Hopp til innhold

Ut og løysa lesekrisa

Oddmund Kårevik frå Stiftelsen LESE møter Marte Blikstad-Balas. Ho er leseforskar ved Universitetet i Oslo og leiar den regjeringsoppnemnte lesekommisjonen. Kommisjonen starta arbeidet i starten av april og skal levera anbefalingane sine til Kunnskapsdepartementet i januar 2027. Under Arendalsuka skal Blikstad-Balas leggja fram lesekommisjonens arbeid så langt og få innspel frå panel og publikum.

Lesekommisjonen

– Kva følte du då du fekk i oppgåve å leia lesekommisjonen?

– Eg blei veldig glad og stolt og kjenner at det er ei utfordring eg likar veldig godt. Det er også eit stort ansvar og eg tenkjer på lesekommisjonen heile tida.

– Kva trur du det var som gjorde at akkurat du fekk denne oppgåva?

– Eg har eit høgt ambisjonsnivå for den norske skulen og er veldig oppteken av at skulen skal lukkast med å gje alle elevane god leseopplæring. Så likar eg at ting er tydeleg, noko eg veit er viktig i dette arbeidet der me skal svara på noko konkret. Vidare har eg nær kontakt til praksisfeltet både gjennom eiga erfaring som lærar i mange år og i jobben som forskar kor eg er mykje ute og ser korleis det blir jobba med lesing. Til sist veit eg at eg er relativt god på å stå i ueinigheit og blir ikkje redd om me er ueinige internt i gruppa.

– Kva er trikset ditt for å stå i ueinigheit?

– Eg synest det er genuint spennande når nokon er ueinig med meg. Som forskar er det viktig å vere open for ueinigheit og vere open for at eg kanskje har tatt heilt feil heile tida, at ting er heilt motsett.

– Mandatet til lesekommisjonen er at de: skal beskrive hvordan barnehager og skoler kan jobbe med lesing og anbefale konkrete tiltak. [Lesekommisjonen] skal også gi råd til ulike myndigheter. Kva tenkjer du om mandatet?

– Eg tenkjer det er eit sjeldant godt og klart mandat. Eg blir glad av det.

– Er det for avgrensa?

– Eg tenkjer det er ein god ting, for då veks det seg ikkje for stort. Det er tydeleg og seier kva me skal seia noko om og kven me skal seia noko til. Og så synest eg at det er veldig fint at me kan gje råd, til dømes at me kan gje råd til lærarar, skuleeigarar og foreldre.

Dra i same retning

– Kva er den største utfordringa dykkar?

– Den største utfordringa me har fått er at me på eit vis skal løyse lesekrisa. Lesekrisa er stor og samansett!

– Kva handlar lesekrisa om?

– Den handlar blant anna om fallande lesedugleik og leseglede og at skulen ikkje klarer å løysa samfunnsoppdraget med tanke på lesing. Det betyr at me har ein situasjon der elevar endar opp med å velja bort lesing på heilt feil premiss. Dei vel det bort ikkje fordi dei ikkje vil lesa eller ikkje er interessert i bøker eller i ulike skulefag, men fordi dei ikkje meistrar det og dermed ikkje får oppleva kva lesing kan vera. Å ikkje meistra lesing har ein høg pris på mange plan. Fyrst og fremst for det enkelte barnet med låg lesedugleik og sjansane det har på skulen, i fritid, for vidare studiar og i arbeidsliv, men òg for heile samfunnet. Demokratiet vårt treng medborgarar som kan lesa godt nok.

– Korleis skal de løysa dette?

– For å løysa oppdraget er me avhengig av at alle trekk i same retning. Det er utfordrande å få til. Foreldre må lesa meir for barna sine, barnehagane må gje barna gode leseopplevingar, lærarane må ha moglegheit til å prioritera lesing, lærarstudentar må få oppdatert og forskingsbasert kunnskap om kva som er god leseopplæring, kommunane må sikra god nok tilgang på bøker, skuleeigar må følgja med på elevanes leseresultat, for å nemna noko! Det er fyrst når alle trekk i same retning samstundes at anbefalingar frå lesekommisjonen verkeleg kan virka.

Trivst med presset

– I denne veka er du med på eit arrangement under Arendalsveka, der du skal få live-innspel frå panel og publikum, kva forventar du av arrangementet?

– Eg trur det blir kjempegøy. Det er veldig bra at me i Norge har openheit og transparens og at ikkje eg som leiar av lesekommisjonen skal trekke meg attende saman med resten av kommisjonen og kome ut etter 1 år med ein rapport. Å møta folk og diskutera slik det blir ei råd med i Arendal er berre eit gode.

– Er det noko i arbeidet med lesekommisjonen som har fått deg til å endra meining?

– Kanskje ikkje endra meining, men utvida eige perspektiv. Eg har lært utruleg mykje. Særleg frå forskarane og praktikarar frå andre felt enn meg, til dømes dei som jobbar  med  barnehage har gitt meg nye perspektiv. Eg har også lært mykje om skulebibliotek, og me har fått møtt mange dyktige folk som har delt sine beste råd med oss.

– Eg følger med på kvinnetennis. Ei av pionerane der, Billie Jean King, seier «Pressure is a privelege» – kjenner du deg att i det?

– Jaja, 100%. For meg betyr det mykje å gjere noko som er viktig. Det å ha ein jobb som kjennest viktig og meiningsfull er ei sterk drivkraft for meg.

– Vil du avslutta med å røpa noko frå kommisjonens arbeid?

– Alle må lesa meir, seier Marte Blikstad-Balas, og smiler lurt.

 

Les meir om Lesekommisjonens arbeid her