Bøkene i Tid for ti 2027
No er bøkene til Tid for ti 2027 valt ut! Tid for ti er ein gratis, nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Hjartet i Tid for ti er den årlege, fysiske antologien med utdrag frå ti ferske bøker på nynorsk. Dei ti bøkene vi skal lese i år er ei variert og god blanding av sjangrar, hovudpersonar og tematikk.
Antologien blir send til påmelde skular i januar neste år. Det er framleis mogleg å melde seg på.
PÅMELDING
(Du må opprette ein brukar og tinge det talet antologier du treng.)
Nettressursane vil vere oppdaterte til skulestart i januar 2026. Ein skrivekonkurranse vil bli kunngjort i slutten av november. Ta kontakt med petra@stiftelsenlese.no viss du lurar på noko.

Alt er lov
Tor Arve Røssland
Historisk roman

Fantastiske pi. Historia om eit uendeleg fascinerande tal
Anita Lehmann og Jean-Baptiste Aubin
Illustrert av Joonas Slidre
Omsett av Jørgen Eriksson Midtbø
Sakprosa

Ingen kan nå oss
Hilde Myklebust
Realisme

Flaumen
Sigmund Løvåsen
Illustrert av Kristoffer Kjølberg
Humor

Krysset er alltid ledig. Norge kan vinne VM og andre dikt
Alf Kjetil Walgermo
Dikt

Over mitt lik
Runar K. Dahle
Illustrert av Annette Saugestad Helland
Fantasy

Promille
Tone E. Solheim
Drama

Arne og Hulda Garborg. Saman endra dei Noreg
Ørjan Zazzera Johansen
Illustrert av Lars Henrik Eriksen
Biografi

Raringen. Forteljingar
Kari Stai
Forteljing

Undergang. Nedsmelting
Anders Totland
Spenning