å nytte så mykje tid på skjerm. Den lesebølga me ser starten på no er også veldig positiv. Det kjennest som å vere del av eit godt skifte. Med folk som les bøker på T-banen, det blir lånt meir bøker og folk kjøper meir bøker. Og så må eg og me andre som har innverknad jobba for å få med alle. Me må jobba for at bøker skal vere til stades på dei felles-arenaene me har. Eg syns det er mykje godt på gong, avsluttar barneombod Mina Gerhardsen.