Me gir oss ikkje!
Det som overraska mest i løpet av denne konferansen, var at dei sterkaste møta like gjerne skjedde utanfor scenen.
«Det er håpløst, men vi gir oss ikke.» Sitatet er henta frå eit dikt av Jan Erik Vold, og eg har fleire gonger høyrt det i samanheng med skulebibliotek. Etter desse dagane på skolebibliotekkonferanse i Kristiansand i regi av Universitetet i Agder er trykket på VI GIR OSS IKKE! For snakk om energi og kreativitet.
Me kan ikkje snakka om alt, men la meg gi eit sveip.
Teoretikaren
Leseforskar Tove Frønes snakka med fagleg autoritet og med ferske Pisa-tal å visa til og det kunne jo blitt svært nedslåande, viss ein hadde ønska det. Då er det frigjerande at Frønes har ein heilskapleg innfallsvinkel. Ein av dei tinga eg tek med meg frå foredraget hennar var bilde ho nytta på eit godt skulebibliotek (med ein skulebibliotekar!) Det er som eit godt og variert kosthald – det er ikkje glasuren på kaka, men det er næringa elevane treng, kvar dag.
Aksjon skolebibliotek
Nina Bigum Udnesseter og Anne Brit Ingholm gav oss ei røff oversikt på alt som ikkje er på plass per no i foredraget Hvordan står det til med skolebibliotekene i Norge? Anne Brit Ingholm leiar Aksjon skolebibliotek som arebidar aktivt med å setja skulebibliotek på den politiske dagsorden. Her representerte dei Skolebibliotekarforeningen som Nina leiar og Norsk bibliotekforening Skole som Anne Brit er leiar for. Skolebibliotekkonferansen var eit samarbeid mellom Universitetet i Agder, Stiftelsen LESE og nemnte foreiningar.
Praksisen
Sigrid Briseid og Marte Tovsrud Syverinsen snakka om lesekultur. Saman med Tove Frønes er dei medforfattarar av boka «Lesekultur: hvordan styrke lesing i skolen.» Eg likte veldig godt at Syverinsen stoppa opp og forklarte ein plakat ho viste oss i salen med tittel «Leserens rettigheter,» for der stod det eit par viktige ting. For oss vaksne med mykje leseerfaring er det den største sjølvfølge at me ikkje treng å fullføre ei bok, men ved å seie dette høgt til elevane, så ufarleggjer ein det for dei. Då blir det enklare for barna å legge frå seg ei bok som ikkje fenger og heller velje ei ny som kanskje passar betre.
Beste praksis
Så kom det aller kjekkaste, dømer frå praksisfeltet, og her gjaldt det å henga med. Me møtte skolebiblitotekaren frå Ålesund, Stian Ruud, som hadde hatt ansvar for skulebiblioteket sidan januar, og hadde eit bibliotek i ein gang! Den gangen klarte han å gjere max ut av. Seinare kom Lill Katrin Bødal på scenen. Ho sa opp jobben på eit skulebibliotek i Oslo, til fordel for Voss, der det ikkje var noko satsing på skulebibliotek og heller ingen jobb, i utgangspunktet, før ho klarte å overtyda rektorane i kommunen om at dette var noko dei hadde bruk for. Dette var djupt inspirerande. Djupt inspirerande var det også å høyra på Linda Kristin Bjugn dagen etterpå. Ho ville eigentleg ikkje bli biblioteklærer, for ho syns det var så kjekt å vera lærar. Men når rektor først bestemte at ho skulle bli det så bestemte ho seg for å gjera det beste ut av det. Og du kor bra og inspirerande det var.
Bidrag frå Stiftelsen LESE
Frå Stiftelsen LESE så deltok Eira Kluge og Troels Posselt. Eira presenterte ressursen Lesekvart +, som er eit hjelpemiddel for barn og unge til å kartlegge å forstå eigen smak, slik at det blir lettare å velje bøker. Troels viste dømer frå Les og lek. Denne ressursen er i utgangspunktet laga med tanke på SFO og fekk nye fans i løpet av konferansen.

Det som gjorde aller mest inntrykk
Den siste dagen sat eg og åt lunsj med nokon eg ikkje kjente. Eg spurte kva dei tok med seg frå konferansen? Dei tenkte seg litt om, for slike spørsmål er ikkje alltid lette å svare på. Etter ei lita stund opna den eine personen opp og fortalte om jobben ho gjorde på skulen sin. Ho hadde fått 50% stilling som skolebibliotekar, og no delte til oss andre på lunsjbordet ho om alt ho fekk gjort i den prosenten og ikkje minst kor stolt ho var av jobben sin. Ho fortalte om korleis ho framsnakka skolebibliotek, bad seg sjølv inn på foreldremøte, kjente alle elevane på skulen slik at ho kunne seie til ein enkeltelev: «Det har kome ei ny bok, og eg tenkte på deg, så eg har lagt den til sides. Men det er heilt greitt om du ikkje vil låne den.»
Etter konferansen har eg sett veldig mange glade og nøgde folk. Eg har lese det dei har delt på Instagram og eg har kjent på ein stor styrke og eit samhald som eg trur blir ekstra sterkt nettopp fordi dette er eit felt som seglar i motvind. Denne gjengen her kjem ikkje til å gje seg.
